onsdag 7. september 2011

Hausttur nr. 3 - 2011.





Til Jøssingfjord - Sogndalstrand og vidare langs Jærstrendene


Klikk gjerne på bildene for å få dei større!



Fra Ognabukta.


Søndag ettermiddag er vi igjen på vegen. Det fine været som vi hadde i går er borte vekk,  og igjen er det grått og vått.
Det er ein spektakulær og storslått natur vi reiser igjenom på veg til Jøssingfjord.



Jøssingfjord



Vårt mål her er å besøke dei små husa som ligg inn under helleren.
Sola er igjen framme og gjev litt lys til dei elles så dystre landskapet.


Helleren.
I fjellsida bak det røde huset finn vi " DRÅBEN"
Her siv det vatn ut av berget. Folk i Helleren samla opp vatnet, dette sparde kvinnene for mykje tungt arbeid. Det vart sagt at vatnet fra "DRÅBEN" smakte ekstra godt.


Orde helleren beskriv fjellformasjonen som vi ser over huset. Ein heller tilbyr menneske og dyr sjul for vær og vind. Helleren her er 60 m. lang og 10 m. djup frå dråpefallet og inn.
Huset står uten taktekking fordi det blir beskytta av fjellet.
Huset som vi ser i dag, kan arkitektorisk førast tilbake til tidleg i 1800 talet, men deler av det kan vere eldre. Det vart fraflytta på 1920 talet...


Oppsamla vatn kom nok godt med til klevask :)


Her blir " DRÅBEN" samla opp i bøtte.




Stien mot Helleren



Slik ligg vegen til i dag. Jøssingfjord var i tidlegare tider vanskeleg tilgjengeleleg over land.



Sjøvegen var då den viktigaste ferdselsåra. Tunnelen  og vegen stod ferdig i 1920. Før den tid måtte folk ta seg fram på smale stiar. Vege fra Holmen til Helleren stod ferdig i 1917.


Her ser vi den nye tunnelen, men også kor den gamle vegen ligg langs fjellsida  med tilhøyrande tunnelar.


Så er vi i vakre Sogndalstrand 3 mil sør for Egersund.

Dette er eit tettbygd område i Sokndal i Rogaland kommune. Staden voks fram som handelstad og landstad på 1800 talet. Staden ligg ved havet og har vore nær knytta til sjøfart.
Dei gamle husa er flott restaurerte. Sjølv om det no er satsa mest på turister, kan du forsatt kjenne atmosfæren fra svundne tider :)



Alle bilda nedover her er frå Sogndalstrand


Forvedenbenken...








Eit framkomstmiddel som måtte passe bra her i dei trange gatene...
No brukt som blomsterpotte :)




Etter ein fin runde her på denne plassen ( vi slapp å bruke paraply ) er vi innviterte til Oddrunn og Oskar på kaffi. Det vart eit hyggeleg møte med utvekslinger og erfaringer fra bubilturer i Europa, kor vi har vore eller kan tenkje oss å dra. Ingen planer vart lagt, men det er mange nye stader som freistar...
Det heng ennå igjen eit snev av misunnelse etter at vi tilslutt fekk omvisning i deira splitter nye bobil :-(
Så til Oddrun og Oskar, tusen takk for kaffi, nydeleg ostekake og hyggeleg prat.



Vi tar ein liten avstikker og ser på dette steinbrotet før vi fær vidare.
Ikkje særleg fint i naturen, men arbeidsplasser for mange er det nok... 



Utlastingsområde for stein



Vi køyrer no mot Egersund og videre mot Brusand som er målet for kvelden.
På Brusand har vi vore tidlegare i somme rog tanken var å overnatte på same campingplass som sist. Der var plassen stengt for kvelden pga. av mykje regn og fare for å få ødelagt marka.
Vi køyrde difor tilbake noen km. og fann ein anna plass som også var fin.
Dette var på Ogna Camping, og bildene her er tatt på stranda ved Ognabukta.



Denne staden låg også heilt ved stranda. Uværet var i ferd med å bygge seg opp, men som fotomotiv var bølgene og den dystre himmelen heilt topp...:)



...trur neppe det vart fangst denne kvelden..


Eg var på stranda så lenge eg kunne, men tilslutt kom regnet...
Vi var glade for at vi ikkje låg i telt denne natta...



Det vart ei natt med regn, vind og forholdsvis lite søvn...
Litt solgløtt var det på morgonen, så etter litt kaffi var vi igjen klar for ein strandtur...


Det var ikkje særleg håp om forbedring i været, men litt sol slapp det igjenom skyene her og av og til...



Mange måtar å nyte strandlivet på...:)



Campingplassen ligg fint til bak sanddynene.





Vi var også ein tur ut til Kvasheim fyr. Skyene heng tunge over Jæren i dag, det var regn i lufta, så det vart eit kort stopp.



Det vart etterkvart litt lettare, så vi hadde eit lite stopp og ein strandrunde...




 Dette vart det siste bilde fra Jærstrendene for denne gang.



Vi tar ferja tilbake til Hallhjem og dei tunge skyene har vi med oss...



Ute i havet ein stad ser det ut for at det er ein liten lysning i skydekket.
Vi køyrer no uten stopp til Askøy og  der vi fekk ein koseleg kveld ilag med små og store barn :)) 



Kveldshimmel over Askøy.

Vi har hatt ein artig tur -  mykje vær og mykje natur...
Takk til Solveig og Arne for nok ein vellykka runde :)


Velkommen innom til doke som har lyst å ta ein titt på bildene mine :)

Ha ein fin kveld !!



5 kommentarer:

  1. Du brukar lyset fantastisk flott i bilda dine Liv, det er berre vakkert.

    SvarSlett
  2. Her var det mykje fint å sjå,Liv,synst det var artig å sjå bildene frå Helleren,ein flott tur dåkke har hatt.

    SvarSlett
  3. Ja, dette var ein skikkeleg fin tur. Flotte bilde og flott natur. Vi har eit fint land, ikkje sant Liv?

    Helsing turkamerat Arne

    SvarSlett
  4. Så mange fine plassa de har vert på... Nydelige dei bilda frå stranda,ognabukta,sånne vil eg og ta;)).Du e kjempeflink med bilder og ord :))

    SvarSlett
  5. Takk for fine ord, Arild - blir glad...:)
    Natur og landskap er det eg likar best å fotografere. Solnedanger er eg veldig glad i :) men ein liten solstråle som slepp igjenom ei tjukk og mørk sky, er meir spennende å fange opp.
    Slik sett har denne sommeren vore ideell :)

    Ja Aud, dei er artige desse små husa. Det ligg nok mange historier i desse veggane. Det er nesten rart at dei er så godt i stand, for her er ein enorm turisttraffikk innom. Landskapet her er også svært spesielt.

    Alltid like kjekt å reise ilag med doke, Arne. Mykje latter og lite stress :))Ja, vi har ein unik natur i Norge. Skulle vi gjerne ta ein Lofottur igjen, eller ein tur til strendene i Tarifa ?

    Vi fekk med oss ein heil del Marit, men det er ennå mange små plassar vi gjerne skulle vore innom. Likar godt å kunne ta fotturar i
    tillegg når vi reiser slik, men denne gangen vart det lite av det pga. mykje regn.
    Kjekt du likte bildene mine, trur Jærstrendene er spesielle når det gjeld lys og skyforhold. Men jammen er det fint på Atløya og i Staveneset også :))
    Ønsker doke ei fin helg !!

    SvarSlett