torsdag 3. februar 2011

Lofottur, del 9 - 2010

Med campingbil til Lofoten!


Nr. 9. Fra Svolvær...og heim!


Frå Svolvær


I Lofoten var det svært godt utbygde og tilrettelagde rasteplasser for campingbiler. Det kosta litt og vere der, men det er mykje kjekkare å møte ein plass der du er velkommen, eller eit skilt med camping forbudt. Opphaldet blir som regel kort då, og lite penger blir lagt igjen....
Her i Svolvær var det også ein stor plass med fint toalettanlegg. Den ligg like ved innseglinga til byen, og det var  god oversikt over alt som for forbi sjøvegen.

Først kom ein stor ein......

Så kom ein litt mindre som vi meinte å ha sett før....


Svolvær var ein fin by med eit yrende folkeliv, og  litt meir "bypreg" en på dei andre stadane vi har vore. Rorbuer og moderne turistannlegg står side om side, og  handelshus med ei mengd  flotte butikker. Det som gjorde mest inntrykk, var sjøen og det maritime miljøet....









Været var prega av tunge grå skyer som gjerne ville gje oss værforandring, men enn så lenge skein sola på oss og områda rundt og  skapte ein nydeleg stemning. Etter litt vandring rundt om såg vi plutseleg igjen denne seglbåten.....



 
Her var det noke kjendt :)


Etter kvart kom eigaren også til syne :) Vi fekk ein hyggeleg prat der på kaikanten med  Ray fra Stongfjorden og hans kjekke mannskap/gjest. Våre venner  med segleerfaring og som kan  fagspråket :) viste stor interesse, og det enda med at om det vart seglvær dagen etter skulle vi leige Ray til å ta oss med ein tur til Trollfjorden. Vi takka for eit hyggeleg treff og avtalte å møtest neste dag...

Så vandra vi videre i den lyse kvelden,...mange fine pubar var her også, og mykje hyggelege mennesker....






Ein vakker kveld i Svolvær :)


5. juli og værforandring, regn og vind.
 Vi såg fort at denne dagen ikkje vart som forventa, men vi var på plass ved Ray sin båt som avtalt. Vi vart tatt imot med nytrakt kaffi i lugaren. Ray fortalde litt om turen opp over og litt om tankar om vidare turar.
Om vi skulle på tur eller ikkje denne dagen, var litt usikkert. Vindprognosene var ikkje av dei beste og andre turoppratører hadde avlyst sine turar til Trollfjorden. i dag. Fjorden er smal og med høge fjell og vind er vel ikkje det det beste... Etter litt fram og tilbake vart det bestemt at det nok var tryggast å ligge til kai denne dagen.....iallefall med uerfarne seglepassasjerar ombord, då tenkjer eg mest på meg sjølv og ein til   :))
Vi gjekk frå båten med god kaffi i magen, og vi hadde hatt eit hyggeleg møte med kjekk prat!
Tusen takk til Ray og hans hyggelege gjest!!!

Kva gjer vi no, jau vi gjekk på konditori :) Vi kjøpte gode kaker, gjekk til bake til bilen og laga meir kaffi og hadde smakebitar frå Svolværs utsøkte delikatesser i kakevegen :))

Etter kvart var vi klar for vidare tur. Trollfjorden var forlokkande og sidan det ikkje vart med båt, fekk vi ein ide om ein avstikker til Digermulen. Det var det nærmaste vi kunne komme for å sjå ein del av denne poppulære fjordarmen.
Turen langs Raftsundet var lang med smale vegar, men vi hadde god tid og det var fint sjølv om det var regnbyger i lufta. - men vind vart det ikkje !!


Desse bildene er fra Raftsundet





Fiskeutstyr hadde vi også med oss. Etter alle måsen  å dømme, skulle det vere fisk i sjøen, så vi ville prøve fiskelukka her. Fisk var her, vi fekk småsei med vi ville ha... og litt til.  



Karane fiska, men vi damene gjorde grovarbeidet med tilrettelegging for ein bedre middag!!


Vi måtte etter kvart stoppe fiskinga, for no har vi ialfall middag. Nykokt småsei til middag og utsøkt fiskesuppe til nattmat - i Digermulen på kaia der ferja går til Store Mulla :) Artig kveld!!


Fra ferjekaia i Digermulen med overfart til Store Mulla :)


Flott utsikt til skipsleia i Raftsundet.


6. juli -grått, vått og 11+
Vi gjer oss no klar til søroverfarten. Ferje frå Løddingen til Bogenes.
Har hatt kjekke dager ilag med Rannveig og Olav, men no drar vi i kvar vår retning. Våre venner reiser til Stedtind for fjellgåing, og vi reiser til Hamarøy og Knut Hamsunds rike.
Tusen takk  for flott reisefølge og mykje morro, dette må gjentakast !! :)



Hamsundmuseet, ein moderne og omstridt bygning.


Da vi først var her, tok vi også ein tur ut til Tranøy. Heilt ute på dei ytterste svaberga var utstillingen "Under Åpen Himmel-2010". dette var flotte fotografier av Unni Skoglund og Anne Strand. Heilt fantastisk flott!!



