søndag 25. august 2013


 
 
 




 
 
 
 
Fra vakre sommardagar i
Askvoll kommune og fra Naustdals vakre fjell.
 
 
 
Etter dei flotte turane i Sogn, har Størdal vore tilholdsplassen for oss.
Det fine været held fram. Eg har fått tatt eit tak i hagen, og på kvelden har det blitt noen fotorunder.  
 
 


 Her er fra ein fin kveldstur til Olset.
Bilde er tatt fra kaia i Olsetvika.
 

Så har eg endeleg komt meg opp til Loftheim
Ein nydeleg plass med ei fantastisk utsikt
 

 
Ei lita perle...
 

Det er ei stor glede å ha slik vakker natur og drikke morgenkaffi i :-)
På ein slik vakker dag skal ein ikkje renske ugras og hakke mose.
Vi bestemte oss derfor å reise til Naustdal og gå på Blånipa.
 

 
Eit fantastisk flott fjellparti
 


Denne turen har eg lagt ut bildet før, så dette blir berre for å dokumentere at toppen vart nådd denne dagen :-)
Ein fantastisk dag i fjellet.
 

Her fra Blånipa er det flott utsikt.
 

 
Det var stille og varmt og rett og slett herleg...
 

 

 
Må igjen skryte av dei som har vore med og merka alle desse flotte turstiane i Naustdal.
 


 
  Etter den flotte fjellturen i dag, var det godt med frisk havluft i Staveneset.
Rylliken blomstrar så flott der ute, og det lukta sommar ...
 
 
 Så var det igjen ein flott morgon med sol fra klar og skyfri himmel.
Moldura var målet for vår tur i dag.
Vi pakka sekken og var akkurat komme godt igang då det var melding på FB frå Arild om at tåka var på full fart inn i fjorden.
Hadde ikkje noke tru på dette :-) men det viste seg snart at han hadde rett.
 
 
Snart såg vi ikkje huset til Onar'en, og eg var nesten på veg ned igjen...
 
 
...men like fort som ho kom, var ho vekke. Vi fekk ein flott tur opp i Størdalsdalen og vidare  tur til Moldura.
Dette er nok den raskaste vegen til Moldura, men den er lite brukt og tildels er stien borte.
Vi kom oss opp, og utsikta er flott ut over Stongfjorden og Stavfjorden.
 




 
Ved varden på Moldura.
 



 
Utsikt ned til Holmedal og Dalsfjorden.
Har høyrt at frå denne toppen skal ein på klåre dager kunne sjå sju kyrkjesokn.
 

Så er vi på veg ned igjen på dei fine slettene innerst i dalen.
Kyrene til Audun har det fint her
 



 
Ei fantastisk utsikt over Størdal og ytre delen av Stongfjorden



Så er vi igjen klar for fjelltur.
Vi bestemmer oss for å ta turen til Toreheia her ute i fjorden
Med besøk av Line vart det ein strålande tur i flott sommarvær.




 
Utsikta her oppe er det ingen ting å klage over...
 







 
Ved varden på Toreheia
 

 
Med eller uten ørnefjør ...
 

 
...og med ei slik vakker utsikt skulle ein ønske ein kunne flyge omkring...
Line's "hopp" inspirerte oss andre også til å prøve på eit svev...:-)
 


Atle fekk til eit imponerende flygetur ( sjølv om det ikkje nådde dei store høgder ) :-) og landa trykt på begge bein...
 

 
mens eg har gått forlite på trimturar og var litt tung i oppdrifta...:-)
 
 
Etter kvart kom vi oss ned igjen på  flatare tereng og det var heilt fantastisk her ved vatna.
 

 
Fotografering er ein hobby som Line og eg deler, og her skulle vi ha vore å venta på solnedgangen...
Det får vere til ein anna gang.
 



 
Fra turen tilbake til Yndestad...
 


 
...og Stongfjorden.


 
Her ser vi over til Størdal
 

Ein tur til Høyvika og vidare opp Hovden vart det også tid til


Dette var dagen før før den årlege  Krabbefestivalen gjekk av stabelen, og det var flott å sitte her oppe å sjå alle båtane som kom inn til Herland og skulle vere med på festen.
 

 
Utsikt mot Raudøyna og Stongfjorden
 



Hei du, eg veit du ligg og lurer...
 

 
Fotografering på toppane høyrer til :-)
 


 
vi hadde ein flott ettermiddag her ute.
Turen opp til toppen av Hovden er lett...


