lørdag 31. mai 2014

På tur i Grimelia.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
På tur til Blåfjellet
Grimelid, Askvoll
 
 Vi har hatt fine dagar i det siste som oppfordrar til fjellturar.
Turterreng har vi i massevis rundt oss her ute i Stongfjorden og i dag tok vi turen til Blåfjellet
Dette er ein tur på eit par timar.

 


Det var lettskya og fint når vi starta på turen frå Grimelia.


Grønt og frodig i bakkane......og litt nordavind gir havet fin farge....


....og ei fantastisk utsikt ut over Stavfjorden til øyane utanfor.


Snart kom vi opp til dei gamle kopargruvene og slagghaugane frå gruvetida på 1700 og 1800 hundretalet.


Spennande å sjå dei gamle gruveinngangane...


...det var imponerande å sjå disse gamle røysane.



Flotte vidder når vi kom lenger opp...


...og fint å gå på god sti.


Enger med myrull.....


...og utsikta mot vest imponerande.


Vi ser Blåfjellet som ligg der oppe...


.... og utsikta vart flottare dess høgare opp vi kom.


Vi ser her vestover mot  Follevåg . Atløyna i bakgrunnen har hette på seg idag...!


På toppen  må vi skrive oss inn i boka...
...det har vore mange her før oss !!


Vi ser her mot Skålefjellet i Stongfjorden.
( med kikkarten såg vi folk på toppen - det var nok Linda :-) )



Fin vandretur...


...og kjekt å gå bak å snikfotografere...:-)


men ups, der vart eg oppdaga...


vel, eg prøver meg til igjen...:-)


Så er vi nede ved gruvefeltet igjen
 og det er fantastiske fargar i desse fjellpartia.



 

Og så måtte fotografen fotograferast...


Ned mot Grimelia...


...er det fleire minne om gamle dagars gruvedrift.



Og utsikta må berre nytast!





Sauene likar seg i matfatet....!



Grøne engar med Høgeheia på Stavenesodden i bakgrunnen....


....og Tansøy og Askrova mot nord-vest.



Det var ein kort, men fantastisk tur.
Bli gjerne med Indre Sunnfjord Turlag på denne turen søndag 1. juni
Dei startar fra Grimelid Kl 11.00


Tusen takk til alle som er innom bloggen.


Ha ein fin sommerdag :-)

tirsdag 27. mai 2014

På tur til Kvivsvegen, Runde, Stryn, Oldedalen og Briksdalsbreen.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
  Sunnmøre og Nordfjord.


 
Weekendtur med bobil
til
Kvivsvegen
Runde
Stryn
Oldedalen
Briksdalsbreen 
 
23.-25. mai 2014 


Klikk gjerne på bildene for å få dei større ...


Campingbilen var tatt ut fra vinterlagring og årets første tur var klar til start.
Vi hadde to gutar som var klar for campingliv, og ønskemålet var ein tur til Runde med kveldstur på fuglefjellet.



Det var lettskya men mildt då vi starta fra Stongfjorden,
men det letta gradvis opp etterkvart som vi kom opp til Nordfjord.
Her ser vi Breim med den spisse Eggenipa i bakgrunnen.
Det ligg eit tunt lag med tåke over vatnet og litt småregn ligg ennå i lufta.


Tåka ligg fint over vatnet..


....og Byrkjelobygda har grøne lier og enger...!


 Skåla med det populære tårnet ligg der og ventar på våren!


Stram kar på tur...!


Fantastiske Olden !


På veg vestover mot Horningdal


Vi stoppa for overnatting her på Aurstad Camping som ligg langs den nye Kvivsvegen.


Nydeleg nede ved fjorden....
 

 ....irrgrøn og stille fjord, men det hadde blitt værforandring i løpet av natta.
No låg tåka langt nede i liane.

 
Gutane har derimot hørt at dette var godt vær for fisking...
...så her vart fiskelykka prøvd men med negativt resultat...!!


Vi var etter kvart klare til å dra vidare...


Kvivsvegen mellom Grodås og Volda gir mange flotte naturopplevingar.



 Vi kom til Runde på føremiddagen der det var skodde i fjella og vind på havet.


 ...ikkje akkurat den trivelegaste staden denne dagen, men vi fekk sjå øya i gråver og...


...vind.


 Campingplassen ligg fint til ved sjøen,,,,


 ....og utsikta mot fuglefjellet er flott !


Ved fyrlykta var det spennande...



......bårene braut mot skjæret...


 ....og gutane Even og Henrik kosa seg...!



 ....men no var det nok av dette noko ufyselege veret...
Vi bestemte at fuglefjellet skulle få besøk ein anna gang...


....så vi returnerte same veg attende mot Stryn...


 ....der det var både sol og varme...
Vi ser her mot Olden....,


...men først eit stopp i Loen.


 Innover Oldedalen var det berre heilt fantastisk denne dagen.
Blikkstille og grøne bøar og kvitkledde fjell...


 ...og utleigehyttene ventar på innrykk !


Vi fann ein flott campingplass med gode fasilitetar ved vatnet.
Gryta Camping.


 Irrgrønt vatn og blikkstille søndag morgon.


 Skodda låg nedover fjellsida på føremiddagen, men naturen er fantastisk!


 Vi er på veg til Briksdalsbreen.
Dette er eit ynda fotomotiv...!


 Frodig og fint.


 Fantastiske armen av Jostedalsbreen ligg framfor oss!





 Det var mange skuelystne turistar frå mange land !



Familiebilder må vi også ta...


 ...før vi ruslar vidare,,



....ved det iskalde brevatnet er det ein som skal bade...


 ....men det vart vist for kaldt...



...men spennande og kjekt er det...






Det var ikkje den store mengda med is som kom denne gangen, men nok til å forstå at det er viktig å respektere grensene over kor nær breen ein kan gå...



Så er  vi ferdige og vi tar til på heimturen


Det ventast turistar i småsko;  her ligg dusinvis av gummistøvlar og ventar på dei..!!



 Ein varde må lagast på ein slik stad....


 ....men luringen til venstre har vist noko på gong...!


Kven klarer å hoppe ut på steinen uten å få våte sko...?


Henrik veit råd... :-)


Flotte barnebarn !



 Og så måtte alle samlast ...før returen !



 Flotte fotomotiv er det mange av...


 ...og vi måtte ta eit bilde til mot brua og fossen!
Tre store bussar med Spanjolar viser godt igjen på bru og vegen ...:-)



Oldedalen denne søndagen var som eit glansbilde...


 
...og slik var det i Solheimsdalen då vi seint på kvelden reiste tilbake til Størdal.
 
 
Tusen takk Even og Henrik for ein kjempekjek tur ilag med doke :-)
 
Takk til doke som besøker bloggen !
 
Ha ein fin kveld :-)