lørdag 12. februar 2011

Hausttur, nr. 3 - 2010.

Hausttur!


Nr. 3 Til Ytre Fure..."Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"


Ytre Fure


Det var høgt, fritt og stille her opp på toppen. Ein nydeleg morgon og ein flott soloppgang....
Vestkapp platået (også kaldt Kjerringa ) er 497 m høgt og er det vestlegaste platåt i Norge.
Mange ganger tidlegare når vi har vore her har tåka komme drivande, men denne gangen var vi heldige og fekk denne flotte kvelden og morgon med flott soloppgang.

Etter frukost er vi igjen klar for tur mot Drage og Ytre Fure



Soloppgang, fotografert på Vestkapp platået



Masta på platået


Drage


Frå Drage kan du køyre med bil til Indre Fure. Vegen kom i 1966, den er smal og går heilt i sjøkanten. I vind og storm vil eg tru at dette kan vere ein ganske heftig tur med sjødrev og steinar frå fjøra. 

Vegen mot Indre Fure går heilt i sjøkanten


Indre Fure er eit idyllisk gardstun som ligg heilt i havkanten. Det er eit av dei siste klyngjetuna her i landet med historie tilbake til 1300 talet.

Klyngjetun på Indre Fure

....også frå tunet

Naust og molo



Her tar stien til Ytre Fure til


Denne fjøsen er den siste bygningen før du tar til på stien til Ytre Fure. Stien går delvis i fjøra og delvis i lia. Det finst også eit alternativ for stormfulle dagar, såg eg :)
Vi hadde eit nydeleg vær. Fargekombinasjonen av knallblått hav og den grøngule fargen på vekstene var fantastisk. det var berre å nyte.....
Vi såg også kor værhardt og vanskeleg det var å komme til lands for båtar, men ein godt utbygd molo var der rett før Ytre Fure.


Langs stien

Tilbake blikk til tunet

Alle bildene her er tatt på stien til Ytre Fure







Hus og molo på Ytre Fure



Vi er inne på tunet

Taubane








Då vi sat her på tunet og åt nista vår, trudde vi et vi var heilt åleine her ute. Det var før han kom ut av huset, mannen som hadde budt her ute i mange år. Han var her denne dagen og såg om potetåkeren sin og ordna opp igjen vegen mellom tuna som regnet og vatnet hadde øydelagd. Han gav oss ei historie fra livet her ute i generasjoner, om seg sjølv og sit liv her ute og mykje meir. Plutseleg var heile staden i mine tankar eit levande samfund,... slike forteljingar er gull hverdt!
Tusen takk for din gjestfriheit, for at du innviterte oss inn og for den gode samtalen som gjorde turen heilt unik!!

Så var det berre å ta ein siste runde her, før vi igjen gjekk same vegen tilbake.....







Tilbakeblikk

På tur tilbake...

Her er de berre å la seg trille utfor, du vil garantert nå sjøen:)

Frå tunet









....og frå hagen :)

Nesten vedmodig å reise her ifrå !

Mot Drage

Ein stad å komme tilbake til....Drage

Minnesmerke på Dragseidet. 
På veg ned mot Kvalheim


Vi har hatt ein dag med mange opplevelser. Ein fin tur i flotte omgivelser og møte med ein person som gjorde turen heilt spesiell.

Ein liten avstikker til Kråkenes fekk vi tid til før mørke kom. Denne kvelden var det roleg på havet, men her er alltid bølger, så det er ein utfordrande plass og fotografere i.


Bilder tatt ved Kråkenes Fyr












Vi hadde ein fin tur opp på toppen igjen, og videre til Vågsvåg til ein kveld med gode venner.
Dagen etter var finværet over. For oss gjenstod og takke våre venner for ein kjekk kveld og god frukost før vi tok til på siste etappe som gjekk fort og raskt til Stongfjorden og ein  kveld i Hønsehagen ilag med hyggelege folk og utsøkt underhalding av Jon Eikemo!

Før eg avslutter denne turen vil eg igjen takke  alle doke som har vore innom bloggen min for flott reisefølge :) Tusen takk forfine kommentarer her og på Facebook, for telefoner og meldinger. Det er kjekt å dele bilder når eg får slike tilbakemeldinger!!
Anbefaler alle å ta rundturar i vår flotte Vestlandsnatur....


Ha ein fin lørdagskveld !!








3 kommentarer:

  1. Tusen takk Liv for ein fin tur med bilder og tekst:))
    Utruleg kjekt å oppleve turen sammen med Dokke!
    Gledar meg til neste tur:))
    Ha ein fin søndag:))
    Klem

    SvarSlett
  2. Flotte bilder igjen,Liv.Blir spennande og sjå ka vi skal hen på neste tur:)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for at de vart med meg :))
    Det blir nok ein tur til, eg har mange og ta av, men trur det blir "dagsturer" ei stund framover no:))
    Ha ein fin kveld og klem til doke begge.

    SvarSlett