søndag 29. juni 2014

Framfjord og Arnafjord.








 

Framfjord og Arnafjord  





 
Over Rørvikfjellet og Gaularfjellet til Vik Kommune.

20. - 22. juni 2014.

 
Vi fekk tips om å reise til Arnafjord og Framfjord av ein jølstring som nett hadde vore der, og vi tok turen frå Stongfjorden ein fin dag med nordavind på kysten.



Klikk på bilda, då blir dei større.




Haukedalsvatnet ligg fint i ettermiddag !
 

I Gaulavassdraget er det stor vassføring...


....og lupinane står ranke på elvebredda...





ved Likholefossen er det spennande motiv


Dette er ei fin reise langs verna vassdrag,  fossar og stryk.


 Den gamle turbinen er utsliten og sett sine beste dagar...!


Brua over elva er spektakulær !!


 Langs Nasjonal turistveg, Gaularfjellet, er det stille og fin ettermiddag....




...og dei gamle stølsbygningane ser ut som står stødig etter denne vinteren også !



Vegen nedover mot Vetlefjorden er bratt og mange svingar ...


...og liane er grøne heilt til fjells...


Vi ser her over til Nese i Arnafjord

 
Eit ras i 1811 tok 45 mennekeliv. Ei av dei verste naturkatastrofene i Norge.


 Arnafjorden som ligg ca 20 km vestover frå Vik sentrum, er ein av Sognefjorden sine mange sidearmar.


Ved ankomst Framfjorden møtte vi denne bygningen...., ei Talkmølle....
 

....og dei flotte nausta.
 


 
Framfjorden er ein fjordarm av Arnafjorden.


Arnafjorden er kjend for sine mange, vakre fossar.





På bryggja på Nese er det no liten aktivitet...


....men likevel fine bygningar og kaier som vitnar om tida då båten var einaste måten å komme seg til by`n på!






Johannes Nese Dagligvare var ikkje open ikveld...
 

 
....men gjennom vindauga såg vi det flotte interiøret i krambua !





 
Båten Arnefjord ligg ved kaia.
 

 
Over Framfjorden ligg garden Bungane høgt og fritt på ca 500 moh!




Vi starta på turvegen mot Dale og Lee-gardane.


Smalt dalføre, men frodig!


Småbruk som ligg der ganske innestengt...


....og fråflytta hus...
 

...og uthus/eldhus som har sett sine beste dagar, men likevel  bygg med sjel...!




"Huset i skogen", måtte vi ha med...


....og nytt og gammalt !



På vegen oppover ser vi til dei fråflytta gardane på Hellane.


Mange uteløer i dette dalstrøket.




Slåtten er i gong, og nesten ferdig.



Ser her nedover til Dale-gardane.



God høytørke er det i nordavinden !


På fremre Lee, som er fråflytta, er likevel garden holdt i god stand.


...og velkomstkomiteen er på plass.


Flott gardstun i den bratte lia.
 



Flotte steinmurar langs liane.


Kulturlandskapet på Lee er halde så godt i hevd at det er kome med på Europarådet si liste over kulturlandskap !


....vi har gode vegvisarar vidare mot Ytre Lee...


....og blei ønskt velkomen til gards...!!





Saltslikkesteinen er god den...!!


Her på Ytre Lee er det berre ein bebuar att idag.


Ytre Lee
 
 
 
Utsikta frå Ytre Lee er fantastisk !
Vi ser her Framfjorden og Neset i Arnafjord på andre sida !


Ytre Lee ligg flott til i desse bratte liene !




Vi er no på jakt etter Talkgruvene som ligg i nærleiken...


... det var ingen hjelp å få her...




 Vel, vi bestemte oss alle for å gå denne vegen...:-)





....og kom hit, men ikkje lenger..! Ingen vegvisar vidare, men fekk vite etterpå at vi var ikkje langt unna målet!





Mange flotte blomster og planter i skogen og liane.

 
Dale


Kløpinne...:-)



Vi måtte ta turen oppom garden på fremre Lee.









Og når vi først var her, tok vi turen oppover på denne sida av dalen og...


Fantastisk frodig og fint.



Gammalt kvernhus.


....og bygg som er godt vedlikehaldne.


Artig hellar !!

Det er ingen fastbuande på gardane på Hellane lenger.


....vi ser attende til fremre Lee...!


Endeleg ein god rast med niste !
Flott utsikt nedover dalen.


Stien går vidare mot Valsvikstølen,
ein av portane til Stølsheimen !









Vi ruslar nedover igjen, og ser fine gamle bygningar og detaljar.


Denne døra har også si historie ?



 


Er ved fjorden igjen der vi overnatta i bubilen på ein fin plass ved butikken og grendahuset.


Og så måtte vi "utforske" Talkmølla !


Talkmølla skal no rivast etter ein del diskusjonar mellom eigarar og vernemyndigheitene.


Det er store talkforekomstar i fjella kring her, og gruvedrifta kom i gang i 1908 med 100 arbeidarar !
 





Fekk eit bilde av noko av fabrikkutstyret som no skal demonterast


Sikkert greit at desse bygningane blir jevna med jorda...


...er ikkje lenger noke pryd for bygda...
 


 
Vi blei fortalt fleire historier frå tida med gruvedrift av svært hyggelege folk frå bygda ! Har også fått ein tidlegare fagforeningsleiar si historie om konflikter med leiinga...!
 
Inntektene frå gruvene gjorde arbeidarane meir velståande enn folk i nabobygdene. det blei fortalt at de "rike" gutane frå Arnafjorden tok jentene frå dei fattige bondegutane i Vik....!!



!





 
Vi takkar for oss etter eit par dagar på ein spennande stad.
 
Tusen takk til alle vi trefte, og som gav oss god info. og lyst til å komme tilbake
 
 
 
Takk også til alle som besøkjer bloggen :-)
 
 
Ha ein fin kveld !
 
 
 
 


3 kommentarer:

  1. For en flott tur dere deler med oss.Mange flotte motiv fra tidlegare tider er en opplevele å ta med seg.Ha en fin dag,helsing naboen.

    SvarSlett
  2. Hvilket landskap! Jeg håper jeg kan allet se med øynene mineselve for jeg vil være der i 2015. Hilser fra tyskland. Unskyll min norsk.


    Achim

    SvarSlett
  3. For noen flotte dager dere hadde. Så mye flott natur. Gamle og nye steder. Husker at vi kjørte Gaularfjellvegen mange ganger når vi skulle syd/østover. En virkelig flott tur. Takk for at du deler.Klem

    SvarSlett