mandag 7. mars 2011



Hei, og tusen takk til alle som har vore med oss på tur :-)))



Her er tre av oss - den fjerde var gått inn då bilde vart tatt, fordi han var kald på føtene :)


Det har vore hektisk aktivitet i skogen dei siste dagane også. Barna var no eigarar av ei heil mengde gode bjørkestokkar som var brukande til mange ting. Lørdag kveld var det stor aktivitet og ein lavo var under bygging. Denne vart bra til bruk i stille og mildt vær, og når dei i tillegg måtte sitte trangt, heldt dei seg varme også.....:)

Søndag morgon kl.7.00! var dei igjen klar til ei ny økt. Då viste det seg at vinteren nok ein gong hadde fått overtaket. Her måtte det nok til med andre byggematriale som heldt vinden ute. Alle krefter vart sett inn, og snart var byggverket oppgradert. Det vart no plass både til servering og liggemuligheiter ..... 


Her er det full aktivitet og VM- vimplane vaier i vinden!!


Heime hos oss   :)

....i lavoen...

....kosar vi oss...


Vi takkar alle som var med oss på vinterferie og ønsker doke ein fin vår!! :-)))))
                      Lavoen er no tatt ned og lagd tilside, slik at den er klar til neste gang....
            
Vi likar oss i Størdal og Stongfjorden, og bestemor seier at det er godt at vi har fått ein plass for oss sjølve .....!! :)

1 kommentar:

  1. Fine bilder,ser ut som barnebarna kosa seg på ferie i Størdal.

    SvarSlett