fredag 28. januar 2011

Med campingbil til Lofoten!


Nr.6 Dagstur til Nusfjord, Smeden i Sund og litt vidare :)





Nusfjord har ein samansett bebyggelse som vesentleg stamma fra seint 1800 og tidleg 1900 talet. Det er fantastisk å gå rundt her og sjå kor godt alt er tatt vare på og vist fram i sitt rette element. Her er ein unik atmosfære som må opplevast.
Nusfjord betegnast som Norges best bevarte fiskevær.



På veg til Nusfjord. Godt å sjå at det er fleire som parkerer slik når det dukkar opp eit motiv :)







































Det var kjekt og intersant og vere her. I tillegg til godt bevarte hus og redskapar, var det også vist film frå sildefiske fra tidlegare tider. Tett i tett med opne båtar på havet... i all slag vær, det var ikkje alle som kom heim att!

Vi reiser no vidare til Smeden i Sund.....
Det skulle vise seg og vere ein merkverdig plass :)



På vegen køyrde vi forbi dette fargerike !!


Hos smeden i Sund!


I Sund finn du eit lite museum med hovudvekt på motor og fiskerirelaterte gjenstander, og litt til..... Der var det artigt :) Dieselmotorar i alle størelsar putra og gjekk i kvar sin takt og lydnivået og diesellukta hang i kleda i mange dagar...
I smia var det smeden Tor-Vegar som hadde alle sin oppmerksomheit. Han trylla fram skarvar i alle størrelsar,også andre ting,  men hovudproduktet var Kongeskarven. I smia var det ein lun og god atmosfære, praten gjekk lett og historiene var mange.
Utemiljøet - ja, det talar for seg sjølv :)....reknar med det var der smeden henta råstoffet sit frå....

















Etter denne "rare" staden reiser vi igjen ein tur til mot Reine. Første stopp blir Sakrisøy.
Sakrisøy er ein "omflødd" holme i havgapet.... står det ein stad. Øya ligg vakkert til ved innseglinga til Reine og omkransa av dei ville og vakre Lofotfjella. Dei okergule 120 år gamle rorbuene er eit blikkfang der dei står på pelar i sjøen.












Så er det rett til Reine. Vil bruke kveldslyset, som er det beste og ta bilder i (eller morgonlys)





















Så er det eit lite stopp i Hamnøy








Det har vore ein lang dag med mange opplevelser og inntrykk. Ein lang kveld og natt vart det også.... Så kjekt å få besøk av gode venner frå Naustdal :-))

7 kommentarer:

  1. Nok ein kjekk dag på tur:)Fint å bli tatt med, og så sleppe å køyre:)
    Takker og gleder meg til neste dag:)
    God natt og god helg:))
    Klem

    SvarSlett
  2. Ja, det er kjekt med godt selskap på tur!!
    Du skal sleppe å køyre, men eg treng gjerne nokon som kan trakke på bremsa etter kvart:))
    Det går raskare på heimturen, men ennå gjenstår det ein del trivelege dagar.
    Kjekt du er med vidare!
    Klem og god helg til deg også :))

    SvarSlett
  3. Utrolig fine bilder fra flott Lofotnatur, en fin dokumentasjon av Nusfjord

    SvarSlett
  4. Nydelige bilder frå turen!!:))) God helg!:)

    SvarSlett
  5. Tusen takk Ulf og Janne!!...kjekt med slike tilbakemeldingar :))
    Ønsker doke ei fin veke og finare vær!!

    SvarSlett
  6. Atter ein flott tur langs "yttersida" og som du så flott har dokumentert så er det ikkje berre på landevegen folk tek turen nordover.

    SvarSlett
  7. Nei, Lofoten er eit poppulært mål både fra land og sjø. Det såg forlokkande ut når seglbåtane for forbi ute på havet, eller kom nesten lydlaust inn til kaiane. I slike flotte dagar som vi hadde, måtte det vere heilt topp. Sikkert spennande i tøffare vær også....
    Du må nok planlegge ein tur nord over Arild :)

    SvarSlett