fredag 15. november 2013

Krakow - september 2013.

 
 
 



Krakow





Gode venner frå Sunndalsøra, Karin og Jon, overbeviste oss om å bli med til Krakow i haust, noko vi ikkje angra på !

Med på turen var også deira venner, Elin og Per. Tilsaman utgjorde vi ein sporty og humørfylt gjeng som opplevde mykje skøy og mange opplevelsar denne korte veka.

 Kraków er stappfull av historie og kultur, samt mat og drikke til gi-bort-pris. Dessutan er byen, ved sida av å være slåande vakker, oversiktleg og og kompakt. Ein kjem seg stort sett rundt til fots, men om det skulle trengast er både taxi og kollektivtrafikk billeg. Arkitekturen er fantastisk, menneska hyggelege, og det er nok serverdigheitar til å tilfredsstille kven det måtte vere.

Krakow er ein av dei eldste og største byane i Polen.
Byen er rekna som ein av Europas vakraste, og står på

 UNESCOs liste over verdens kulturarv

 
 
 
 
 
 Byen ber nok preg av dårleg vedlikehald av gater og hus...
 
 
...men kollektivnettet fungerar godt.
 


 
 Byen har utruleg mange gamle flotte hus og bygningar.
 
 
 Ved elva Wisla er det fine parkområder og promenadar.
Her står ein stor luftballong ved elvebredda som ein kan bli med opp i lufta for å sjå byen frå oven  !!
 



 
På ei høgde ved elva ligg Wawel.
 

 
Katedralen på Wawel-høgda er ein av Polens viktigaste nasjonalhelligdommar.
 



 
På ein fin dag som denne er det mange besøkande her... 
 

....og rundt Wawelslottet er det kø for å komme inn....
 

 
 ....så vi slappa av i den fine parken istadenfor...
 


 
Arkadegårdsplassen
 

 
Kongeslottet på Wawel tente som kongelig residens og var plassen der landets herskarar styrte Polen i fem århundre – fra 1038 til 1556. Slottet er ein av Krakóws viktigaste severdigheter, og har en helt spesiell plass i Polens historie og kultur.
 
  
Tårnet husar den enorme Sigusmund-klokka, ei kirkeklokke på 8 tonn som berre blir brukt ved spesielle anledningar; krig, fred, 1.juledag, paveinnsetting o.l.
 

 
Ved elvebredda ligg båtar for sight-seeing og matservering !
 
 

  
Her er vi heile gjengen gatelangs...
...skal ha påfyll av mat og drikke snart...
 

  
Hesteskyssane hadde det travelt med å frakte turistar rundt i byen.
 

 
Jon tykkjer det går for seint i baktroppen,...raska på folkens... !


 ....men støttene lar seg ikkje rikke...
 



Main Square er torget som ligg midt i Krakow sentrum. På polsk heiter plassen Rynek Główny. Markedsplassen er datert tilbake til 1257 og var frå tidlig av et samlingspunkt for handel, festivalar, offentlege samlinger og henrettelsar. Med sine 40 000 kvadratmeter er plassen den største plassen frå middelalderen i Europa.
Midt på plassen finner du den enorme bygningen ”Sukiennice”. Bygget er heilt enestående vakkert og slær pusten ut av dei aller fleste turistane. Bygningen var i lang tid eit sentralt punkt for internasjonal handel og var under si storhetstid på 1400-tallet plassen for importerte varer som krydder, silke og skinn. Den dag i dag er fortsatt hallen ein sentral plass for handel då i hovudsak med salg av suverniar retta mot turistane.
 



 
....å dra på tur idag utan mobil, internett og facebook er umogeleg...!!
 

 
Vi besøkjer denne dagen saltgruva Wieliczka som er ein av verdens mest kjende saltgruver som ligg i byen Wieliczka 13 kilometer sørøst for Krakow. I 1978 ble Saltgruva  Wieliczka oppført på UNESCOS liste over verdens kulturarv.
Saltgruva var i mange år grunnsteinen i Polsk økonomi. Kvar generasjon av gruvearbeidarar har laga skulpturar og små kapell inne i gruva. Det er blitt henta opp saltstein kontinuerleg frå  saltgruva sidan begynnelsen av 1200-tallet.

Vi gjekk trapper nedover ti 65 meter under overflata før vi fekk komme inn i gruvegangane. Opplevinga er enorm !
Vi gjekk berre ca 3 km av dei tilsaman 300 km gruvegangane...!!
Gangane går gjennom små og store hallar med gallerier fylt av kunst, hogge ut i saltstein.
Saltgruvens hovedattraksjon er den rikt utsmykkede saltkatedralen «St. Kingas kapell» som ble laget mellom 1895 og 1928. Katedralen er 54 meter lang, 17 meter bred og 12 meter høy. I saltgruven finner man også noen innsjøer, samt verdens dypest plasserte kurbad..






