fredag 31. august 2012

Boulogne - Le Treport. Bobiltur 2012. Del 3

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 Med bobil i Europa
 
 
 
 
Fra Boulogne til Le Treport
 
 
 
Klikk på bilda for å få dei større! 
 
 

St. Valery - ei lita perle



Morgonen på bobilparkeringa i Boulogne var nydeleg, nesten forgale og reise her ifra.
Men kl. 7 hadde vi kaffi og kornflakes i magen og klar for tur vidare.
 
 

 
Det er fine vegar i Frankrike, behøver slett ikkje køyre motorveg for å komme fort fram.
 
 

 
Snart var vi framme ved området der elva Somme renn ut i havet i ein diger bue med sanddyner og sandsletter. Ved  lavvann kan havet trekke seg 12 km. tilbake og etterlate seg enorme horisonter og ei fullstendig ro.
På kvar side av denne bukta ligg to sjarmerende byer.


 
Den eine er St. Valery
Den er ein liten gammel by med bymur, promenader og nydelege blomster...:-)


Vi tok ein tur langs elva og dette  er det vi fekk sjå...

 
 
 


Etter ein morgon med mykje køyring, var det heilt hærleg å komme til ein slik plass.

 

Her var det fred og ro...

 
 
...og eigentleg var det berre å sette seg i skyggen under dette treet og la desse flotte omgivelsene synke inn...
Her var nok sådd med blanda blomsterfrø.
Eit lite eventyrrike var det...:-))
 
 
 

 
 
Her var det muligheiter til å vere med ut og oppleve kanalar, tidevatnet og havet utanfor.



 
 
Så er vi igjen på vegen....
  
 
 
Det er koselig å køyre igjenom desse småbyane...
 



 

Ville de Ault
Litt opplysninger om Ault og omgivelsene rundt under denne lenka.


http://translate.google.no/translate?hl=en&sl=fr&tl=no&u=http%3A%2F%2Fwww.ot-ault.fr%2FMULTI%2Findex.php
 


 
Hadde ønska meg sol når vi skulle besøke desse flotte klippene. Trur nok kveldslyset hadde vore med og gjeve eit anna inntrykk. Her er det regn i vente, men likte egentleg denne duse blåfargen også.
 
 
 
Her er flott og annleis. eit heilt spesielt landskap...
 

 
 
Sjøen er kommen heilt inn til klippa, skal vi komme over til den andre delen, må vi enten klatre eller gå ein heil omveg rundt og opp på klippen...
 

 
 
Dette gjekk jo bra...:-)
 



  Så er vi over på den andre sida
 
 
 Og vi kan beundre både klipper, fargar...
 
 
 
...og sjå om det blir fangst her...:-)
 
 

 
 
Ein tur over klippene vart det her også, og utsikta over byen var flott.
 
 
Fint var det den andre vegen også, med blomstereng og regn i lufta.
 
 
 
Litt meir utsikt over  byen før regnet kom og vi spring ned igjen mellom gatene...
 


 
 
Ein av dei ting som har vore artig på denne turen er å sjå forskjelen på byggestil og matrialer husa er bygd av.  Dette varierer mykje fra distrikt til distrikt.
 


 
Dei er gamle mange av desse fargerike husa
 
 



 

 

Kyrkja i Ault
 
 
 


 
 
Artige hus...
 

  

 
Så er vi igjen på farten og reiser videre til Le Treport
 

Fra havnområdet i Le Treport
 

 
  
Også her i Le treport er det ei elv som renn ut i havet - elva Bresle
På kvar side av elva ligg to av Frankrikes eldste badebyer.
 
 


 
Le Treport  i vest er ein viktig fiskerhavn, og fersk fisk og sjømat er standard på dei travle restaurantane ved kaia.

 
 
 
Her ser vi den store forskjelen på flo og fjære.
 


 
Enorme mengder med teiner var stabla her på kaia
  

 
 
Her er det tidevatnet som bestemmer kortid båtturen skal vere.
 
 
 
 
Det er mange rare fiskeredskap...
 


...alt må fungere som det skal...
 
 
 
...så er han ferdig til å begynne. 
Veit ikkje ka han fekk inn i denne " nota"men fangst vart det...:-)


 
 
Utsikt mot vestsida
 
 
 
 
Mers-les-Bains på den andre sida av elva har den finaste stranda og ei lang rekke med flotte 1800-tallshus i art nouveau-stil, med snirklete balkongar og nydeleg flisarbeid
  

 
 
Her må ein gå mange turer fram og tilbake og verkeleg få med seg alle dei flotte detaljene.
 



 
 
I sterk kontrast til den fargerike husrekka, ligg dei små og sjarmerende badehusa.
 
 
 
Bli også med på ein tur på den nydelege stranda
 





 
 
 
Så er det kveldslyset som legg sitt gylne skjer over klipper og hus
Legg merke til kor like fargar dei har - husa og klippene...
  






 

 
Vi avslutta kvelden med ein tur på klippetoppen, og på vegen opp gjekk vi forbi den flotte kyrkja
  

 
 
Utsikt over byen...


 
 
...og havet...
 


  
 
 
Så er det tilbaketur til campingplassen.
Har hatt ein lang dag/kveld i byen, men det er så fasinerende og gå på slike stader at tida går fort.
 

 
 
Som de kan sjå, er no sjøen komme inn i havna. Båtane har blitt flytande og vi får eit heilt nytt bilde og inntrykk av havnområdet.
 


Ca. 20 min brukte vi å gå fra havnområdet og
 tilbake til campingplassen.
Ein fin tur i måneskin...
 
 
 
Då får vi sjå når morgonen kjem
 om vi skal bruke meir tid her eller vi skal dra vidare.
 
 
 
Takk igjen til alle som er innom bloggen :-)
 
 
 
Ha ei fin helg !