fredag 23. september 2011



Septemberdager i Naustdal.



September har vore ein mnd. med mykje regn og gråvær. Men ein og anna dag har sola slept igjenom skylaget og laga litt lys og varme.




Her på Sanden fekk Budeia sole seg eit kort øyeblikk...


...før regndropane igjen gav henne ein dush...


Såg ut for at alle båtane låg pent i rekkene også...


Regnbogen kom også på himmelen. Er litt vanskeleg å sjå kor gryta med gull er, men trur nesten det må vere der som den nye barnehagen skal stå...:)



Så var det dager som var fine, og lokka meg og Jack heilt på Kletten.


...heilt ut var vi, og utsikta var fin. Eg tenkte at her er det lenge siden eg har vore... :)


kjem du...??



Ein sommerfugl trefte vi også. Hunden fekk beskjed om å sitte heilt iro så eg fekk ta bilde, med meir eller mindre vellukka resultat...:)


Så var det runden rundt Naustdal som gjenstod. Her er fint langs elva, berre synd at det gror igjen med skog over alt.


Frå brua er det god utsikt til Øyrahaugen -  her er det mange gode minner fra...:))
Kan hende om vi ser godt etter, ligg den gamle plankehytta godt gøymt inne i granskogen ennå...



så kom det ei "blå sky" i dag også...
Førdefjorden var stille og fin og gav eit flott bilde til dei som for ut over til Vevringutstillinga som oppna i dag...



Måsen vart glad og stod på ein fot og skreik...



Igjen vart det ein fin ettermiddag på Sanden...


....og Budeia fekk igjen sole seg...


...og blomsterfluga kosa seg med godsakene i nypehekken... :)


Takk for at de vart med på ein liten tur til Naustdal...

Ha ein fin lørdag :)

6 kommentarer:

  1. Fine bilete fra Naustdal. Kjekt å sjå. Gerd

    SvarSlett
  2. Lekre bilder frå Naustdal her Liv :-))) God helg til deg!

    SvarSlett
  3. Utrolig fine bilder,dyktig er du Liv ;o)

    SvarSlett
  4. Takk tilbake til doke alle :-))
    I dag er det igjen ein overskya dag med tåkedotter i fjella. Litt sprekker i skylaget fortel at dagen gjerne blir fin - da tar eg meg ein tur i Dalen...:)
    Ha ein fin søndag !!

    SvarSlett
  5. Flotte bilder og herleg høstlys.

    SvarSlett
  6. Ja, i desse dager må vi vere klar til å benytte den minste vesle solstråle, vi har ikkje hatt formange å ta av.
    Kjekt du har vore inn om :-))

    SvarSlett