fredag 4. november 2011

Del 2 - Litt rundt omkring i Castilla - La Mancha regionen.




Høsttur i Spania

Del 2





Så er vi på vegen igjen og eit av våre mål denne dagen er Ciudad Encantada.
Det er eit heilt spesielt landskap i 1500 m. høgde og omgitt av furuskog.
Det ligg 36 km. sør for Cuenca på ein veg som går over Villalba de la Sierra.
Svære steinhaugar eller lange parallelle fjellkammer er tært ned av erosjon slik at det er blitt ståande igjen som små og store steinfigurer.
Det var fantaastisk og sjå. Skulle vore her på forskjellege tider av dagen, slik at vi hadde fått brukt lys og skugge best mulig under fofograferinga, men det hadde vi ikkje anledning til denne gangen...



Men før vi kjem til denne forunderlege staden, har vi ein tur i nydeleg høstvær framfor oss.


Turen vår denne dagen går langs den flotte elva Jucar
Fargane var på trea var vakre - det var også dei fantastiske kalkklippene som var framtredande over alt på denne sreekningen.



Naturen laga dei mest fantastiske kunstverk... :)


Langt ned til botnen ...


Så er vi framme ved utgangspunktet til Ciudad Encantada.
Men først hadde vi ein rask tur til dette utsiktsplatået






Då er vi klar til å gå inn i Ciudad Encantada.
.


 EL TORMO



LOS  BARSOS 



EL PERRO


LA FOCA


Her var så mange artige figurer at ein kunne bli forvirra av mindre...
...nesten som å komme inn i ei eventyrverden :-)


PUENTE ROMANO


EL LUCHA ENTRE EL COCODRILO Y EL ELEANTE




Takk for følge -  no er vi klar for bilen igjen :-)


Så er vi igjen på vegen, og
Don Quijote føl oss med eit våkent blikk...


Vi køyrer igjenom eit landakap med mykje lauvskog og haustfargane er på sitt finaste
Vårt mål denne dagen er ein liten by som heiter Beteta. Den ligg 1200 m over havet.


Men før vi kjem så langt passerer vi denne nydelege innsjøen.






Vi var innom mange små landsbyar








Så har vi parkkert på torget i Beteta. Det er ingen stor by, heller ein liten landsby. Her som alle andre stader, var det  litt gammalt og litt nytt,
 men  barar, hotell og resturanter har dei her også....
Livet bar preg av ro og fred og folka var hyggelege og imøtekommande...


Utsikt fra hotellet...:)


På toppen av byen var det her også ei borg...



Vi hadde ein fin kveldstur på veg opp til borga...



...med god utsikt over byen...


...og høgt ned...



Når sola går ned her, er det nesten mørkt med ein gang, så gatelysa var tent når vi kom ned igjen.





På bar var vi også, og denne tortillaen var kjempegod...:-)


Her er hotellet vi overnatta på
Det var gammalt, men reint og fint og med overkommelege prisar.
Så er det ein ny flott dag.
 Desse bildene er tatt på ein liten runde før frukost.
Ennå var det stille - sola var heller ikkje komme ned her mellom dei trange smaua. 





Sola sende sine første strålar inn over landskapet og det kjem vel med, for på min tur var det ikkje meir
 en 2 + gr.


Når sola snart har nådd hotellet,  er vi klar til å forsette vidare... 


Vegen vi køyrer denne dagen går gjennom jordbrukslandsbyer og Serrania de Cuencas ville raviner.
 Det er eit typisk jakt og jordbruksområde.




Det var eit fantastisk område vi reiste gjennom, og i skrivende stund tenkjer eg at kvifor har eg ikkje meir bilder...
Vatn har ei utruleg tiltrekningskraft på meg :-) enten det er hav eller elvar...
Her ved denne elva måtte eg berre ha eit stopp. Eg har all respekt for kyr med slike horn :-) derfor nerma eg meg med forsiktigheit. Denne var spesiell, eg har aldri sett ei slik sørgmodig kyr som i tillegg laga slike ein trist lyd...
Nyskjerrigheita mi vart vekt, så eg lista meg forsigtig fram på elvekanten der eg såg ein bevegelse..
Og der, med haue såvidt over vannskorpa, låg ein liten kalv og kjempa for livet....



