torsdag 7. april 2011

Nr. 4 Litt rundt- omkring på Costa Blanca.

Litt rundt-omkring på Costa Blanca

Det er ikkje berre sol og sommer her nede på kysten. Vi har hatt dager med sterk vind og mykje nedbør. Då er det berre å kle seg etter været, å komme seg ut å "nyte" det. Desse bilda er tatt i Altea sentrum på morgonen, og det er sjødrev både i lufta og på linsa :)


...ein liten lysning i skydekket...




 Skal vi hoppe ut i??

 ...nei, vi ventar på roligare sjø...:)

 Var også ein tur til Calpe. Det også sterk vind og mørke skyer !!

 Calpe

...snart kveld..


Det har vore ein ruskete dag, men ka gjer vel det når vi kan gå på restaurant ...
.....med hyggelege Bergensere :-))
Avslutta kvelden med ein runde på stranda og  fotografering med lang
lukketid....

....på stranda...


...og i gatene....


Vi var inviterte nedover til Mil Palmeras, der det var nokon som hadde ein stor dag å feire :) Reiste i same været som kvelden før,... vind og regn. Det var med oss heilt fram og varte kvelden til ende....

Fra stranda mot Santa Pola




Men så vart det forandring!!

Det vart ein flott morgon, sjølv om tåka låg på lur ute i havet!






La Manga ligg ikkje så langt unna, og denne dagen bestemte vi oss for ein tur dit. La Manga ligg i Murcia regionen. Denne regionen er stor produsent av frukt, grønasker og blomster.Området er varmt, men har problem med vanntilførsel, spesielt etter at turismen er i  stadig auke. Her fra dette området kjem og dei kjente Yumilla og Yecla vinane frå. På vegen til La Manga kjøyrer vi gjenom litt av desse grøderike områda...

Ikkje snø, men små plast drivhus .



Når berre eg får sjåføren til å stoppe finn eg fram til det meste :) Huset er nok fra eldre tider, men vannslangen er frå ny tid og klar til bruk :)


La Manga i det fjerne. ( her må det dobbelklikkast :-)


La Manga er ei halvøy og ligg i regionen Murcia. Øya består for det meste av privateigde leiligheiter og hotell. Næringslivet er vel for det meste i servicenæringa. Byen er bygd opp på ein sandbank. Den her ei samanhengande sandstrand mot Middelhavet på 20 km. Øya er på det breidaste 400 meter og på det smalaste 60 meter.
Her er flott og fint på alle måtar og det seiest at det er den staden i Europa som har flest soldagar. Her er derimot ikkje anledning til fjellturer, og siden eg heller ikkje spelar fotball, trur eg det hadde blitt litt einsformigt i lengden - for meg :)



Motiv frå La Manga. Dette er fra den ytterste delen på øya.


Det vart ikkje tatt så mange bilder her ute. Alt var nesten likt, så derfor var det vanskeleg å velgje motiv :)
Vi hadde derimot ein god lunch før vi reiste tilbake til Mil Palmeras og feira 50 års bryllaupsdag til Bjørg og Magne.
Nydeleg middag med tilbehør, flott musikk, hyggelege folk og mykje latter :)
Takk for ein flott kveld, Bjørg og Magne !!

4 kommentarer:

  1. Eg synes det er fasinerande med ein del styggeværs bilder Liv. Viser kreftene når storhavet står rett på land. Ellers mange fine bilder. Eg har ikkje vert på desse øyane, men på denne tida er det det vel begynt å bli grønt og frodig.
    Ser ut til at det er grågås som er på vent for å ta til på vårtrekket mot nord. Kansje dei blir å sjå i Smelværet til sommaren. Storparten av den norske grågåsa overvintrar i Marismas-området i de sørlige delene av Spania og på øyane ut forbi.

    SvarSlett
  2. Som vanleg , mange flotte bilder på bloggen din. No har vi flott vårveir her hos oss, det spirar og gror i hagen. Ha ein fin kveld.

    SvarSlett
  3. Kjekt at de har besøkt bloggen min, Steinar og Ann Tove :) Ja,eg er heilt eineg Steinar, eg også likar godt litt fart i bølgene. Trur også at Ann Tove har sansen for det !:)
    Elles er det ei spennande og flott tid vi går i møte her heime også no. Blomstrene dukkar opp både i hagar og ute på markene,... fann første kusymra i Staveneset om dagen, Svartetrasta syng til langt på kveld og startar opp igjen før det lysnar om morgonen... Det er flott!!
    Tusen takk for kommentarene :) Ha ein fin kveld !!

    SvarSlett
  4. Casa Vital er den kulaste resturangen i heile Spania. Hilsen Even 12 år!

    SvarSlett