mandag 14. januar 2013

Sunnfjord - litt rundt omkring.

 
 
 
 2013 - eit nytt ubrukt år...
 
 
Det året som vi no har lagt bak oss,
 var for oss eit spennande år med mange turar og reiser i utlandet.
Det vart tatt mykje bilder, og eg ser no at det er utruleg kjekt å ha samla ein del av dei her i denne bloggen.
Men det tar tid, og mange ganger lurer eg på kva eg driv på med ...:-)
Eg har likevel bestemt meg for å forsette med dette,
både fordi fotografering gjev meg mange flotte opplevelser ( på mange måtar ) og fordi eg får utruleg mange positive tilbakemeldingar fra folk som er innom og ser på bilder og turar...
Dette året har eg tenkt å legge ut litt meir bilder  frå mine "småturar" i nærområdet.
Motiva blir gjerne like, men forhåpentlegvis vil vær, lysforhold og skyer bli varierande :-)
Ser også fram til å reise litt i dette året og !
 Det er alltid kjekt å komme på nye stadar og finne nye spennande motiv.
Foreløbig er det meste ope angående reisemål,
 men bobilturer er ein fri og kjekk måte og reise på...


Klikk på bildene for å få dei større !


Nyttårsfeiring hadde vi i Naustdal.
Siden eg har budd halve livet mitt her, har eg mange fantastiske minner frå tidlegare nyttårsfeiringar
 Så etter ein del år, var det  kjekt å komme tilbake sjå så mange flotte raketter.
 

 
På årets første dag var vi ein tur opp over til Svoa...
Det var ein grå og våt dag, så det var kjekt med den røde låveveggen på Fimland som kvikka litt opp i landskapet.
 

 
Her er vi inne på tunet på Svoa.

 
Det hadde nok vore plussgrader og regn her oppe også.  Det var mykje overflatevatn, så rundballane låg nesten og flaut i vatnet.
 

 
Det er ein nydeleg plass her oppe ved Svovatnet, men i dag var det lite fargevariasjoner.
 



Berre ein lysning på himmelen som spegla seg mellom isflaka, gav ein liten farge til landskapet.
 


 
Grillfatet på Svoa
 


 
På Espeland var det snø og julekortstemning...
 


 
Kontrastane er store fra Svoa i Naustdal og til Stongfjorden.
Her var forlengst den vesle snøen som kom i jula borte.
Det var nesten som ein kunne få vårfornemmelser :-)
 
 
 2.januar var ein mild og våt dag...
 

...men ein tur ut over her gjev meg både mosjon og bilder.
 
 
 Her er det nyrestaurerte naustet i Staveneset :-)
 

I gjen er det ein dag med tåke og regn.
Vi pakker ned fotoutstyr og regnklede og drar ut i Dalsfjorden.
Køyrde til Bygstad og vidare ut over til Laukeland.
Hadde håpa på at tåka ville lette litt, men den låg nesten heilt ned i fjøresteinane.
Likevel såg vi at her var det mange små og fine plasser.
For meg var dette første turen ut over denne vegen, men Atle hadde reist her før i "gamle dager" og kunne så vidt huske ferja som gjekk frå Standnes til Eikenes.
Vi ville sjå den gamle ferjekaia, men den var forlengst borte fekk vi fortalt :-)
 
 

 
Litt bilder fekk eg tatt - med paraply over kamera og dryppande regnhette...:-)





 
  
 
Vi var på hyggeleg besøk hos Kari og Erling og fekk kaffi og nydelege lefser.
Fekk også "låne" utsikta deira...
Tusen takk for  oss !
 
 
Så er vi tilbake på vegen mot Bygstad...
 
 
  

 
og Osen
Ein nydeleg tur som må gjentakast ein dag då  alt ikkje er så tåkefylt.
 

