onsdag 23. mars 2011

Nr.2 Litt rundt- omkring på Costa Blanca.


Vårturar i Spania.

Nr.2  Frå Retamar til Calpe.


Fra området rundt Mini Hollywood.

Turen denne dag går gjenom eit spesielt og dramatisk fjellområde, men først ein nydeleg morgontur langs havet i Retamar.

Her hadde vi ein overnatting på Hotel Cabogata Plaza Suites. 63 Euro med middag og frukost for to personer. Ein kjekk kveld!!
Retamar var ein nydeleg liten by, med eit fantastisk parkområde, flott baseng og promenader.
Å få med seg morgonlyset og dei første sølstrålane er allti flott, og vi var tidleg ute med kameraet. Det var stille i gatene og tåka og disen frå havet låg som eit teppe over strendene... ein herleg morgon :)
Etter ein times tur var det frukost på hotellet før vi igjen sette oss i bilen.


Bilder frå vår morgontur!











Frukost på hotellet før vi køyrer vidare....

Vi køyrer no vidare mot Guadix. Landskapet her er nesten uverkeleg, eit goldt og øde landskap med lite vekster.Vi hadde ein liten avstikker til Mini Hollywood, der det er spelt inn mange vesterenfilmar. Kulissene står der og det var nesten som vi venta på at det skulle gå av eit rifleskot :)








Frå Mini Hollywood





På strekningen mot Guadix er det store områder med vindmølleparkar (noke som det er mange stader i Spania )







Guadix er kjend for sin flotte  katedral og ei mektig maurisk borg.Dei fleste som kjem her er meir opptekne av sigøynarane som lever i holer med vindauger i -  det var vel eigentleg vi også :)
Ein del av desse bilda har eg tatt i fart gjenom bilruta. Dei er ikkje så bra som eg kunne ønske, men på motorvegen er det ikkje lov med stopp kor som helst :)


Guadix rundt neste sving


Katedral i Guadix


Mitt hyggelege reisefølge! Sjåfør til venstre  og GPS ansvarleg til høgre. Kartleser og støttespelar til GPS'en var ikkje tilstade då bilde vart tatt.... og fotograffen har aldri fri :))
Eit godt team!!


Huleboraer.

Vi køyrer no mot  Jodar og tar av ved  Ubeda til Albacete. Dette er eit område som er så fullt av oliventre at det må berre opplevast. Her er enorme flater og trea står på rekkjer så langt ein kan sjå. Vi funderte mykje over korleis haustinga føregår :) ( Arne, dette skulle du sjekke opp i !! )






Gammalt og forlatt




Så kom vi til Alcaraz. Her har det nok vore ein stad med mange vakre bygningar og borger. Men vårt inntrykk no var at her var det mykje forfall og mange ruiner. Vi var tenkt og overnattepå denne staden, men ombestemte oss og køyrde vidare til Albacete...


Alcaraz

....men denne tok vi med oss :)


Det var etter kvart blitt mørkt og i tillegg regnbyger, så her vart det ingen fotografering.
Albacete ligg inne på dei enorme La Manca-slettene og er ein blanding av gammalt og nytt. Den er kjent for sin framstilling av knivar.
Vi fann hotell og etter kvart ein restaurant med hyggelege tyrkiske gutar som spanderte kebab på oss og lurte på kva land vi kom fra :)... Norge sa vi, og dei hadde høyrt om Bergen.....:) det vart ein kjekk kveld !!

Så er det siste etappe som gjenstår. Nydeleg dag med sol og blå himmel. GPS'en er god å ha, og vi fekk peila oss inn på rette gate for drivstoff-fylling. Vi køyrer no ut mot kysten og til Ja'tiva. Her er det mange flotte gamle bygninger, borger og festninger. Ein gammal bydel med så trange gater at du nesten kan ta bort på kvar side. På slike stader er det fantastisk kjekt å vere, det osar av gammal tid...

Ja'tiva ligg i Valencia regionen og byen Valencia og områda rundt er kjend for sin Las Fallas fiestas. Den når sitt høgdepunkt den 19. mars, på St. Josefs dag.Til dette blir det laga store satiriske figurar av pappmasje
som blir sett i brann denne kvelden. Det var eit yrande liv i gatene og fyrverkeri small heile tida. Kjekt å få med seg, sjølv om det var lite her i mot det som er i Valencia.
Gjekk også på høgda bak byen og fekk med den fantastiske utsikta... 


Litt av figurutvalget :)




Trange gater


Utsikt over Ja'tiva



Her i Ja'tiva skal alle figurane brennast på bål denne kvelden, men vi reiser videre mot Calpe og lunch.....
Dette er ein strekning vi ofte køyrer så ingen stopp og ingen bilder.

 Takk for oss!


I Calpe vart lunchen inntatt i havna. Vi hadde eit nydeleg fiskemåltid, og evaluering av turen. For lenge sidan.... svært lenge siden, skreiv vi i stilane våre at "alle var einig om at det hadde vore ein kjekk tur".... slik var det denne gangen også!! :)
Medan vi kosa oss med siste resten i glasa, gjekk sjåføren ein runde mellom båtane....:)


 Frå havna.

ein vart ekstra fornøgd :)


Då vi kom tilbake til Villajoyosa hadde sola gått ned, fiskarane hadde sett ut fiskestengene sine, og det var ein nydeleg kveld ....
Etter solnedgang.

Til Solveig og Arne, tusen takk for ein flott runde. Alltid kjekt å reise med doke :))

Ein fin kveld og dag til alle som besøker bloggen min :))

6 kommentarer:

  1. Mange flotte bilder her,kjekt å sjå.Ser ut som dåkke har hatt ein fin tur.Lite som minner om vår her,snøbyger i lufta i dag igjen,men håper den kjem godt når den først kjem.Forsatt ein fin ferie:)

    SvarSlett
  2. Takk for kommentaren Aud :))
    Ja, vi har reist litt rundt på nye stader. Været har vore så passe. Mange dager med grå skyer og regn, men i dag skin sola igjen :)Ser at vinteren ennå ikkje har slept taket heime, men våren er nok like rundt hjørnet...;)
    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett
  3. Du kan være glad du er der du er,her har det snøa i to dagar no,men heldigvis er det meldt bedre vær ut i veka,kansje våren er kommen til du kjem heim.

    SvarSlett
  4. Dette har vert ein flott tur, kjenner den flotte lufta i nasen.
    Godt det snart er vår her og, i alle fall er det meldt ein dag med opphold i sluddbyene.

    SvarSlett
  5. Nydelige bilder, ser ut som om dåke koser dåke;-))) Nyt det, for her er det fortsatt vinter:-S

    SvarSlett
  6. Kjekt at eg har hatt doke med på denne turen også, og tusen takk for kommentarene :))
    No er det varmt og flott her nede, berre så synd at opphaldet snart er over.
    Har hatt flotte dager, og fått mange bilder på brikka. Har lite tid til pc'en her nede, men eg skal legge dei ut her etter kvart...:)
    Ønsker doke ein fin dag!!

    SvarSlett