lørdag 30. juni 2012



Ein tur til
Veitastrond.



Ved enden av vatnet.

Først ei lita innledning kvifor denne turen vart til...:-)
Etter ei flott veke i Stongfjorden med besøk av Andrea og Håvard, reiste vi torsdag kveld til Hafslo og Lerum Cupp der mamma til barna venta på oss...


Andrea er ein ivrig og flink fotballspeler og såg fram til denne helga med store forventninger.
Desverre var det ikkje langt ut i første kampen før dagen brått tok ein ny vending...
Den unge dame vart takla på ein hard og røff måte (slik det er i fotballverden) og fekk store smerter i kneet. Ho vart henta på bana med båre, fekk kyndig legehjelp og påfølgende tur til Lærdal med sjukebil...



Håvard som ilag med sine besteforeldre skulle vere heiagjeng, forstod no at helga ikkje vart som forventa og vart skuffa...
Trur likevel at han sleit med eit ganske kraftig angrep av misunnelse :-) Det å få reise med sjukebil til Lærdal og attpå til ta ferje med sjukebil, det er ikkje daglidags hending....



Slik var det at vi plutseleg fekk god tid i Sogn og bestemte oss for å reise Veitastrond...
Her på starten av turen låg desse imponerende store steinane ute i vatnet



 Det var ein overskya dag med litt regn i lufta, men det var stille og fint.
Vi hadde ikkje køyrt langt før vi forstod at her er det fordel med erfaring på smale vegar. Heldigvis var det liten trafikk, og dei som bur her inne visste kor utkøyringane var.
Forstår no at vi ofte høyrer på radio og tv at denne vegen er stengt.
Det var bratte og glatte fjellsider rett i vegen og fjorden, så bratt at eg gav opp å få eit godt nærbilde...:-)



Veitastrondvatnet



Her skimtar vi ein del av Jostedalsbreen



Det var ein god del hytter inn over, og eg trur gjerne at her er ein populær plass for fiske...





Eit og anna gardsbruk var det også.
Mange var ennå i drift, men det var også ein del fråflytta hus og gardar...




Her inne ved enden av vatnet flata terenget  ut, og gardane vart fleire






For Håvard som hadde vore tankefull og lite interesert i historia om snøras og stengte vegar ( sjølv om han syntest synd i dei barna som hadde denne vegen som skuleveg ) vart denne doninga redninga. Dagen fekk innhold og han vart svært imponert over dette køyretøyet, luftputebåten som kunne gå både på is og vatn :-)


Det var fint her inne, flotte hus og velstelt...
Ein fin plass og vere turist !




Inne i dalbotn var det store og flotte gardar med flate og fine marker.
Bygda er omkransa av Jostedalsbreen nasjonalpark på tre sider.


Vi køyrde innover så langt vegen gjekk, men ennå var det bomveg på ca 15 km til Tungestølen som ligg opp under Austerdalsbreen
Den turen blir ein annen gang...



Mykje fin bebyggelse med både gamle og nye hus.





Her er hus både med og uten folk - slik det er i alle bygder...





Eit artigt bygg - legg merke til eine arka :-)




Fotolyset var ikkje det beste denne dagen, men slik er det ofte når ein er  på tur -  vi får ta det slik det er ..:-)




Så er vi tilbake der vi starta, og ein fin tur var det
Når vi i tillegg fekk melding frå sjukehuset om at det var ingen brudd eller store skader, vart det ein kjekk dag.
Andrea kom tilbake til Hafslo med krykker. Det vart ingen fotballspeling, men du for eit midtpunkt ho vart....
Ikkje så gale at det ikkje er godt for noke :-))
I dag høyrer vi rykter om at tilstanden bedrer seg raskt, men Håvard meiner han heller  ikkje er heilt bra i føttene...:-)
Han meiner krykker er til for å gå i arv, og ser føre seg ei veke på krykker og ekstra omsorg og pleie.
Tur med sjukebil blir det neppe...
 
 
Hyggeleg at de tok turen ilag med sss...
 
 
Ha ein fin lørdagskveld!
 
 
Har mange flotte bilder fra Kroatia også som snart blir blogg...
...sjå gjerne snart innom igjen...

6 kommentarer:

  1. Flotte bilder, der har eg ikkje vore. Godt det enda bra med jenta. Ha ein fin kveld.

    SvarSlett
  2. Hei Ann Tove.
    Ja som du såg, så var det vel litt tilfeldig at vi også tok turen opp her.
    Eg angrer ikke, så eg kan ambefale deg denne staden, men gjerne i litt lettare vær. Det er kjekt å sjå desse stadane som ofte blir nevnt i forbindelse med ras og stengde vegar. Godt dei har denne luftputebåten og ta seg fram med, men likevel må det vere ganske tøft å bu her inne når det stå på som verst.
    Fint var her, og turen vidare inn igjenom dalen vil eg også ha med meg.

    Jenta - jau, det siste nye var at ho hadde sett krykkene på hylla og gått på diskotek :-))
    Dei kjem seg fort i den alderen...
    Ha ein fin dag i morgon !

    SvarSlett
  3. Hei! Jeg lurer på om dette kan være noe for deg? :) Jeg har en konkurranse hos meg hvor du kan vinne et reiseset fra Tempur til en verdi av 4995 kr! http://www.ekteinterior.com/2012/06/vinn-luksus-travel-set-fra-tempur.html

    SvarSlett
  4. Køyrde sogn i helga vi og,men var vist ikkje tid å ta bilder ;) Veitostrand ser jo ut til å vere ein riktig idyllisk plass,iallefall sommarsdagen. Det e rart når ein køyre slik å sjå alle plassa folk har busett seg,frå fjellhyller t øde vikar,ja,rett å slett der ein ALDRI skulle tru at nokon ville bu.Flotte bilder! :)

    SvarSlett
  5. Flotte bilder frå Veitastrand,var der i fjor,skikkelig imponert over at folk kan bu der,tenke på vinteren der inne,men vilt og vakkert var der.Flott at det gikk bra med Andrea:)

    SvarSlett
  6. Tusen takk for besøket på bloggen :-)
    Vi har så utruleg mykje flotte stader i dette landet vårt.
    Synest det er ei stor glede å reise, ta blider og legge ut på blogg -
    og kjempekjekt med kommentarer :-))

    Ha ein fin dag!!

    SvarSlett