Tidleg morgon i Solheimsdalen
 

og Stongfjorden som er fylt av tåke.
I dag fekk vi ikkje sjå den nydelege utsikta ut over fjorden
 



Ein tur ut over i det opne landskap måtte det bli i dag også...:-)
 

Her var det lettare såg ut som tåka for til havs...
 

Det er alltid båttrafikk her ute
 


Så vart det trimtur tur/retur helleristningane  Holevika i dar også...
 

I Solheimsdalen (mellom Førde og Askvoll) var det forsatt tåke...

 
 
 Så blir det ein tur til Svortevika
 


...og vidare ut over til Stavøya.
Det var tåke i dag også, men dette gjev spennande landskap.
 

Bilder fra Stavøya.
 

 
 
 

På vegen tilbake til Eikefjord
 
 


Nydeleg ettermiddag på Sanden i Naustdal.
 
 
Isskulptur - eit av naturens underverk.
 
 
 Fra Eikefjord.
Her møtte vi høgtrykket og tåka er begynt å lette.
 
 
....og vidare mot Stavang...
 Det er  blitt kuldegrader og det er såvidt begynt å legge seg is på vatnet.
 

På kaia i Svortevika er det full restaurering, og eg veit at det blir fint...:-)
 

Ennå litt tåkedottar i Heilefjellet.
 

Kunst i Vevring !
 

 
Utsikt mot Redal og ut mot Stavang.
Her blir det ein fin rasteplass.
 

Så har vi hatt ein flott kuldeperiode.
 

I desse nydelege vinterdagar har vi farta litt rundt i Naustdal.
Veit ingen stader vinteren er finare en her...:-)
Dette er motiv frå Indrekvam.
 




Her er utsikt ned over til Smådalen...
 

Nausta er full av store isflak frå forrige kuldeperiode.
Desse løsna no under mildvær og store nedbørsmengder, og ligg som store blokker opp langs heile elva.
 


 

Mange fine motiv kjem fram i den lave vintersola.

 
 
Så var det ein liten tur til Størdal igjen.
Her er det også kaldt og stille, så isen har lagt seg eit stykkje ut på fjorden.
Minuset her no på denne tid er at det ikkje er ein einaste soletråle,
 men kom igjen til sommeren...:-)
 
 
 
...så då er det nødvendig med denne turen ut til havet - og solnedgangen...:-)
 

 
 
 
Dagens siste solstråler...


 
Dei siste bilda denne gang er dei eg tok på veg tilbake til Førde.
I Blomlia var det full produksjon av snø,
 og forholda såg ut til å vere heilt perfekte for morgondagen.
Bortsett frå den vesle perioden vi hadde med nedbør i starten av året, synest eg vi har hatt eit fantastisk vær ( eg likar kulde og vinter ) :-)
 
Eg har tatt litt småturar rundt omkring,
Både fordi det er kjekt  å oppleve nydeleg natur i flott vintervær - men også fordi det er kjempekjekt å ta bilder :-)
 
Hyggeleg om det er nokon som finn vegen inn i bloggen min :-)
 
Ha ein fin kveld !

6 kommentarer:

  1. Ja kjære Liv! Dette var ein fantastisk tur. Det er som om eg sjølv var deltakar. Tusen takk for turen. Eg gler meg til nye turar! :)
    Helsing Sigmund

    SvarSlett
  2. Jeg fant veien. Så veldig mange flotte bilder av den vakre vestlandsnaturen. Du er virkelig en dyktig fotograf Liv. Bilder med vann, fjell og tåke er nesten alltid vakkert. Håper du deler mye mer etterhvert av dine bilder og opplevelser.TaKK

    SvarSlett
  3. Så nydelege bilder uansett ver og vind.Flott!!!

    SvarSlett
  4. Nydelige bilder på heile rekka:)

    SvarSlett
  5. Tusen takk til doke alle for hyggeleg tilbakemeldingar !
    Det gjer meg glad,og inspererer meg til nye runder med kamera :-)
    Takkar også for mange kommentatar og "likes" på FB !

    SvarSlett