På vegen ut til utstillingen.



Fotoutstilling i naturens galleri.



 


I Hamsundgalleriet var det også flotte utstillinger.


Vi overnatta på ein campingplass ved Hamsundmuseet. Ok plass.
7. juli. Det var ein våt og vindfull morgon, med 11+. Turen vidare på E6 går raskt sørover.

I dag skal vi  treffe tidlegere kollegaer og venner fra Bodø. Torill og Åge har hytte på Fauskeområdet,  og avtalen er å treffe dei der. Vart tatt godt imot og snart var vi plasert rundt bordet til kaffi og Torill sine gode nysteikte vafler. I dette selskapet går praten lett og latterkulene set laust. Åge er rik på sjølopplevde morsome historier og forteljarkunsten hans er enorm :) Mimring om felles turer som ein spesiell togtur til St. Moriz. lange middager i Praha og vinsmaking i Siena er nokon av våre flotte turar med gode opplevelsar :)
Tida går fort også her, og vi må drar vidare.  Til Torill og Åge, -  tusen takk for kjempehyggelege timar, ønsker og treffe doke snart igjen!!


Her måtte eg opp med fotoapparatet - tankane går til min lille røde som står på låven :)


Vidare sørover,....over Saltfjellet i ein etter kvart  flott kveld. Hadde ein liten rast ved Polarsirkelen.




Ved polarsirkelen


Det var ennå tidleg kveld, så vi forsette vidare til Mo i Rana, der vi overnatta.

8. juli kl. 8.30 er den varmaset morgonen vi har hatt på denne turen...21 + :) etter frukost og litt rydding i bilen er vi igjen på reise, no til Mosjøen. Det går raskt og vi er i eit slag vakum etter alle inntrykk og opplevelser. Det blir heller ikkje tatt bilder....
Fra Mosjøen tok vi igjen inn på Rv. 17  mot Sandnessjøen....havet lokkar!! :)



Frå området rundt Helgelandsbrua

Vindanes hus av Sissel Tolaas. Frå skulpturlandskap i Nordland, plassert ved Helgelandsbrua i Alstahaug

Helgelandsbrua

Igjen møte med Dei 7 søstrer


Vi hadde eit langt stopp på Alstahaug der vi var inn om Petter Dass museet. Museet vart etablert i 1966 og består av fleire bygningar. Den eldste bygningen på tunet er den gamle prestegarden fra første halvdel av 1700-talet. Her herska fred og ro og sommerkvelden skapte ei flott ramme rundt det heile.



Alstahaug kyrkje. Arkelogiske funn bidrar til å stadfeste den eldste delen av kyrkja til ca. år 1200



Bilda her er frå tunet på museet









Så blir det igjen ein ferjetur - frå Tjøtta til Forvik. Føler no at vi er iferd med å forlate ein fantastisk flott landsdel.....men først skal vi ha in overnatting på Lauknes igjen :)


Frå ferjeturen til Forvik


Fin oppstillingsplass på Lauknes.

Utsikt frå Lauknes




Den 9. juli starta dagen med overskya vær og vi starta tidleg med køyringa videre. Var snart med ferja frå Andalsvågen  som igjen tok oss til Horn. Vi hadde ein rast på Øye Naturreservat denne gangen også. Det var godt å strekke på beina, og her var like stille og fint som då vi reiste opp over.







Under vegs her har vi kontakt med gode venner på Sunndalsøra. Då dei høyrer at vi er i farta , er det grei beskjed. "Vi møtest på Oppdal til kvelden"...og det gjorde vi :) Det vart eit triveleg møte på hytta, og når vi kjem til Karin og Jon, er det aldri snakk om å fare vidare på mange dagar... derfor parkerte vi godt. Tida på Hønefoss og Helgelandsmoen er ting som knyter oss saman + god kontakt gjennom mange år.
 Vi har mange ting å snakke om, og snart er vi langt inn i natta....:)

Morgondagen var fin, men med ein kald vind. Reiser opp til Gjevelvatnet og tar turistbåt inn til til Trollmeimen og Vassendhytta


Frå Djevelvatnet


Frå Vassendhytta




Det var ein fin tur inn over vatnet.  Frodige bjørkelier, idylleske sætervollar og kvite sandstrender langs vatnet. Var på vassendsetra og hadde turar i området før vi igjen tok båten tilbake.
Kjekt å ha venner som tek oss med til slike stader.
Eit hyggeleg opphald på Oppdal som rakk heilt til søndag morgon....
Takker masse Karin og Jon, for ei flott helg!!

Drar no videre til Dombås med tanke på å komme heim denne dagen. Men Kari som ikkje var i Molde på turen opp over, var no klar for besøk på Stueflotten - på hytta. Her var det planlagd pubrunde på Bjorli med VM - fotballfinale Nederland - Spania. Vi som reiser ofte til Spania, heia sjølvsagt på dei :) og det vart eit godt resultat tilslutt :))
Koseleg kveld på terassen i ei  sommernatt som var blitt mørkere en i Lofoten!

