onsdag 9. februar 2011

Hausttur, nr. 2 - 2010.

Hausttur!


Nr.2 Frå Grotlesanden og vidare....


Tidleg morgon på Grotle


Det er nesten som den mørke natta ikkje skulle vore her. Fargane ligg forsatt ute i havet og spegla seg på den blanke havflata.
Eg er ute og og har ein flot morgontur på stranda, klokka er halv 7. Det er så stille og flott, litt kaldt og fuktig av morgondogga som ennå ligg på berga. Sola har ikkje komme opp bak husa her, men ser at det er tett før ho tittar fram. Skuggane på den andre sida minkar litt etter kvart også, det blir nok ein nydeleg dag! 



Sola kjem snart opp bak fjellet her

Dei første solstrålane treff stranda

Morgonro

Det er nesten synd å trakke på det fine mønsteret i sanden som bølgene har laga.

Den vesle elva som renn ut i havet


Morgonstemning på Grotle





Opphadet for oss her ute er over for denne gangen, men det blir nok fleire turar hit....
I dag var det meininga å køyre rett til Selje, men visse ting gjorde at vi måtte tilbake til Førde.

Vi køyrer no inn over og tek ferja frå Kalvåg til Kjelkenes. Ein fin tur med ferja og vidare inn over...Vi hadde avtaler som vi måtte rekke, så det var ikkje mange stopp til fotografering. Men noken små tilmålte minutt fekk eg...:)



Ein flott morgon





Det gjekk fort og greit inn over uten stopp, men då vi kom til Naustdalsneset, måtte vi ha ein liten rast.
I Naustdal er det vanleg med ein ettemiddagsbris, men i dag låg Førdefjorden blank og fin.


Førdefjorden, Heilefjellet lengst ute

Mot Førde

Vi fekk gjort det vi kom tilbake for og var klar for å starte opp igjen. Same fine været
i dag også, men etter værmeldingane å dømme skulle det gjerne bli forandringer fram over....



Jølstravatnet

Etter eit lite stopp på Jølster, gjekk det fort opp over. Denne strekningen kjøyrer vi så ofte så då er det  ikkje alltid det blir tatt så mange bilder.
Ut på kvelden kom vi opp til Selje, det var nesten mørkt men eit bilde vart det ....



Utsikt mot Selje


Skårbø var målet for kvelden. Du kjem til Skårbø ved å køyre forbi Selje kyrkje til enden av vegen ved Skårbø gård. her er ein stot parkeringsplass / snuplass. Dette er eit flott utgangspunkt for turar langs havet eller å ta stien som går opp ura rett til dei høgare deler av Stadtlandet.



Morgonstemning på Skårbø






Igjen tidleg ute. Desse nydelege morgonstundene må eg ha med meg, så ein tur langs stranda før frukost vart det....

Denne gangen vart det ikkje fleire turar fra dette utgangspunktet, men eg har lyst å ta med bilder fra ein tur vi hadde i mai.
Då gjekk vi herfrå og vidare langs stranda. Her er bra sti å gå på og flott utsikt  over Skårbøfjorden og til Seljeøya med Selje kloster. Steinane i fjæra er også flotte ut over her. Det er ei blanding av helle og rullesteinar.
På denne turen var det  hagl og regnbyger med sterk vind, så fotoværet var ikkje det beste. Kaldt var det også, men sola var  framme og varma av og til :)



Frå Skårbø gard.

Naust og uthus.

Frå turen langs fjæra



På denne turen kjem vi fram til den gamle og fråflytta garden Årdalen. Den ligg høgt og fritt til med ei flott utsikt over havet. Garden har aldri hatt vegforbindelse, men den var dreven fram til 1957. I dag blir den halden vedlike av Stiftelsen Aardalens Venner. Det er kjekt å sjå slike stader, men vi kan berre tenkje oss kva slit det må ha vore for å halde alt i gang.



Over elva

Her ligg Årdalen gard

Tilbakeblikk til Årdalen og Selje lengst inne


Her til kom vi ;)

Den flotte helle /mursteinen som var over alt her ute, var godt nytt frå gammalt av. Her var mange restar  av hus og gjerde av stein. Mange var ennå godt bevart...


....og godt kammuflert (eller dårleg vinkling av motivet )






På tilbaketuren tar vi igjen ein liten titt på husa på den gamle garden Årdalen.



Bli med inn på tunet !!

Påskeliljene blomstrar så det var ein fryd å sjå





Dei er flotte desse gamle steingardane

Så er vi tilbake i bilen og avslutta denne kalde vårdagen!!



Vi starta  opp turen tilbake mot Selje. Parkerer rett før vi kom inn til sentrum og fylgde stien opp over til flotte fjell og heier...
Det var ein fin dag, litt dis og småskyer. Tereng var ein god del myr og etterkvart lyng. Etter alt regnet som hadde vore var det sørpevått å gå, så her fekk impregneringa på fjellskoa teste seg...



Utsikt til Selja og Kråkenes



Utsikt fra fjellet






Vi køyrer seinare på dagen mot Selje. Det er så mange småplasser rundt her som vi har lyst å besøke, så det blir ein kveld uten mål og meining.



Selje


Leikanger


Eit besøk i Ervik er alltid kjekt. Det flotte kapellet ligg fint til her nede ved storhavet. Det er eit minnekapell etter forliset av hurtigruteskipet D/S "Sanct Svithun" som forliste i 1943.


Ervik kapell er ei langkyrkje bygd i 1970

Frå kyrkjegården



Mot stranda



Frå stranda i Ervik





Etter ei stund med fotografering og naturnytelse reiser vi videre. Honningsvågen er ein stad vi har høyrt om men ikkje besøkt....



Honningsvågen

Ds.

Frå Honningsvågen, ut mot havet......

Drage

.....også fra Drage


Vi var ikkje heilt fornøgd med desse plassane vi har vore innom til overnatting, så vi for videre.
Var igjen ein tur ned om Ervik for å få nyte dei siste strålane fra sola.....



Kveldstemning ved Ervikstranda





 

Vi har hatt ein fin kveld her på stranda. Mange surfere kom og skulle teste ut bølgene. Reknar med at dei sikkert hadde ønska seg litt meir utfordring, men det var uansett flott for oss og sjå på.
Så køyrer vi opp på Vestkapp platået og overnatta
Sola var gått ned men seint ut på kvelden kom ein knall orange haustmåne fram.





I morgon reiser vi til Ytre Fure!!



















































































6 kommentarer:

  1. Eg er fortsatt med på turen, drøymer meg heilt vekk :) Kjempefine bilder.

    SvarSlett
  2. Kjekt med hyggeleg reisefølge, Ann Tove :))
    Reknar med å nå målet i løpet av helga....
    Ønsker deg ein flott kveld!!

    SvarSlett
  3. Kjempe fine bilder frå Stadtlandet,no har eg fått meg utstyr, berre Campingbilen som manglar:),men står igjen å sjå korleis resultatet blir,blir inspirert av alle dessa fine bildene dine.God helg til deg:)

    SvarSlett
  4. Reknar med vi snakkar om fotoutstyr, Aud ;)Ja, då er det berre å sette i gang,du får heller reise heim igjen og sove...:))
    Ønsker deg lykke til, det er ein kjekk hobby! Gratulerer med overstått bursdag og god helg til deg også :)

    SvarSlett
  5. Om helsa held så vil det bli ein flott tur å sjå desse plassane frå "yttersida"

    SvarSlett
  6. Håpar at helsa di spelar på lag med deg Arild!
    Slike turar i vakker natur og møte med hyggelege folk er apselutt rekreasjon både for kropp og sjel.
    Kjekt å ha deg med på tur igjen:)
    God helg!!

    SvarSlett