tirsdag 6. august 2013

Frå Naustedalen og Angedalen.





 
 
 
 
Litt rundt omkring
 
 
 
Frå Naustedalen og Angedalen.
 

Hei igjen.
 
No har eg hatt ein lang pause vekk fra bloggen min.
Det var ikkje meininga å slutte å legge inn bilder, og når no regnet silar ned ute, kan det vere greit og dukke ned i biledarkivet mitt litt.
Har ikkje vore på dei lange turane, men mange småturar har det blitt og eg fekk lyst å dele litt bilder igjen :-)

 
 

Det første bilde er fra Nausta, den vakre elva som renn gjenom heile Naustedalen

 
 
Dette er fra Vonavatnet, ein fin søndagskveld i juli
 

Så er det eit motiv fra Svovatnet i Naustdal
 


Her har vi hatt ein regnværsperiode, elvane har vokse opp av mykje smeltevatn og nedbør.
Dette er eit gamalt kvernhus i Angedalen
 


Elva Anga er stor.
 

 
Gamle hus innerst i Angedalen
 


...og naturens små under...
 
Desse bilda over her var tatt ein sein kveld, tungt skydekke og regn i lufta.
 
 
 
Dagen derpå var derimot ein av desse klare, nydelege dagane som ofte kjem når det klarnar opp etter ein regnværsperiode.
Vi pakka sekken og køyrde igjen inn over i Angedalen.
Vi hadde ein nydeleg tur inn over mot Botnavatnet...
 

 
...og vidare innover mot hytter og stølshus.
 



Det var ein flott tur, og ein stad på denne ruta kunne vi nok ha gått over til Jølster.
For oss vart det fram og tilbake same veg.
 





 


 
Så er vi tilbake ved den gamle garden inst i Angedalen.
 

Sommer og blomstereng - også i Angedalen
 



Gamalt kvernhus...
 

 
..og ein liten foss.
 

Så er vi tilbake i Naustdal og det er sol og sommer og flott vær for turer i fjellet.
 
Vi køyrer opp til Ramsdalsheia og startar å gå fra skytebana.
Dette er ein av dei mange turane som er merka og lagt godt tilrette av flinke og dyktige folk som har gjort ein fantastisk jobb med merking.
Stor takk og applaus til alle som har vore med på dette!!
 

Det var ein varm dag, og ein pause i bakken måtte vi ha.
Jack var varm også, og han grov ned alle fire beina sine i våt mose og avkjøla seg.
 


 
Så er vi oppe og er ferdig med den brattaste kneiken.
Even og Jack nyt den flotte utsikta...
 

 
...over Naustedalen
 
...
 
Påfyll av vatn er viktig
.

Så vandra vi over steinar og berg, brukte dagen og kosa oss.
 

Her er det så vakkert at ein må berre stoppe opp og nyte den vakre naturen




 





 
 
Even og bestefar nyt niste og utsikt.
 

 
Vi skal ikkje skryte på oss at vi var heilt på toppen.
Her med utsikt ned til dette vatnet og toppen i det fjerne, bestemte vi oss for å snu denne gangen.
Litt påbegynnande gnagsår og ein blå/svart himmel som truga med ei tordenflo, var avgjørelsen einstemmig :-)
Toppen vart nådd ved ein seinare anledning :-)
 

Jack, du er ein god liten kar og ha med seg på tur :-)
 


 
 Så er vi på heimveg og den siste delen var lettare tilbake en opp ...
 


Regnværet kom igjen, men det hindra oss ikkje til å ta ein tur til Grøndalen
 

 
Elvane voks igjen opp, og dette var einaste bilda fra den turen.
Grøndalen ligg innerst i Nordalsfjorden.
Det er ein flott tur innover, men denne dagen var det meste grått og vått.


 Takk for besøket på bloggen.


 
Ha ein fin kveld :-)








 















 


7 kommentarer:

  1. så hyggelig at du tok oss med på tur igjen. Mange flotte bilder fra vår flotte natur. Takk.

    SvarSlett
  2. Flott å være med Liv.

    SvarSlett
  3. Kjekt at de har besøkt bloggen min og kjempekjekt at de har lagt igjen ein kommentar :-)
    Tusen takk Berit, Piloten og Leo :-)

    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Må bare si at her var det masse flotte bilder :-)

    SvarSlett
  6. Det gleder meg å høyre :-)
    Tusen takk, Paul :-)

    SvarSlett