 




Saltgruvas hovudattraksjon, den rikt utsmykka saltkatedralen «St. Kingas kapell» som ligg 130 meter under bakkenivå, blei laga mellom 1895 og 1928. Katedralen er 54 meter lang, 17 meter brei og 12 meter høy.
Til og med lysekruna er uthoggen av saltstein!
 




 

 Saltgruvene må berre besøkast for å få med rette opplevinga !
 

 
....attende i byen, litt grått og trist ver innimellom,  men vi traska gatelangs, no med Jon bakerst..

 
 
Wawel-høgda med sine katedralar og slott ligg flott til med utsyn i alle retningar.
 



Er idag på båttur på elva og får sjå byen med sine fine bygningar og parkar frå ein anna vinkel.
 











 


 








The Pauline Church on the Rock.
 



 
Fine fasadar og ofte flott beplantning der vi fer avgarde i gater og smau...
 



....og flotte utsmykkingar på husa ...
 
 

 Duene treng også mat .
 

 Vi går over gangbrua med dei tusener med hengelås (kjærleiksymbol...)
og der dukkar den mektige ...
 

... St Josef-kirka opp der den
ligg i utkanten av eit fint parkområde, Park Bednarskiego.
 
 
 

Roleg atmosfære, og fint turområde i denne parken.....
 

....og kirka strekkar tårna mot
 

...den fine lettskya himmelen denne dagen.
 
 
 

Vi er no i Kazimierz, Jødekvartalet, som eingong var eigen by grunnlagt i 1335, der det alt på 160-talet hadde 4500 innbyggarar. 
 

Dette er den eldste synagoga i Polen
 

 ....hadde ein god lunsj i denne bydelen.
 
 

 Dette er Oscar Schindlers fabrikk som er godt besøkt.
 

Kjekt å rusle rund å sjå på gamle bygningar og flotte fasadar !
 


 
Marknadsdag på torget.
 

 
....mengder av brødmat, kaker og alt som ein ønskjer seg av slikt...!
 


Så er vi på den store marknadsplassen, Rynek Glowny, igjen....
 


....med yrande liv ....
 


....og stor aktivitet blandt hestedrosjene....
 

 
...som er utruleg fine med proffe skysskarar og-jenter !
Svært populert av turistane både å sjå på og bruke.
 

 
Mariakirka frå 1400-talet, er ein stor opplevelse og severdigheit.
 



 Karjolene står på rekke og rad på plassen framfor den store "kleshallen"!

Kleshallen (Sukiennice) i Krakow er sannsynligvis verdens eldste kjøpesenter. Hallen har vore i bruk i 700 år, og framstår i dag som eit av byens mest gjenkjennelege ikon.
Bygningen ble bygd på 1300-tallet for å verne  handelsmenn mot vær og vind. Krydder, silke, skinn og voks frå Østen ble importert, mens tekstil bly og salt frå Saltgruva Wieliczka blei eksportert.
I dag framstår hallen som ein av byens vakraste renessansebygningar. Den er 108 meter lang og 8 meter brei. Kleshallen brukast ikkje som kjøpesenter i dag, men det fins fortatt fleire suvenirbutikkar i første etasje. I andre etasje held Krakows nasjonalmuseum til.

 
 
...mannen med ljåen er vist alle stadar i verden- også her....
 


 ....og turistane skal forevigast før ljåen fell....
 

 
Bilde og kunsverk tilsalgs.
 




 
...vi er fortsatt på markedsplassen med sin utsmykkingar og fontener.
 



 
...nok ein flott karjol...!
 

 
Tolmodig sjel; må vere litt av ein jobb å kle seg slik....!
 

 
Siste kvelden kosa vi oss med eit herleg måltid på ein av dei utallige restaurantane på markedsplassen. Eventyrleg kveldsstemning.....
 


....og fin avslutning etter herlege og opplevelserike dagar i Krakow !
 


Tusen takk til Karin, Jon, Elin og Per for fantastiske dagar ilag med doke.
Håpar det kom fram  nye turforslag under rakfisk selskapet ...:-)
 
 
Tusen takk til doke som har besøkt bloggen min.
 
 
Ha ein fin dag !
 
 
Neste innlegg her blir frå solfyllte dagar i Spania....:-)



 

2 kommentarer:

  1. Nok en tur som du deler med oss med utrolig flotte bilder. Har hørt mye om Krakow, mange jeg kjenner har vært der og anbefaler å dra dit. Mange flotte bilder Liv av storslagne bygninger som også viser mye historie. Saltgruvene ser flotte ut. Det er bare 3 dager siden min veninne fortalte om sin tur dit for 2. gang og fortalte blant annet om saltgruvene. Kunne virkelig tenke meg en tur til Krakow. Takk for turen

    SvarSlett
  2. Tusen takk for din hyggelige kommentar, Berit :-)
    Krakov var ein flott by som eg meir en gjerne vil reise tilbake til.
    Du vil ikkje angre om du tek turen dit. Saltgruvene var eit av høgdepunkta, nesten uverkeleg...
    Vil tru at våren er ei fin tid for å besøke byen.

    Ha ein fin dag :-)

    SvarSlett