tirsdag 27. september 2011

Septemberdagar i Naustdal.

Tirsdag var også ein dag med regn.

...men det hjelper ikkje å sitte inne å sture...

Klikk gjerne på bilda for å få dei større...



Eg er så heldig å ha ein turkammerat som blir "hoppende glad" kvar gang eg kjem på besøk.
I dag hadde vi ein fin morgontur på Kletten og sola var også med ein periode.
Her ved denne hytta kom derimot regnbyga igjen med full styrke, men eg kunne sjå at inne i Førdefjorden var det ein liten lysning... 






Jack er ein grei kar. Vi har inngått ei avtale om at eg ventar på han når han skal snuse og markere. Han set fint i ro og ventar på meg når eg tar bilder.



For sikkerheitskuld fann eg det tryggast å feste tauet hans her. Men nok er nok, her tar vi saken i egne labbar og tenner :)


Vi kom oss avgårde, og hadde ein fin tur tilbake i eit vått landskap - men sola titta igjen fram :)


Vel heime kosa eg meg og las siste nytt fra noen blogger. Vart så innsperert av ei kreativ dame på Atløya som hadde rydda i kjøkkenskuffene sine og baka brød av det ho fann der...
Det gjorde eg også...:-))


Her er resultatet...
Kom gjerne på kaffi :-))


Ha ein fin kveld!!

søndag 25. september 2011





Septemberdag langs Nausta.

Eg hadde bestemt meg for at dersom det ikkje vart regn i dag, ville eg ta ein tur til Vonavatnet.
Køyrde oppover på morgonen i overskya og litt disigt vær.
Ein del bilar var parkerte ved vatnet, så det var nok besøk på hyttene...
Planen var å gå ein tur inn over i fjellet, men i dag var ikkje vårt valg av fotty det rette, det var sørpevått i marka. I Vonamarka er det eit vakkert tereng, og vi har gått mange turar inn over her, men mest på vinteren...



I dag vart det berre litt fotografering her oppe. Det var fint, men det skulle ha vore sol.... 
Fargane i skogen er heller ikkje så intense som dei plar vere på høsten - det er nok alt regnet
som gjer det.






Desse bilda er tatt på flata etter den svingete bakken -  som alltid var full av is - seint på ettermiddagen -  då vi kom ned igjen fra skituren :) - og var kjempekrye dersom vi forsatt sto på skia...:-)) ( lenge siden )





Så er vi nede ved Nes.
Tar ein liten tur over våte marker og finn ei grind...


Sauene lurer på meg, men eg vil berre fotografere fossen...


Mykje vatn i elva etter store nedbørsmengder...


...men lyset mangler, så ein dag med lettare vær, vil eg tilbake hit...


Kort lukketid...




...lang lukketid...




Så går eg gjenom grinda og tilbake til bilen..


Utsikt fra Svorstøl..
Lenge siden vi har vore her....


Tilbake til Kalland.
Fred og harmoni under det flotte  treet...


Utsikt ned over Nausta ...







Det er mange fine grender opp gjenom Naustedalen. Skulen på Horstad ligg her....




  Horstad



 ....og eit gamalt tre....

Det vart ein fin søndagstur, uten regn...
Bilda skulle vore mykje meir fargerike, - men det var slik det var i dag...:-)

Har stor tru på at fineværet kjem denne veka :-))

Takk til doke som var med til Vonavatnet!!


Ha ein fin kveld!

fredag 23. september 2011



Septemberdager i Naustdal.



September har vore ein mnd. med mykje regn og gråvær. Men ein og anna dag har sola slept igjenom skylaget og laga litt lys og varme.




Her på Sanden fekk Budeia sole seg eit kort øyeblikk...


...før regndropane igjen gav henne ein dush...


Såg ut for at alle båtane låg pent i rekkene også...


Regnbogen kom også på himmelen. Er litt vanskeleg å sjå kor gryta med gull er, men trur nesten det må vere der som den nye barnehagen skal stå...:)



Så var det dager som var fine, og lokka meg og Jack heilt på Kletten.


...heilt ut var vi, og utsikta var fin. Eg tenkte at her er det lenge siden eg har vore... :)


kjem du...??



Ein sommerfugl trefte vi også. Hunden fekk beskjed om å sitte heilt iro så eg fekk ta bilde, med meir eller mindre vellukka resultat...:)


Så var det runden rundt Naustdal som gjenstod. Her er fint langs elva, berre synd at det gror igjen med skog over alt.


Frå brua er det god utsikt til Øyrahaugen -  her er det mange gode minner fra...:))
Kan hende om vi ser godt etter, ligg den gamle plankehytta godt gøymt inne i granskogen ennå...



så kom det ei "blå sky" i dag også...
Førdefjorden var stille og fin og gav eit flott bilde til dei som for ut over til Vevringutstillinga som oppna i dag...



Måsen vart glad og stod på ein fot og skreik...



Igjen vart det ein fin ettermiddag på Sanden...


....og Budeia fekk igjen sole seg...


...og blomsterfluga kosa seg med godsakene i nypehekken... :)


Takk for at de vart med på ein liten tur til Naustdal...

Ha ein fin lørdag :)

torsdag 22. september 2011




Ein septemberdag i Askvoll.

Igjen har vi hatt ein dag med regn og gråvær...
Eg hadde ein rask tur til Askvoll og "tilfeldigvis" hadde eg med kamera i bilen :)
Akkurat då eg parkerte på kaia, kom det nokre forvirra solstråler og laga litt lys og fine motiv i Askvoll.



Askvoll Brygge var eit lite øyeblikk bada i sollys, før regnet igjen hølgja ned...


Regnbyger i det fjerne


 Kystgården i Askvoll med tre foretninger:
Malia Askvoll
Askvoll Møbler A/S
Askvoll Expert - Askvoll Elektriske A/S

Fekk akkurat tid til ein fotoprat med Herfinn på Ekspert :)
Tove spanderte nydeleg kaffe - tusen takk :)



Den nye ferjekaia fekk også litt ekstra glans av sola...


...ein liten tur ut på kaia...


...for å få med eit ferjeanløp...
Om ferja kom fra Bulandet eller Atløya veit eg ikkje, men passasjerene kom på land då ei ny regnbyge starta...



På tilbaketuren var det ein liten pause i regnbygene, og av Heilefjellet fekk eg  med meg dette bilde.

Eg ønsker meg fine høstdager med sol, fine farger i skogen, litt varmere dager og lune kvelder med vakre solnedganger ...
Det kjem nok....:-))

Igjen - takk for besøket på bloggen!

Ha ein fin kveld :-)