Sterke karar vart øyeblikkeleg tilkalla og ganske raskt hadde vi gjeve den vesle kalven livet tilbake...
Vegen til matfatet var kort...
 For oss var det ein spessiell opplevelse og vi hadde ein ekstra pause før vi drog vidare....




Så var vi igjen over i det flotte og vidstrakte slettelandet...



Byen Molina de Arago'n har som mange andre byar, ein ny og ein gammal del.
 Den er ommgitt av høge murar og 4 kraftige tårn og vitner om ei utsett beliggenheit i tidlegare tider, der den ligg på grensa mellom kongedømmene Arago'n og Castilla.


Eit lite besøk i byen og ein tur langs elva...




Det vart ein ettermiddag med skyer og grått vær, så lyset vart ikkje det beste på desse bilda...
Elva var derimot flott, der den bukta seg gjennom landskapet....




Vi overnatta i nok ein gamal by ved navn Sacedo'n, den ligg ved vannreservoatet Mar de Castillas.



Det vart ikkje tatt så mange bilder her, men dette hyggelege paret på benken var eit koseleg møte. Det er då språkkunnskapane skulle vore større...

Eg lar dette bli det siste bilde i denne omgang...

Her i Altea er det ein dag i grått. Regnet siler ned og vi sparer på solkremen....
Eg ønsker alle ei god helg, og håpar at sola snart igjen
 vil skine både her og der...:-))


Takk for at de ser innom!!

7 kommentarer:

  1. Så flotte bilder frå haust-Spania! Virkelig fargerikt og vakkert!
    God helsing til dåke også :))

    Klem frå Line

    SvarSlett
  2. Tusen hjerteligt :-))
    Det er kjekt å reise rundt slik - nesten uten mål og meining...
    Fin kveld til deg også.
    Klem tilbake :-))

    SvarSlett
  3. Mange flotte bilder frå denne turen og,Skjønnar godt at det er kjekt å reise rundt slik å sjå mange fine plassar og fint vær:Her har det pøsa ned i heile dag,men vi får vel nøye oss med dei fine dagane vi nettopp hadde: God helg til dåke:)

    SvarSlett
  4. Hei Aud :-) - alltid kjekt med ein kommentar fra deg...:-)
    Ja, Spania har ein variert natur og spennande land å reise i.
    Om det er ei trøst, har vi også ein grå periode her.
    Mykje skyer og regn, men vi har mykje godt lesestoff...:)
    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett
  5. Mange flotte bilder Liv :-)

    Beit meg merke i eit bilde lenger opp her, med denne teksten:
    "Her var så mange artige figurer at ein kunne bli forvirra av mindre...
    ...nesten som å komme inn i ei eventyrverden :-)"
    Er det Atle du sikta til, ler :-D

    Ser ut som om dåke koser dåke masse :-) Ha ein fin søndag!

    SvarSlett
  6. Fantastiske bilder frå fantastiske landskap.Alt eg får sjå å lære ved å følge bloggen din :-)) Og so bra att du var der å fekk berga den stakkars kalven då...solskinnshistorie:) Ynskjer deg ein fine dag :)

    SvarSlett
  7. Janne,skal innrømme at Atle kan gjere meg forvirra mange ganger, men denne gangen vart han berre ein liten prikk ilag med alle desse kjempefigurane. Det var nok figurane i stein eg tenkte på ...:-))
    Marit, kjekt at eg kan formidle litt med denne bloggen min :-) - og takk det same til deg, du har så mange fine bilder frå havet... :-)
    Tusen takk til doke begge for koselige kommentarer.
    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett