fredag 15. april 2011

Nr. 6 Litt rundt-omkring på Costa Blanca


Litt rundt-omkring på Costa Blanca


Eg er glad i både soloppganger og solnedganger. Naturleg nok blir det mest av det siste, men denne morgonen var vi tidleg i gamlebyen for å få med oss sola som steig opp frå havet. Det er ei herleg tid å vere ute på. Her oppe er det ennå stille, men folk kjem litt etter kvart ut i gatene. Kostar og pusser opp etter natta og dagen før, slår av ein prat med naboen og går etter kvart til sine gjeremål for dagen


Her frå uterestauoranten til Åge er det flott utsikt til soloppgangen..



...og siden eg står her på trappa til Casa Vital og tar bilde, må er nesten nytte anledningen til å skryte litt av denne plassen Her ifra kan du vere med på byvandring i gamle Altea, få med deg ein fredagskveld med vinsmaking eller ein konsert /musikk /flamenco - underholdning på lørdagskvelden. Eller rett og slett berre nyte god mat og vin i bodegaen :))

Soloppgang mellom husveggane ..

Altea i soloppgang






snart er det eit pulserende liv i gatene og byen...

...eg vil gjerne ta doke med på fiskehavna og møte fiskarane når dei kjem inn med nattas fangst.

Båtane kjem inn...

Livet på kaia...







...så er fangsten levert og båtane legg seg fint på rekke klar for ny tur til kvelden.

Dei litt eldre driv sin form for fiske, kosar seg og tar livet med ro...


For oss nærmar dagen seg for heimreise. Berre ein tur er igjen, og det er fototuren til Albufera.
Albuferasjøen er ein saltvannssjø som ligg ca. 11 km. sør fra Valencia. Her er nydelege solnedganger og mange flotte fotomotiv. Ein populær plass og ta bilder på...











Med desse bildene avslutter eg Spaniaturen min. Nå ventar eg på ein fin vår og håpar på mange muligheiter for nye turar og bilder. Eg vil sei tusen takk til alle som er innom bloggen min. Det er kjekt å legge ut bilder når det er så mange som viser interesse for dei. Hittil har eg hatt besøk fra 10 ulike land. Ønsker alle ei fin påskehelg og velkommen til å vere med videre i mi bildeverden !!

Ha ein fin dag :)

2 kommentarer:

  1. Flotte bilder,Liv.Spesielt fine var dei frå Albufera.God påske til deg:)

    SvarSlett
  2. Takk for besøket, Aud :-))
    Har vore ved Albufera 4 ganger og det er like fantastisk kvar gong. På denne innsjøen er det eit rikt fiske med garn. Det rare og heilt utrulege er at det er berre mannfolk som har lov å fiske her.Damene står på for å få dette forandra med rettsaker og greier. Akkutat no veit eg ikkje korleis stoda er ...om dei har vunne fram,.. men fint er her...:))
    God påske til doke i Rivedal!!

    SvarSlett