søndag 1. april 2012

Askvoll - litt rundt omkring



Ein tåkefull dag.

Etter noen fine dager med sol av og til, kom tåka sigande og la seg som eit klamt teppe over fjell og fjord. Det var heldigvis lite nedbør, så eg benytta dagen til å gjødsle rododendroane mine.


Stongsvatnet var stille og tåka laga det nesten litt eventyraktigt...


På Askvoll var ferja i rute ...



...og Atløya såg vi nesten ikkje...



Men Prestøya låg der ute og såg innbydande ut.
Har aldri vore der ute...



Veit ikkje ka dette var for slag båt, eller ka den frakta..


Ein tur til Holmedal vart det også.
Her var tåka så tjukk at eg såg ikkje Bakkeneset.



Kyrkja i Holmedal

Tåke gjev ein rar følelse. Det er stille, samtidig som alle lyder blir forsterka.
Alt kjem nærmare på ein måte...

  

Det letta opp igjen denne gangen også, og sola får sleppe noen stråler over Stavfjorden før den igjen sig ned i skoddehavet... 



Ha ei fin Palmehelg :-)



6 kommentarer:

  1. Nydelege bilete, Liv! God påske!!

    SvarSlett
  2. Takk for det, Reidun :-)
    Har ikkje gløymt turen vi har snakka om - venter berre på den "fine" dagen...:-)
    God påske til deg og Erling :-)

    SvarSlett
  3. Åh!! Flotte stemningsfulle tåkebilde,likte dei kjempegodt :))

    SvarSlett
  4. Nydelige tåkebilder. Stemningsfullt:)

    SvarSlett
  5. Tusen takk Marit, vi får bruke det vær vi har :-))

    SvarSlett
  6. Tusen takk til deg også, Aud :-))
    Ser du har fått full vinter i Rivedal...:-)

    SvarSlett