tirsdag 17. januar 2012

Del 2. Litt rundt omkring i Albufera.






Albufera

Del 2.

 Spaniaopphaldet vårt nærmar seg slutten.
For siste gang pakka vi i bilen alt av fotoutstyr - også fotostativ - og køyrde igjen tidleg ein  morgon   mot Valencia og Albufera.






Vi tok av på same vegen mot innsjøen som dagane før. 
Bildene og motiva blir også mykje det same, men denne dagen var det heilt stille og morgontåka hadde ennå ikkje heilt fordampa.
Sola var heller ikkje kommen så høgt på himmelen. Dette gjer at ein del av motiva i dag blir litt annleis en dei andre dagane.
 Lyset er spennande å utnytte under fotografering.





Tåka legg ennå som eit tynt teppe over  landskapet.


men letter etter kvart ...




Myggen var intens, den var i lufta, på linsa og over allt...



Her er fiskarane på veg heim med dagens fangst...








Desse små husa som ligg ute i lagunen, har ein pumpefunksjon. Det såg det ut som om vatnet vart regulert her ifra.






Eit oversiktsbilde som viser området...


...også dei smale vegane som går på kryss og tvers.
I tidlegare tider var det ikkje vegar her, og risen vart frakta inn til fastlandet med båtar.







Då er vi komne inn igjen til El Pinatar. Her ligg båtane parkert i kanalen


...og ved siden av står bilane...










Så har vi komne fram til staden der det er svært populært å  fotografere - og å bli fotografert :-)
Her kan vi også leige denne karen og andre til å ta oss med på båtturer rundt i lagunene.







Desse garna med ruser på toppen har blitt til  mangt eit bilde... 


Fargane skifta etter kvart som sols går lenger ned.





Her er det populært å vere...






Så er det nesten mørkt.
 Fotografane pakker ned utstyret sitt, titter litt på kvarandre sine bilder og resultat fra kvelden. Slår av ein liten prat og mange lurer på kor vi kjem fra...
Det er alltid poppulært og komme fra Norge, og har eg eit solnedgangsbilde fra Staveneset og vise, så er det ekstra stas...:-)

Vi køyrer tilbake til Altea.
 Morgondagen blir brukt til vasking og pakking.

Dette var i slutten av november - no har vi gått over i eit nytt år og snart har vi brukt opp heile jannuar.

Eg ønsker meg litt kulde og fine vinterdager, men det ser ut for at det let vente på seg.
Iallefall så går vi mot lysere tider og det er godt å vite...

Kjekt at eg fekk dele bilder med deg :-)

Ha ein fin kveld !!

4 kommentarer:

  1. Nydelige bilder Liv, som alltid!!:-)

    SvarSlett
  2. Alltid kjekt å finne kommentarer til bildene :-)
    Tusen takk tilbake :-))
    Ha ein fin kveld !!

    SvarSlett