mandag 21. mars 2011

Nr.1 Litt rundt-omkring på Costa Blanca.

Vårturar i Spania.

Det er alltid kjekt å komme tilbake til Altea, slik var det denne gangen også. Dei første dagane her nede var ganske kjølige og skydekket på himmelen var til tider ganske tett. Regn har det vore også.  Det vart ein del småturer  rundt i nærområdet, litt rydding i huset og div. ting som må gjerast når vi er her.

Klikk for større bilder!




Havutsikt fra Altea
Calpe

Calpe er ein fin plass som utgangspunkt for både fjell og strandturer. Denne ettermiddagen vart det ein tur langs strendene. Ennå er det kaldt å bade, men gjengen vi trefte på hadde både joggetur og ein rask tur i bølgene til stor begeistring for oss andre :-))



Fra stranda i Calpe

Ein glad gjeng :)

.....på joggetur

....og ein runde i bølgene

Frå Calpe.

Kveld i Calpe

Vi hadde også ein tur til Villayousa og besøkte venner som ferierer der. Den gamle bydelen er sjarmerende med sine fargerike hus. Her er også ein flott strandpromenade. Trafikken er i stor grad regulert bort fra strandområdet så her er flott og vandre til lyden fra bølgene som slår inn mot stranda.




Fra den gamle bydelen i Villajouyosa

Fra strendene i Villajoyosa.





Det er fargerikt i denne bydelen :)


Planen vår var å ta ein tur vidare sørover i Spania.
Høglandet i Andalucia har vi reist mykje i tidlegare. Dette er eit fantastisk flott område og er å anbefale.
Etter litt fram og tilbake med reiserute og div. vart valget denne gangen kysten mellom Mojacar og Cabo de Gata (Coasta del Almeria )
Vi var først ein tur ned om Villajoyosa og henta Solveig og Arne som skulle dele turen med oss og som har vore våre gode turvenner på mange turar tidlegare.


Strandpromenaden i Villajoyosa.

Motorvegen er god å ha når det er snakk om transportetapper og å komme raskt fram. Slik var det med turen fra Villajoysa, Mursia, Lorca og til Huercal Overa. Vi tok av til Vera og vidare til Mojacar.
Mojacar ligg på toppen av ei høgde med bebyggelse heilt ned til kysten.
Ein nydeleg plass for lunch :)
Herfra går turen for det meste langs havet, og vi var innom mange fantastiske små perler.

Denne kysten har ein merkeleg mørk nordafrikansk atmosfære står det i reiseboka mi, og det stemmer sikkert :) Det var ein natur med blanding av grøne fjellsider, grå klipper og blått hav. vegane var både beine og svingete, alt etter eige valg...
Vi hadde flott vær og mykje vind. Her var  flotte små byar og tettstader. Då eg ikkje har GPS på kameraet, er det ikkje alle navn eg hugsar igjen, og med fare for å skrive feil, lar eg heller bilda tale for seg sjølv.


Mojacar, Almeria province, Andalucia

 Utsikt fra Mojacar



Neimen, her var det ein kjend kar :)

Utsikt mot Carboneras


Playa de Isleta



Isleta del Moro







San Jose'

San Jose'

Cabo de Gata



Fyrtårn i Gabo de Gata

Fantastiske klipper. Gabo de Gata.





Fyrtårnet.

Havet og saltbasenget i Gabo de Gata





Retamar i  kveldsol

Denne kyststripa er ikkje av dei tettast utbygde for turister, men her er flotte strender og eit flott fjell landskap. Ved ein seinare anledning må det nok bli fjellturer her nede.
Dette er ei fin tid å vere bilturist i Spania på. Det er lite  trafikk på vegar og strender i forhold til sommeren. Hotellprisane og er gunstige på denne tid også, dersom  du styrer unna dei største byane.
Vegen vidare vil nok svinge inn i eit anna fjell landskap :)

Ønsker alle som er innom ein fin dag!!



9 kommentarer:

  1. Fint område ser dette ut til å vere, og tempen er nok høgre enn i Stongfjorden for du finn ikkje mange som er så lettkledde som karane du har bilde av her.

    SvarSlett
  2. Ja, litt fleire + grader er det nok her, men for å opptre så lettkledd må det høgt tempo til,...her er kjølig vind :-)

    Elles vurderer eg å kjøpe med meg eit parti av denne bekledningen.Tenkjer meg at om karane i Stongfjorden kler seg opp i slik stas og joggar rundt på Grandane, vil dette bli ein stor attraksjon.
    Det vil utvilsomt bli enda ein grunn for å komme til bygda....:-))

    SvarSlett
  3. Flotte bilder:) Her har vore eit forferdelig regnvær i dag,men då forsvinn snøen,så kansje vi kan få ein smak av vår snart.Kos dåkke vidare:)

    SvarSlett
  4. Virkelige flotte bilder Liv. Særlig godt likte jeg bilde nr 4 fra toppen av stranden. Fantastiske gode bilder med fine farger og utmerket skarphet.
    Fortsatt god ferie, og jeg ser fram til nye flotte bilder

    SvarSlett
  5. Hei, her var mange flotte bilder. Nyt turen, her er vind og regn. Ja karane på bildet hadde vore stilige med strikkatruse på.

    SvarSlett
  6. Flotte bilder Liv!:) Her er det ikkje veir til å ta med kameraet ut for tida, mykje regn og vind:-S Fortsatt fin ferie til deg og Atle:-)

    SvarSlett
  7. Så flott tur og bilder, det lokker med ein tur dit.
    Ha ein fortsatt fin tur!

    SvarSlett
  8. Tusen takk til doke som har lagt inn kommentarer på bloggen min :)set stor pris på det!!
    Utgangspunktet for desse turene er Altea,som ligg rett nord for Benidorm. Det blir turer med 2 til 3 overnattinger og mange dagsturer.
    Brukar også mykje tid til fjellturar og strendene blir også besøkt :)
    Hittil har vi hatt eit blanda vær med både sol og skyer.Her har vore vind også, så det har vore heller kjølig.
    I morgon ser det ut både på tv'en og ute at vi skal få kraftig regn. Då skal eg legge inn meir bilder på bloggen :)
    Tusen takk for kommentarer på facebook også og til alle som har titta innom!!
    Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  9. Hi there to all, the contents present at this website
    are really amazing for people knowledge, well, keep up the nice work fellows.



    Here is my blog :: woodworking tools

    SvarSlett