onsdag 21. mai 2014

Galicia er målet - del 2.















Galicia er målet


Del 2

 
Valle de Silencio
Stillhetens dal
 
Las Medulas
Gullgruver frå romertida.
 


 
 
 
 
Vi har hatt fine dagar her heime i det siste.
Dei har blitt brukte til hagearbeid, flotte fjellturar og sosialt samvær.
I dag derimot er det grått og regnet auser ned.
då passer det godt å skrive litt på bloggen igjen...:-)

 
 
 


Det var fint då vi tidleg om morgonen forlet Rego de Ambros.
vi passerer Ponferrada.
Då dette var i starten av turen vår denne dagen, ga vi oss ikkje tid til å køyre innom denne flotte byen. Dette er ein by der mange pilegrimar passerer og overnatter i.






Det første målet vårt i dag er Valle de Silencio ( Stillhetens dal )
 

Her er det smale vegar og dei svinga seg fint fram i eit nydeleg landskap med åsar og høge fjell i det fjerne.
 
 
Dei små landsbyane vi køyrer gjennom ser ut som dei kan vere fraflytta, for her er mykje til nedfalls og dårleg vedlikehald...
 

Clemente de Valduez
 
...men folk bur her og ved nærmare ettersyn så har desse husa sin sjarm også...
.
 
Her er nytt og gammalt i sjønn forening.
Det blir ofte det gamle som blir tatt bilder av, fordi det fasinerer meg mest som fotomotiv :-)
 




 
flotte dører..
 



..fine trapper..

 

...vel, enkelte stader har det nok ikkje budd folk på ei stund...
 



Tida gjekk fort her nede i den trange dalen med alle desse "rare" husa :-)


Vi kjem oss etter kvart vidare og veien går igjenom eit trangt og frodig dalstrøk.




I liane ser vi gamle murar etter tidlegare busetting.
Veien svingar seg oppover i tett lauvskog ...
 


Sjølv om det var bratt, smalt og eigentleg ikkje utkøyring, måtte vi stoppe her.
Dette fjellet var så fargerikt og flott at det fortjente både eit og to bilder...
...skulle hatt med oss ein geolog...
 


Vi er no i landsbyen Penalba de Santiago.

Her er ingen biltrafikk, bilen må vi forlate ved inngangen til byen.

Ruta til Santiago Peñalba er ein av dei vakraste landskapa i regionen Castilla y León. Ein frodig uberørt dal dominert av eikeskogar, elvar og naturlige fossar, ein landsby som er integrert i landskapet. Roa i denne dalen som synest frosen i tid: «the Valley Silence», jomfrueleg, naturlig og frodig.
Denne eksepsjonelle samlinga av arkitektur i eit storslått landskap i skyggen av kvit stein som gir byen sitt navn, er bygd rundt ei kyrkje Denne mauriske juvelen blei erklært som eit nasjonalt monument i juni 1931.
Byen består av steinhus med trebalkonger og skifer på taket. Mange bygningar er totalrenoverte og er svært flotte!
Utsynet frå byen er ein storslagen vegitasjon med fjelltoppane i Silla de la Yegua, Pico og Aguiana Eye i bakgrunnen.
Klosteret er borte, steinane og murane fra dette blei brukte til bygge mange av husa rundt. Klosteret ga opphav til byen som munken San Genadio grunnla i det tiande århundre.
 

Her er det berre å vandre rundt mellom husa å prøve å ta inn atmosfæra...








Det var ikkje mange personer vi såg her i denne landsbyen.
Denne dama sprang så fort mellom husa at det var vanskeleg å få henne festa på brikka ...:-)
 


Det var heller ikkje så lett å få eit oversiktsbilde av landsbyen.



Her ser vi det gamle kirka som er det einaste som er igjen av det gamle klosteret  som vart oppretta på 900-talet av biskopen Astonga , San Genadio
 




 
 
 


Det går ikkje an å komme fram til denne landsbyen på vinteren.
 
 
 
 
 
 

Då har vi brukt mange timer her oppe.
Blir aldri lei av å vandre i slike gamle byar.


Så er det tilbaketuren, den går på den same smale og svingete vegen ned igjen også
Heldigvis er her lite trafikk :-)

 
 
 

Då går turen videre gjennom eit litt meir ope og flatare terreng.
 
 
 
 

 
Her var det stopp på ein liten butikk for å handle skinke, manchegost, loff og tomat.
 Espeditrisa tykte det var fantastisk med norske kundar, og spurte etter både Mette- Marit og mannen...
Vatn må vi også ha, og sikkert eit par flasker vin...:-)
.


 
Og så er vi på vei mot  Las Medulas
 


 
Dette er det gamle, det nye står rett ved sida av...
 




