Med Campingbil til Lofoten!
Nr. 8. Til Henningsvær, Storvågen og Kabelvåg....
Henningsvær - "Lofotens Venezia"
Etter ein fin tur på Eggum er vi igjen i bilen, denne gang på veg til Henningsvær. Det er lettskya og naturen rundt er storslagen og flott her også. Litt småstopp vart det og eit par bilder fra turen....
Vi kom til Henningsvær ca. kl. 18.00.
Her var det stor parkeringsplass med mykje folk og bilar. Tydeleg att dette er ein populær plass for turister...Nydeleg vær og eit yrende folkeliv, her var det berre å låse bilane og komme seg ut på byvandring.
Henningsvær er bygd opp på små øyer med bruer innbyrdes og til fastlandet. Eit anleis Venezia :) men så sjarmerende og koselig.
Vi inspiserte puber og hadde middag på eit av byens mest anbefalte spisested. Kan hende var prisen høgare en kvaliteten på boknafisken, men putt, putt, vi hadde det kjempekjekt og mette vart vi.....
Elles brukte vi kvelden til berre å gå rundt å samle opp inntrykk og å nyte atmosfæren. Det er herleg å vere turist i Lofoten....
Elles så blir ein jo sliten etterkvart etter slike dagar og kveldar :) ikkje alt er det alle som bryr seg om å sjå heller...Stor applaus vart det for at nokon endeleg har skjønt det og gjort noke med det....
Mannfolkparkering!!!!
Men seglbåtar det har alle interesse av.....
Rannveig og Olav er erfarne seglarar, og dei fortel og forklarar tolmodig til oss som berre har feriert for det meste på landjorda. Men no har endeleg desse to kjøpt seg campingbil (etter nøye vurdering i x- antall år) Så da er det berre for oss også å vise interesse for framkomstmiddel i det våte element. Må jo berre tilstå at eg er sjuk av misunnelse kvar gong Arild fær ut fjorden :)....
Det vart ein fin kveld, og dersom vi er heldige får vi med oss midnattsola også!
Det ser lovande ut :)
I mellomtida er vi tilbake i bilen og legg litt planer for dagane framover.
No hadde vi jo lenge visst at Ray fra Stongfjorden var på veg opp over i seglbåt. Arild har formidla kontakt både på faceboog og over tlf. Ray var no i Moskenes og etter planen ville han annkomme Svolvær ut på ettermiddagen i morgon. Derfor planlegg også vi og tilbringe morgonkvelden i Svolvær...
Men først er det ut å fange midnattsola....:)))
Sola's gang mot natt!
Natt!!
Snart søv alle :)
Søndag 4.juli var ein dag med overskya vær og med litt regn i lufta og 13 + grader.
Vi reiser frå Henningsvær med eit ønske om å komme igjen ein gang....
Vårt første lange stopp no blir Storvågen, like ved Kabelvåg. Her er mange avLlofotens store atraksjoner. Først hadde vi eit besøk i Galleri Kaare Espolin Johnsen. Der var ei fantastisk samling av hans særprega nordnorske billedkunst.
Var og på Lofotakvariet med havets vekstar, fisk og sel.
Vidare vandra vi mellom husa på Lofotmuseet. Det var kjekt å sjå denne gamle velhaldne væreigargården med naust og uthus rundt. Det var velstelt og hadde beheldt sine særeigenheiter fra svunndne tider.
Alle bilda her er fra museet
Inne i det grå huset!
Eit lite besøk i Kabelvåg vart det også. Vi gjekk rundt på kaiane og såg på seglbåtar og andre båtar - mykje fint å sjå :)
Det som vi likevel huska best igjen frå Kabelvåg, var nokre kjempegode "heimelaga" fiskekaker.....
Frå Kabelvåg :)
Kabelvåg kyrkje ligg også her. Det er Nord-Norges største trebygning og landets største trekyrkje med 1200 sitteplasser. Lofotkatedralen kallast den.
Lofotkatedralen - oppført i 1898.