onsdag 15. august 2018

På tur til Alden !













Alden
 
 
 
 
 
 
Tur til Alden 14. august 2018
 
 
 
 
På ein av våre turar til Staveneset møtte vi Harald som fortalte at han hadde tenkt seg  ein tur på toppen av Alden.
Det var ikkje vanskelig å takke ja då han ville ha oss med.
 
 
 
 
Alden er eit av dei mest karakteristiske fjella på vestlandskysten.
Alden ligg i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Øya ligg mellom Vilnesfjorden og Tvibyrge/Atløyna og blir også kalla Norskehesten og Den norske hest.
 
 
Klikk gjerne på bilda for å få dei i stor format. 
 



Her viser Stongfjorden seg frå si aller finaste morgenstund, og
dagen er som skapt for tur både på land og sjø
 

 
Då Harald kom med båten for å hente oss, var vi klar til å hoppe om bord.
 
 
Markene er ennå grøne og fine, så er Inge heldig, får han  noen ekstra rundballer ut på hausten...
 

 
Mellom høge fjell og stille fjord er det fint å nyte sommaren.
 
 
Det er ein flott opplevelse å sjå fjorden så blank og fin.
Snart passerer vi Råneset på turen vidare ut i havet.
Frå båten kan vi beundre dei nydyrka markene til Rune.
Stor honnør til han for eit fantastisk arbeid her og andre stader rundt fjorden !
 
 
På turen ut passerer vi holmar og skjær.
Nokre med hus på, men dei fleste uten.
Harald fortel om gammal busetnad  på øyar som ligg lenger ute i havet og som vi skulle tru aldri kunne bu folk på.
 
 
Flotte formasjoner og vakre fargar…
 

 
Så er vi framme under Alden.
Den er lett gjenkjennelig der den stig nesten loddrett rett opp av havet...
 

 
Her kan vi sjå litt av stien vi skal gå for å komme til toppen.
 


Var ein liten snartur inn om Værlandet gjestehavn.
Her ligg Tante Gry's pub, gjestekai, båtverksted og kro.
Sykkelutleige for dei som vil sykle over 6 bruer til Bulandet 
og her  blir det også formidla skyss over til Alden for dei som vil gå på fjelltur der.
Som det viser på bilde, så ligg også Norsk Sjøfuglsenter også her.
 
 
 
Så ser vi inn i den vakre bukta i Alden
 
 
Kunne ikkje fått ein finare turdag...
 
 
Så er det berre å fortøye båten, få sekkane på ryggen og starte på turen...
 

Her herskar fred og ro, og vi nyt med glede den fine naturen rundtt oss.
 

 
 Høgt heng dei og sure er dei sikkert også, men pynta opp i naturen gjer dei…

 
Det er berre vakkert...
 

 
 Rognebæra er begynt å bli røde og gjev ein fin kontrast til det grå og bratte fjellet

 
Her er karane i godt driv,
eg som hadde eit lite forsprang leiar enn så lenge...:-)
 

 
Utsikta er fantastisk...
 
 
...og må beundrast…
 
 
Samme utsikta, men etter høgre vi kjem blir det meir oversikt over havet og øyane der ute.
 

 
Det er bratt opp over i  liane og det gjer godt med ein pust i bakken.
 
 
Det er så fint !
 
 
 Harald fortel om skipsleiar og skumle farvatn
Vi ser mange øyar og skjær, men like mange lurer under havflata og gjer dette til eit utrykt havstykke.

 
Det er fin sti heile vegen, men av og til veks det høg lyng på begge sider.
 


 
Her ser vi ut til høgekletten i Værlandet.
Den vart besøkt tidlegare i sommer.
Det er ein kort, men bratt tur.
Ikkje problem å komme opp, det er kjettinger å holde fast i på det brattaste punktet.
 
 
Så er vi på toppen - blått fjell så langt du ser...:-)
Her ser vi heilt inn i Stongfjorden og Herland nærmast.
 

 
Kjekt å vere på tur med folk som kan alt om områda vi ser i det fjerne.
 



 
Så er det matpause...
 

...og div. apper om høgder og div. som må sjekkast…
Kartet synte 478 m.o.h, appen synnte 470 m....
 

 
På fjelltur treffer vi alltid hyggelige folk
dette var tre av dei …
 

Nyter utsikta ...
I klarveret i dag kunne vi skimte 8 oljeplatformer ute i havet.
 

 
Plutselig kom det ei ørn over fjelltoppen og sveva vidare ut i det blå...
 
 
Så er det på tide å begynne på nedturen...
 
 
Kan vere meir utfordrande det en å gå opp over...:-)
 

 
Turen ned gjekk fint, sola varma godt i bakkane
 og la eit mjukt skjær over husa i Alden...
 


 
På kaia i Alden var det lagt til ei fin seglskute mens vi var på tur.
 



Snart er vi og andre som var på tur denne dagen på veg ut frå havna.

 
Værlandet vart besøkt på heimturen også, og her er litt fleire bilder fra vakre havna i Værlandet
 

 
I detter vakre området har Tora Reiser  https://www.torareiser.no/vaerlandet eit sjarmerende hus som dei leiger ut til reisende som vil tilbringe nokre dager på Værlandet.
Huset har sjel, og  mange sengeplasser...:-)
 




Vi hadde også ein runde forbi Værlandet Havhotell
 

 
I deira brosjyre står det at hotellet ligg der himmel og hav møtest, og det stemmer apsolutt…
Hotellet har 14 gjesterom totalt,  fordelt på 8 dobbeltrom ( 6 familierom og 2 handikaprom )


 
Så er vi på heimveg.
denne gangen på andre sida av Alden.
Vi var på toppen til venstre, men det går også ein fin sti over flatene for dei som vil ta turen til toppen til høgre.
 


Harald er lommekjent i dette området og loser oss trykt fram mellom holmar og skjær.

 
Trur ikkje det er så mange dager for året at havet er slik
 

 
 
 Vi hadde ein fin tur tilbake. Husa og landskapet fekk ein litt anna glød i den låge kveldssola.
 
 
 Med utsikta frå båten over den stille havet, viste eg at denne kvelden måtte bli fantastisk.
Ein liten solnedgangstur til Staveneset laga ein fantastik ende på ein flott og opplevelsesfull dag.


Alden går til kvile på eit blikkstille hav ...




Tusen takk,  Harald og Atle for ein flott tur med doke.
Dette var ein  fine opplevelser og ta med seg inn mot ei mørkare årstid
 
 
Ei ekstra takk til Harald som tok oss med på  båten ut mot Alden.
 
 

Stor takk til doke som besøker bloggen - del den gjerne om de vill :-)