 
...men vi var ikkje heilt fornøgde med dagens utfoldelser.
Derfor tok Line og eg turen fra Kjørvik ....og langs stranda til Herland.
 


Vi starta seint på ettermiddagen og hadde ein flott tur i ein lun og lummer sommerkveld.
Godt over 20 gr.
 


 
Ingen av oss hadde gått denne turen før og viste heller ikkje kor langt det eigentleg var. Men vi fann den oppmerka Nordsjøløypa, og kunne berre nyte den flotte naturen og sommarkvelden.
 



 
Flott badestrand var det også her...
 

 
Det blå merka på steinen viste oss veg...:-)
 



Atle hadde tatt bilen tilbake til Herland og venta på oss der - og  alle drikkeflaskene våre var også med på den turen.
Då var det ok å finne ein plastpose i ein lomme som vi kunne fylle opp med vatn fra dei små elvane som rann
 


 

Etter kvart kom vi fram til Herland og dette er ein fantastisk flott og lett tur som eg kan anbefale.
Dei har gjort ein god jobb dei som har merka og lagt stien godt tilrette for oss turgåarar
Tusen takk :-)

  

 
Her trefte vi igjen sjåføren vår. Vi med ein fin tur tilbake på vakre Atløya og vidare med ferje...
 
 
...og tilbake til ein blank og stille fjord her i Størdal
Ein nydeleg dag gjekk over til ei vakker sommarnatt.
 
 
Så var det ein morgon med litt meir dis og tåke ned i fjella.
Når desse flotte sommarnettene blir brukt til andre ting en å sove, var det ok og ta dagen litt roleg og heller ta ein tur til Staveneset på kvelden.
 
 
Det var tunge og grå skyer over Stongfjordbukta...
 


 
...men ut mot havet lova det godt for ein fin kveld.
 
 
Tåke på toppen av Alden betyr værforandring har eg høyrt.
 


 
men her nyt vi den flotte utsikta over Stavfjorden og ...
 


 
...fotografering i blomsterenga i Holevika
 

 
Desse bilda er fra fjæra her i Størdal.



 
Flotte svaberg og fin utsikt ut mot det opne landskap.


 
Avslutta dette innlegget med noen bilder fra Staveneset
 


 
 
Den vesle låven i Dalen
 

 
Det var ein grå dag, men det fine lyset fra havet skapte stemning i bildene
 

 
Det gamle skulehuset i Holevika
 

 
 Båtane til Olav ligg på land i dag.
Det er mange som ferierer her ute, og mange som prøver fiskelukka, men i dag var det stille både ved nausta og på sjøen.
 
 
Dette var litt av det eg har fotografert denne sommaren.
Litt fra fjell og litt fra kysten.
Ikkje dei lengste  turane og høgste toppane - 
dette er turar som er tatt mest for å nyte vakker natur, men også for å få mosjon og halde forma vedlike.
Kjekt om bildene kan vere til glede for andre også.
 
Line, tusen takk for kjempeflotte turar ilag med deg. 
Takk for mange gode samtaler og ikkje minst for mykje latter og "rare"øyeblikk :-)
 
 
Takk for besøket på bloggen - ha ein fin kveld !


6 kommentarer:

  1. Her var det utruleg mange fine bilder. Fekk lyst å ta turen til Toreheia. Kjekt å sjå bilder frå Hovden og Kystarvstien til Herland ,det er ein veldig fin tur.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for besøk og kommentar Marit :-)
      Kystarvstien var ein nydeleg tur som eg gjerne tar opp igjen. Tenkjer at hausten også må vere ei fin tid for denne turen.
      Toreheia er ein kjempeflott tur med nydeleg utsikt over hav og fjell.
      Vi brukar å starte frå fellesfjøsen på Yndestad. Du kan også gå opp fra Osland og få ein flott tur ut over heile fjelle og gå ned på Yndestad.

      Ha ein fin dag :-)

      Slett
  2. Herlige bilder! Og flotte motiv. Du gjev meg inspirasjon til og ta mange og flotte bilder ;)

    Klem frå ditt eldste barnebarn. (Even)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Even :-)det var kjekt å høyre.
      Håpar vi kan få ein fin tur ilag snart, for du er ein kjempegod turkammerat !!

      Stor klem tilbake til deg fra bestemora di :-)

      Slett
  3. Fine bilder Liv (som vanlig).
    SvBe

    SvarSlett
  4. Tusen takk Sv, blir glad for å høre det :-)

    SvarSlett