Lyngen var heilt nydelig.
 


Så er vi framme ved Las Medulas
Her parkerer vi bilen og går inn mellom desse artige fjellformasjonane.

http://whc.unesco.org/en/list/803




Dette kan minne om noko fra Det ville Vesten, men dette landskapet er langt fra naturleg skapt - dette er alt som gjenstår av ein kolossal romersk gullgruve.
I det 1. første og 2. århundre e.Kr. var gullgruvene i Las Medulas Romerrikets viktigaste, og årleg vart det henta ut 6500 kg gull herfra.
 

 
Det var spennande og fascinerende og gå her i det grøne landskapet mellom desse gulbrune fjellpyramidene
 






Eldgamle tre og røter ..
  



...mens andre fortsatt voks
 




 
Ein tur inn i gruvene var vi også... 


men eg tykte ikkje det var så kjekt...:-(
hit , men ikkje lenger...
 



 Synest det var mykje kjekkare ute i det grønne...:-)
 

Så er vi igjen på vandring.
No blir det ein bratt tur på ca 600 m opp til Mirador de Orellon der vi får eit fantastisk overblikk av det gamle gruvelandskapet.
 




 
..dette er det som er att av fjella etter gruvedrifta etter eit par hundre år..
 

Fantastisk er den nydelige lyngen som blomstrar heilt på dei høgste toppane.
 


 
.. og kontrastane er enorme...!
 




Vi er heldige med timingen av turen.
På kysten blomstrar appelsintrea, her er lyngen i full blomst, frukttrea blomstrar og alle markblomsrene var på sitt finaste.
 

 
Her er det ekte "norsk" kusymre.
Den blomstrar over alt og var like fin her som heime.
 


 
Mange rare figurar...:-)
 


Så er vi tilbake der fotturen startar, berre med ei mengd med inntrykk og opplevelser rikare..
 







Der var det ei gammal dør igjen...:-)
Det var ein fin spasertur gjenom den sjarmerande plassen
 

 






 
Så er det takk og farvel til Las  Medulas.


 
Vi køyrer no gjennom eit landskap som går lang elva Sil.
Av og til gjenom små byar, gjennom trange dalar og over bakketopper.
Vegen er svingete, men i god stand.
Fullt på høgde med "dei beste" våre ...:-)
..og spanjolene har verkeleg trafikkkultur, berre så det er sagt !!
 


 
Det vart ikkje så mykje fotografering på denne strekningen, litt fordi eg var så stappa med inntrykk fra tidlegare på dagen, men også fordi vi hadde ei regnbyge med oss på ein del av ruta...



...her er vi derimot på full fart opp på høgslettene igjen og dei små byane ligg fint plassert mellom åsryggane.
 

 
Her oppe er det ei fin blanding med lyng, nyutsprungen lauvskog...
 

 
...og tåkedottar som nok er siste rest av regnet, men og ein tidleg kveldsdis.
 


Vi derimot køyrer inn i nok ein ny liten landsby.
Grønsakårkene er klargjorde til våren og frukttrea er klar til blomstring.
 

 
Markene er grøne og vi er veldig fornøgde med dagen...:-)
 

 
 
 
Så var den vesle byen der - Castro Caldelsa, med eit flott hotellrom og ein sjarmerende liten reataurant der vi fekk ein nydelig entrekot og ein like nydelig vin til.
 
 
Takk til dei som har tatt turen ilag med oss denne dagen i  april :-)
  
Ha ein fin kveld
 
Velkommen til å bli med videre...:-)
 
 

2 kommentarer:

  1. Jeg har ventet spent på fortsettelsen. Den var verdt å ente på. Jeg har det noe kom deg at jeg syns det er veldig fasinerende med eldgamle hus og små "pueblos". Fantastiske de gamle husene. Det er nesten som at man måtte holde pusten så man ikke skulle blåse dem ned , de så virkelig falleferdige ut. Allikevel veldig sjarmerende. Typisk er den byggemåten med flate stein oppå hverandre . De har de i hele Spania og spes i Andalucia. Skikken kommer nok fra Marokko, hvor man også finner mange hus som er bygd på denne måten. Utbyggene i 2 etg var også flotte. Kan tenke meg at det virkelig var en opplevelse å vandre rundt i disse puebloene. Som du også sa, noen av dem er pusset opp og flotte. Naturen var også flott med åser av lilla lyng og høye snødekte fjell i bakgrunnen. Spennende fjellformasjoner etter gruvene. Var de så gule eller var det kamerafargen. Kunne nesten vært gull. Takk for flott tur.

    SvarSlett
  2. Det var etpar skrivefeil der i innlegget men håper du skjønner hva jeg mener

    SvarSlett