mandag 21. april 2014








 Bernia.
 
På tur rundt fjellet bak
Altea


Klikk på bildene for å få dei større !

Vi har hatt fantastiske veker her i Spania.
Har hatt tur til Galicia, opplevd vakker natur på kysten og under vegs.
(kjem på blogg )
Kom hit til Altea igjen til påskehelga, og har fått med oss både spansk påskefeiring, strand og fjellturar
I går tok vi turen rundt Bernia, ein rundtur på ca 3,5 t med innlagt pause :-)





Vi startar på ca 400 m og har ei fantastisk utsikt over Costablancakysten, Altea, Benidorm og områda rundt.


Det har vore tørt i områda her på kysten, så vi har ikkje den fine grønfargen som det er heime på vestlandskysten, men vakkert er det.






Små byar ligg inne i fjellsidene ...


...og fjellet er fullt av blomster trass av tørke.


Det er mykje folk som vandrar i fjella her, så stiane er gode å gå i, og godt merka.


Snart er vi nede i dalbotnen igjen og her er det dyrking av druer og mandler.



Heilt nydelig er her :-)



Vi vandrer ei stund på ein enkel gardsveg...


...før vi igjen tar oppstigninga på andre sida av fjellet


 Her opp under fjellet er det ein naturleg tunnel gjenom fjellet som vi må krype gjennom.


Er snart oppe.
Det er varmt, så det er godt med ein pust i bakken :-)


Mykje folk i fjellet her også i påska


Så er vi på veg ut av tunnelen i fjellet.
Kjem igjen ut på sida vi starta frå og blir møtt av ei fantastisk utsikt...


...denne :-)


Så har vi turen langs fjellsida tilbake til utgangspunktet.


 

Dette er ein tur i området der vi bur her i Altea.
Har gått den mange ganger og det er alltid like flott.




Snø har vi ikkje i fjella her på kysten :-) men ei mengde med nydelige markblomster.

Og med eit lite snev av misunnelse over dei som nyt det nydelige påskeværet heime, ønsker eg alle ein god dag :-)
 
Takk for følge på turen :-)

3 kommentarer:

  1. En flott tur igjen Liv. Flott natur. Deilig å kunne gå slike turer i fjell og mark.Takk for at du deler.Klem. Berit

    SvarSlett
  2. Dette såg no berre heilt fantastisk ut ! Flott landskap og nydelege bilder :-)
    Ynskjer deg ein fin søndag ! :-))

    SvarSlett
  3. Så kjekt at de har besøkt bloggen min, Berit og Marit :-)
    Dette er ein tur som eg aldri blir lei av - vakker Spansk natur :-)
    Ha ein fin kveld, jenter :-)

    SvarSlett