tirsdag 18. januar 2011


Med campingbil til Lofoten!

Har lenge tenkt at eg skulle lage eit lite samandrag av alle bildene mine frå Lofotturen. No når det er dårleg vær og lite freistande å farte ute, passar det godt å jobbe med dette.

Den 19. juni var bilen og vi klar til å starte på den planlagde turen til lofoten.
Det vart ein tur gjenom flott og varierende landskap og vekslande vår og temp.

Heime hadde det vore ein kald og vindfull vår, og slik var det den dagen vi starta også.



Vårt første "stopp" hadde vi i Skorva :) Der trefte vi gode venner (og turkammerater på mange Europaturer) på veg til Askvoll. Vi ville gjerne hatt dei med på denne turen også men denne gangen vart det berre med gode råd og tips siden dei hadde vore nord over før.









Vi hadde ein fin tur mot Strynefjellet og Geiranger. Ned mot Geiranger var det tette snøbyger, og vi vart litt engstelege for veien videre mot Ørnesvingane. Vi hadde ikkje berekna vinterdekk på denne turen her, men det gjekk bra likevel. Vi overnatta på rasteplassen der oppe. Det var kaldt og nesten vinterstemning, så vi håpa ikkje at dette været skulle følgje oss vidare.





Fra Valldal


Syrinblomstring i Valldal


Gubrandjuvet


Mot Trollstigen



Det nye utsiktspunktet på Trollstigen er under arbeid.

Utfordringar på Trollstigen.


Vi hadde i dag ein fin tur gjennom Valldal. Sjølv om syrenene blomstra, var vi nervøse for dei frodige jordbærplantene som voks som perler på ei snor. nysnøen var faretruande nær.
Vi stoppa også og såg på den mektige fossen Gubrandjuvet.
Så gjekk turen vidare ned Trollstigen og til Molde.



Rose, kjøpt i Molde - veks i Størdal



Det vart ikkje stopp i Molde denne gangen. Molde er forøvrig einsbetydande for oss med mange hyggelege besøk hos Kari og Ingvar. Likeins utallige jazzfestivaler med rekefest på Hjartholmen og med påfølgende konserter etter på.

Vi kjøyrer no mot Bud som er eit flott fiskevær ytterst på Romsdalskysten. Ergon fort ligg også her og er verdt eit besøk.



Frå kaiområdet


.....også fra kaia


Det er fint å gå her å kjenne lukt fra deisel og høyre båt og fuglelydar.


Frå Bud kjøyrer vi no vidare på den flotte kystvegen nord over. Den ville og berykta Hustavika ligg utafor.



Hustad


Vidare drar vi over Atlanterhavsvegen med sine 8 bruer. Her er der flott i all slag vær. Mange er det som står på bruene og fiskar og fisk får dei  også etter navnet på ei av bruene å dømme.




Storseisundbrua

 Det er stille ved havet i kveld


Ein Sunnfjording :)


Vi overnatta her mellom bruene. Litt regn og vind på natta og 10 + på morgonen.....det er sommer ...Kjøyrer no videre til Kristiansund, så til Valsøyvik og Fjærli. Der vart vi godt tatt imot av Ove og Borghild. Hadde ein koseleg ettermiddag ilag med dei, men tida går fort i hyggeleg selskap og kl.18.00 var vi i bilen igjen.
Det vart ikkje bilder fra Fjærli, men eit minne om eit fantastisk godt Trøndersodd hadde vi med oss vidare. Tusen takk for ein nydeleg middag!

Vi kjøyrer no ein strekning der det går ganske kjapt. Trondheim, Steinkjær og Namsos låg snart bak oss. Her var det ikkje snakk om fotostopp. Han er ganske streng med meg sjoføren, når han snur den sida til. Det var mange flotte motiv som ikkje kom på brikka den kvelden....tordenværskyer med flotte fargar og alt.....:)

Kl. 23.00 stoppa vi på Bjøra camping ( ein fin og enkel plass med greie hytter ) der Målfrid og Jon Asbjørn venta på oss. Dei hadde vore i Lofoten og var på veg heim. Med seg hadde dei mange tips og gode opplevelsar som dei delte med oss. Det var ein flott kveld / natt ilag med gode venner. tusen takk for hyggeleg selskap!
Jon Andreas har flott fruktgård i Balestrand og der veks det kjempegode epler. Pass på, til hausten står han på torget i Førde....:)

Ut på føremiddagen den 22. juni drar vi vidare mot Rørvik. Her fekk vi med oss ein sideveg som ikkje var så bein som vi hadde tenkt  ...heldigvis er det inga skam å snu :) Det er ikkje alltid vi kjem snarare fram om det kan sjå slik ut på kartet.....
Når slike situvasjoner oppstår, er det ikkje alltid vi er einige....:) så eg såg det slik an at eg gjerne ikkje skulle be om noke fotostopp.....så derfor vart det lite bilder...







Desse bildene er fra Flakkan og Øie naturreservat og fuglefredningsområde.


Dette er eit våtmarksområde med eit rikt og variert fugleliv. Det ligg 17 km. nord for Høylandet sentrum og er godt tilrettelagt for turar i området. Her oser det av fred og ro......







































9 kommentarer:

  1. Det skal verte kjekt å bli med vidare

    SvarSlett
  2. Så kjekt Arild, at du vil vere med på turen:)) Det kan nok ta si tid, men eg har bestemt meg at eg skal både opp og ned igjen.Det var i Lofoten det var spesiellt kjekt og ta bilder, det bleikna litt på heimturen. Dagen etter vi var heime hadde eg ein av mine mange Stavenesturar, og då tenkte eg at jammen er det nesten like flott her....
    Ha ein fin kveld og god bedring!!

    SvarSlett
  3. Flotte bilder,skal nok følge deg vidare.

    SvarSlett
  4. Kjekt å ha deg med Aud :))Etappane kan nok gå litt i rykk og napp, men eg kosar meg med dette!Det er nesten som å oppleve turen oppigjen :)
    Fin kveld til deg også!!

    SvarSlett
  5. Har reist med hurtigruta til Kirkenes og tilbake, utrulig fin tur.Mange fine plassar særlig Lofoten,Vakkert,gleda meg til forsettelsen.

    SvarSlett
  6. Det er sikkert fantastisk, kunne godt tenke meg det eg også. Skulle gjerne fått med meg litt nordlys :)
    Kjekt du heng med Aud, ....eg har laga eit nytt innlegg, det vart så mykje rulling.....

    SvarSlett
  7. Kjekt å følge turen Dokkar:) Reiste samme ruta sjølv og stoppa på nesten samme plassane:) Eg hadde eit fantastisk fint ver på Bud, Hustavika og over bruene.
    Eg reiste ikkje lenger enn til Steinkjer og Snåsavannet.
    Kjekt med nye bilder og informasjon:)
    So desse sidene vil eg ta fram mange gonger:)Men det gjer eg no med dei andre blogginlegga dine og:)
    Flott Blogg og kjekt at du skriv litt kommentarer og deler med oss andre!
    God helg til deg og Atle:)

    SvarSlett
  8. Masse flotte bilder frå turen, gler meg til resten!:)

    SvarSlett
  9. Takk til doke også Reidun og Janne :))
    kjempekjekt at de er med. Det var ein kjekk tur og i Lofoten er der berre flott!
    Eg har alltid laga fotoalbum fra turane våre før, så dette er ein ny vri:))
    Ha ei fin helg alle her!!

    SvarSlett