Etter ein god frukost dagen etter, sette Ingvar seg bak ratte og tok oss med den lange fjellvegen til Mardøla. Vi hadde ein fantastisk dag både i bil og seinare på turen inn til  Mardalsfossen.





Mardølafossen


Igjen vart det ein flott dag med nye naturopplevelser som då vi kom heim vart avslutta med nydeleg kjøttsuppe!
Kari og Ingvar, vi set stor pris på alle gode stunder ilag med doke...denne var ei av dei !!!

Så.....er det berre vegen heim som gjenstår. den gjekk raskt. Nøyaktig 5000 km lang vart denne fantastiske turen!!

Takker igjen for all gjestfriheit fra våre venner, til vårt hyggelege reisefølge på ein del av turen, til alle vi elles trefte, og til alle doke som  har besøkt bloggen min og for kjekke tilbakemeldinger her og på Facebook.!!
Alt dette har vore med til å  gjeve oss/meg to fantastiske turer. TUSEN TAKK!!





Atle seier då vi kom heim, at etter ein slik tett tilværelse over så lang tid, må han ha luft å puste i...Eg reiser då ut til Staveneset og mimrer over turen spessielt og livet generelt :-))  Nesten midnattsol her også!!





11 kommentarer:

  1. Har vore kjekt og besøkt bloggen din og fått med oss denne flotte reiseskildringa,med vakre bilder av flott og storslagen natur og små idylliske plasser.Flotte bilder frå Svolvær,som eg synst var ein veldig fin by.Synd at dåkke ikkje fekk ta turen inn Trollfjorden,for den var berre heilt fantastisk.God kveld til deg.

    SvarSlett
  2. Takk for fine ord, Aud! Eg er heilt einig med deg, Svolvær var flott.
    Trollfjorden, den har eg høyrt mykje om, det må nok ein hurtigrutetur til for oss også. då med garantert nordlysopplevelse :)
    Ha ein fin kveld du også, Aud.

    SvarSlett
  3. No har eg "vore med" på heile reisa frå start til slutt. Her var det jammen mange flotte bilder og mykje god tekst til. Eg har lenge hatt lyst til å reise til Lofoten, og det skal eg ein gong, men dette var ei god erstatning inntil vidare. Takk for turen !

    SvarSlett
  4. Eg sluttar meg til dei andre, dette har vore ein flott tur, og som Kjell seier så er det med på å inspirere til ein tur sjølv ein gong.

    SvarSlett
  5. Takkar masse for hyggeleg selskap på turen og kjekke tilbakemeldingar :))
    Tidspumktet vi var der på var idelt med passe trafikk. Det er nok meir køer både her og der seinare på sommeren.
    God helg!!

    SvarSlett
  6. Hei Liv! Sette meg ned ikveld og gikk igjennom alle dei vakre bilda frå dei 9 reiseskildringane dine Liv. Eg må innrømme at auga vart blanke ved fleire annledningar av dei vakre bilda, og det meiner eg.Må og få skryte av dei gode tekstane til bilda. Mannfolkparkering hadde Atlen funne og,og so palen so vassa i Raftsundet og som gjorde til at det kom fiskesuppe på bordet den kvelden:-) Må igjenn få takke deg og Atle for ei fin reiseskildring. God helg til Dåke! Steinar B.

    SvarSlett
  7. Takk tilbake til deg også, Steinar!
    Eg blir svært glad for slike tilbakemeldingar, det gjev meg mange bonuspoeng for arbeidet eg hadde med å legge ut desse bilda:))
    Håpar å kunne få ein tur til, då gjerne tidleg vår eller sein haust. Trur lyset er ennå meir spektakulært på den tida....og så var det dette nordlyset då.....:)
    Ha ein fin dag!

    SvarSlett
  8. Enig med alle dei andre her!:))) Du er flink med både bilder og tekst!!:))) Skal nok ha meg ein tur nordover ein gong eg og;) Ha ein flott dag LIv!

    SvarSlett
  9. Takk for fine ord, Janne!
    Det vore "fint" vær til å jobbe med bilder inne i.
    Ser slik ut forsatt at eg kan ta ei reise til i fotoarkivet mitt :))
    Velkommen heim frå Stavangertur!

    SvarSlett
  10. Hei.No har eg sotte her i regnveiret å kosa meg med bilda frå Lofot turen dåka.Utruleg kjekt å både sjå og lese,nydelige bilder.Likte veldig godt det av nordlands båtane for å nevne ett :) Fekk absolut lyst enda meir lyst å reise dit :)

    SvarSlett
  11. Ja, det var ein fantastisk opplevelse og vere på reise i Lofoten. Vi var der i mange dager og fekk sett mykje, men ennå er det mange stader vi ikkje har fått med oss, så det må nok bli ein ny tur...:)
    Så Marit,det er berre å reise, de vil ikkje angre :)
    No håpar på litt lettare vær etter kvart, så vi får fine fargar å ta bilder av :)
    Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett