mandag 26. mars 2012

Askvoll kommune



Eit lite tilbakeblikk
februar og mars...




1. feb var ein fin dag.
Litt sol inn i mellom og stille på fjorden.
Det vart ein fjæretur på meg og Jack...



Her på mi side av fjorden må vi vente lenge ennå på sola.
men det er fint å sjå bort på nordsida når ho skin der :-)


Men så 5. feb. var det slutt på både sol og stille vær...
Vinden ula rundt alle hushjørner og snøen fauk og pakka seg til i alle kre og krokar

  
Det var ufyseleg.


....men litt flott også...:-)


Det var berre å kle godt på seg å komme ut å "nyte"






Ein liten blåtime til Staveneset var det også...


Det går nok ennå noen måneder før denne kjem i bruk...


Så var vinden over og 6. feb vart igjen ein nydeleg dag...



Har god utsikt til Toreheia frå hagen min, så eg kan nesten sjå kven som spring over heiane der oppe


Ettermiddagen og kvelden vart fargerik og fin...


men når dei mørke skyene kjem, er det igjen gråfargen som tek over...




7. feb vart også ein nydeleg dag.
Var først bort i Grimelia ein tur. Der var fint, men ennå litt lite sol




Hadde lenge tenkt meg ein tur til Rivedal.
Bestemte meg for at i dag var dagen for det
Var først ein tur til Eikenes.
Dalsfjorden var stille, blå og fin...


og skarvane på skjeret kosa seg i sola.


Fjøra og dei kvite bøane i Rivedal såg forlokkande ut.
Eg trefte ein bonde på traktor og spurde fint om eg kunne få lov å gå ned over til sjøen.
Han sa et det måtte eg gjerne gjere, men eg måtte gå opp igjen før graset begynte å vekse...
Det lova eg å gjere, og eg hadde noen flotte timar der nede.




Heilt nydeleg var det...



...ein vakker dag - sikkert fint her på sommeren også...:-)


På min tur tilbake til Førde, såg eg ein flott måne titte opp over Stongfjorden. Tenkte at Yndestad var rette staden for å få fine bilder.
Men akk, der var fotostativet igjen i Størdal...:-(
Fekk plasert kamera på ein gjerestolpe og tatt noen få bilder, så var månen bak om skyene igjen...
Stemningen var flott, men bilde vart mindre vellykka...



Fekk eit månebilde i Førde :-)


19. feb. vart det også ein fin dag,
men elles har det vore ein periode med regn og vind.
Eg har brukt tida til å male møbler, så det har vore ein periode med lite fotografering...
Men møblene vart kjempefine - kvite og lækre...:-)









Ein tur til Askøy har det også blitt og ein nydeleg fjelltur til Lyderhorn

Fint tereng å gå i...


...og nydeleg utsikt over Bergen...








Takk for ein nydeleg tur, Line :-)



Avslutta kvelden med ein runde ned om Alvøen


Fra ein Måløytur og besøk hos gode venner - og ein aldri så liten Kråkenestur...:-)




På Refviksanden var det regn...



...og grått



Ved Kannesteinen var det også ein grått og vått...
men hos våre venner var det varmt og triveleg og nydeleg kjøttsuppe...:-)
Tusen takk for triveleg ettermiddag !! 



I det siste har det regna og regna, og  vannstanden held seg stabil i dei små og store elvane


Men endeleg så vart det igjen ein vakker dag her ute.


Med små og store barn på besøk, vart det å køyre til Staveneset og oppleve denne nydelege vårdagen her ute




I Holevika var det heilt nydeleg...



...og Henrik var våryr og slo hjul i rein glede over endeleg å sleppe regnjakka...:-)


Ein vakker dag og plass...



Eg hadde bestemt meg for å ikkje legge ut desse bildene før eg kunne avslutte med ein solnedgang frå Staveneset.
I gårkveld kom den...
Det var ein nydeleg vårkveld. Det lukta av tang, tare og våt mose. Tjelden sprang på berga og fuglesangen fra skogen var intens...





Ein nydeleg kveld


Vi går ei fin tid i møte
Med bilde av den første kusymra eg fann i år
 vil eg ønsker  alle som er innom bloggen min ein vakker vår...:-))

Takk for besøket !!

7 kommentarer:

  1. Her var det mange flotte bilder,Liv:)Kjempe flotte:)

    SvarSlett
  2. Det ver nydelig å sjå Liv, denne bilder av omgivelser vår :-)

    SvarSlett
  3. Prachtige foto's van de omgeving waar nu ook dochter Timm en schoonzoon Leo wonen. Hartelijk bedankt. Ik raak nooit uitgekeken op jullie prachtige land
    Gerda

    SvarSlett
  4. Kjekt å sjå bilda dine Liv.du får alt til å sjå so fint ut,til og med snøføyka å gråveret:)Ynskjer deg ei go påske og ein fin vår :)

    SvarSlett
  5. Aud, Leo, Gerda og Marit.
    Tusen takk for at de har besøkt bloggen min og for hyggelege kommentarer.
    Takk også for alle tilbakemeldingene på FB.
    Det er kjekt å vise bilder fra den fine naturen vi har i området rundt oss.
    Håper Leo at du og Timm får tid til å ta turer rundt om, inn imellom grønsakdyrkinga.
    Ønsker doke lykke til med våren og håper det blir ei god avling :-)
    Gerda, håper du tar turen til Stongfjorden ein gang, og får oppleve fjorden og fjella våre :)

    Ønsker God påske til doke alle!!

    SvarSlett
  6. Nydelege bilder som snakkar til hjertet mitt! Både solskinsdagar og gråveirsdagar, begge deler er egentlig like vakkert :)
    Mvh Bente.

    SvarSlett
  7. Tusen takk for fine ord, Bente :-)
    Alltid kjekt med kommentar fra deg :-)

    Ønsker deg ei fin avsluttning på påska !

    SvarSlett