mandag 24. januar 2011

Med campingbil til Lofoten !


Nr. 4. Fra Bleik, Sortland og Nyksund....

Dobbelklikk for å få større bilder!








Bleik er eit sjarmerande fiskevær på yttersida av Andøya. Staden er kjent for sine praktfulle omgivelsar og den særprega klyngebebyggelsen som utgjer fiskeværet, Bleikstranda og Bleikøya.
Bleikøya er eit av dei største fuglefjella i Norge, her er bl.a. 80.000 lundefuglpar,skarv, alke, lomvi og havørn.
Næringslivet er for det meste fiskeri og turisme.



Det er fredeleg her ute ved Bleiksøya






Kunst frå havet :)


Etter 1 overnatting her ute, avslutta vi opphaldet med ein tur på stranda. Det var sterk vind, tåke og regn. Sjølv om ikkje det var full klaff med været, så er det slike dagar det er mest av her ute, sa dei som budde her....For oss var det eit fantastisk opphold, og klær har vi med oss :)

Vi reiser no videre mot Sortland. Masse molteblomster og enorme myrar, ein fantastisk natur.
Vi køyrer no på yttersida av øya, vegen går for det meste ut mot havet. Tok ein del bilder, men regnet og tåka har vi delvis med oss, så kvaliteten på bildene vart der etter.



 Strandtur på Bleik


Regnbyger! 


Fra Yttersida


Livet på landsbygda :)








Vi nærmar oss Sortland


Sortland


Vi passerer Sortland og køyrer mot Sigerfjord.Undervegs har vi telefonkontakt med Jarl som geleida oss pr. telefon oppover bakkar og nedover bakkar :) Vart tilslutt plasert trygt på ein flott parkeringsplass  med kjempe utsikt over staden og tatt imot med opne armar av Merethe og Jarl. Kjenner at det er utruleg kjekt å møte igjen familie og venner!!
Kaffi og koseleg prat i 3 timar og avtale om møte i Holmedal seinare på sommaren.
Tusen takk for eit flott avbrekk på turen, Merethe og Jarl !!! :))

Då er vi i bilen igjen. Med oss har vi opplysninger om div. stader vi må besøke og andre gode tips. Jarl fortalde så godt og så lenge om det fantastiske nordlyset der oppe, at eg stadig lurer på om ikkje ein vintertur til Lofoten hadde vore tingen (då med andre framkomstmiddel).....er det andre som også tenkjer slik ? :)



Å vandre under eit stort fiskehjell kan vere ein katedralsk følelse.....har eg lest ein stad, men det var sikkert uten torskehaue :)


Turen vidare ut til Nyksund går ganske kjapt opp over. Lite stopp og lite fotografering.
Langt ute i havet var det no ein anelse lysare en det hadde vore før om dagen, så dette kunne gje håp om finare vær.Siste delen av vegen ut til Nyksund var smal og svingete og naturen ganske dramatisk, så det var kjekt og spennande då vi nærma oss.



Nyksund - byen på ein holme ut i havet.


Nyksund var på begynnelsen av 1900 talet det nest største fiskeværet i Vesterålen. Men etter 2. verdenskrig vart det mindre viktig med nærheit til fiskefeltea. Ny teknologi i form av større motorar og større båtar vart tatt i bruk og i 1970 var Nyksund heilt fråflytta. Nyksund vart ein spøkelsesby. i 1980-90 åra kom tyske studentar til Nyksund og skapte aktivitet. I dag er her nokon få fastbuande, men her er eit heilårig tilbud til turister. Fleire av dei gamle bygningane er i dag restaurerte.
Ein spennande og fasinerande plass....vil tilbake hit!!



Frå kaia i Nyksund


Kaia er bygdt i to høgder pg. stor forskjel på flo og fjøre.








Restaureringsobjekt





Det viste seg at fineværet var rett rundt hjørnet. Eg hadde den beologiske vekarklokka på, så Kl 04 var eg oppe klar til fotorunde. Vandra rundt ilag med ein flokk sauer og naut stillheita, roen og opplevelsen av denne merkelege og spessielle staden. Berre sauebjøllene laga lyd i den lyse sommernatta...




Midnattsol






Kl. 10.00 var vi klar til å dra vidare mot Myre og Sortland. Vidare til Melbu der vi tok ferje til Fiskebøl og så vidare til Svolvær  Det var eit nydeleg vær, sol og stille sjø....
Alle desse bilda er tatt på denne strekningen.

















Frå ferjekaia i Melby


Vi hadde ein flott tur over Hadselfjorden. Naturen og fjella blir meir og meir spektakulære, og no gledar vi oss verkeleg til å oppleve Lofoten :)












Frå Nyksund :)
























6 kommentarer:

  1. Dette blir bedre og bedre

    SvarSlett
  2. Fine bilder.Idyllisk og fint i Nyksund.

    SvarSlett
  3. Så kjekt at turen fell i smak!!... no gleder eg meg til Lofoten :-))
    Set stor pris på at de er innom bloggen min!!

    SvarSlett
  4. Kjempefine bilder og velvalgte motiv Liv. Der skulle eg ha vori! s.b.

    SvarSlett
  5. Håpar du blir insperert til å reise Steinar :))

    SvarSlett