mandag 14. mai 2012

Vårtur i Spania 2012 - nr.1




Vårdagar i områda rundt Altea.




Kom og bli med meg inn i den Spanske våren.
Bli med på turer i dei vakre områda på Costa Blanca - ved havet og litt inn i landet.



Her heime hadde vi hatt ein lang vinter med mykje dårleg vær og ein vår som forsatte på same måte. Derfor såg vi fram til ferien her  i Altea, og håpa på fine dagar med sol og varme.



Mimosaen blomstrar og det var gult og vakkert over alt.



Den nye turstien som er laga dei siste åra, går fra stranda ved Altea, langs Rio Algar og langt oppover mot appelsinlundane.



Det var ei flott tid no med mykje fruktblomstring.
Appelsintrea ber moden frukt og blomstrar på same tid.
Appelsinblomsten har ei nydeleg duft som låg som eit teppe over heile destriktet - heilt herleg :-)


Appelsinblomst



Over alt var det blomster



Det er ein fornøyelse og vandre rundt på desse flotte naturområda som blir tilrettelagt med flotte stiar og benkar. Ikkje minst er det kjekt å sjå kor reint det er, fritt for papir, flasker og anna drit.
Det er sjølvsagt folk som er tilsett for og halde det i orden, men når det er reint i utgangspunktet, kastar folk ikkje fra seg ting heller.
Skulle ønske det var litt meir rom for slike ting  i vårt rike land også!



Kveldstur på Alteastranda



Calpeklippen i det fjerne - med sol på...




Høgt over Altea - opp under Berniafjella.


Utsikt over slettene og appelsinlundane.
Benidorm ut mot havet.



Fantastisk blomsterflor over alt




Bilder tatt fra strandpromenaden i Altea.





Så er vi igjen klar for ein tur til Albufera.
Turen fra Altea og hit tar ca. 1 time på motorveg. ( Følg motorvegen til Valencia )
Om det er nokon som les dette og skulle få lyst til å besøke dette flotte området, er det greit å ta av mot Cullera. Deretter køyrer vi småvegar mot El Perello


Det møtte oss eit syn av nypløygde endelause  åkrar.
Landskapet var heilt forandra fra slik som det var i haust. Då sto alle desse åkrane under vatn.
Eg er litt usikker på  korleis rissåing/planting føregår her. Om risen blir dyrka i bedd og deretter  planta ut i oversvømte åkrar, eller om risen blir sådd derekte i oversvømte åkrer.
Medan risen veks, blir  vatnet helde i passande høgde ved hjelp av demninger.
Kort tid før risen skal haustast,  blir demningane opna og vatnet slept ut.



Her var det ein slag belgfrukter som vart dyrka - gjerne sukkererter...



Dei var i full bloms og blomsten såg slik ut.
No skulle alle desse blomsterbilda mine vore litt klårare, men det var alltid ein vind som uroa...
Eg hadde ikkje tolmodigheit eller tid til å vente på det stille øyeblikk.
 Det viktigaste denne gangen var å få feste mangfoldet av blomster på brikka...:-)



Oppe ved El Perrello var båtane klar med garna.


Ein tur til dei flotte strendene ved El Saler var vi også. Her ser vi havneområdet i Valencia i det fjerne


Det var ein fin dag, men med kraftig vind. det var ingen badetemperatur....



...så det var godt med ein tjukk genser når ein sat på stranda og naut havet og båttrafikken...



Frå tilbaketuren - gjenom små gamle trange byar...



Morgonstemning i Pollop.


Denne dagen køyrer vi til Callosa D'en Sarria, videre til Bolulla på cv-715. Og etter svingen - der alle sitronene heng gule og fine, tar vi av til ein sideveg og køyrer høgt og langt inn i ein dal.:-)
Her startar vi på turen.



Dette er ikkje ein tur med klatring i høge fjell, men snarare ein vandring gjenom gamle og nye områder med mandel, oliven og frukttrer. Det er ein rundtur som tar ca 3 -3,5 timar alt ettersom...



Mange gamle steinhus som nok har hatt sin glansperiode  i tidlegare tider...


...og ei mengd med markblomster...


Mange av desse bilda fra turane mine er midt på dagen bilde, der lyset er altfor sterkt og flatt.
Motiva kjem ikkje fram slik som dei skulle, men igjen er det viktigast å få bilder med tilbake.
Så får vi utnytte det flotte kveldslyset ved ein seinare anledning.
Her er det gammalt steinhus med brønn under blomstrande kirsebærtre :-)




Det er skiftende vær på denne turen, men vi finn alltid eit hus og gå inn under om det skulle komme regn - berre taket er tett..:-)




Eit rødt lite vedunder...




Det er imponerende å sjå alle desse gamle murane som er lagt opp for å halde på fuktigheita i jorda..



 


Dette er i utkanten av eit stort område med mandeltre. Det er heil fantastisk her under blomstringa i januar/februar


ein fin plass for nistepakken :-)



Her ser vi høgste punktet på Berniafjellet.
Det er ein anna fantastisk tur som er meir utfordrande..




Då er turen  over og vi er komne tilbake dit vi starta.


Her ser vi ned igjen til Altea og Middelhavet...


Denne vesle krabaten med den lange antenna, trefte vi også på denne turen.


Så er det ein ny dag og ein ny tur.
Denne dagen har vi tatt N-332 til Gata de Georges og vidare til Ondara.
Tok av til cv-725 mot Denia.



Torre del Gerro ved Denia



Flott tur ut over på desse heiane.


Eit ferieeventyr som aldri vart ferdig



Ikkje serleg fint...



Så er vi ned mot Javea


Flotte områder...


...og turstiane går gjennom marker med dei mest fantastisk blomsterflor.



Igjen er det berre murar som står igjen....


..berre døra er intakt...



...og hagen har nok vore fin - ein gang...


Nydeleg blomst med ei himmelsk duft...:-)

Så er det trimtur til fyret ver Albir - utsikt mot Calpe.
Dette er igjen eit område som er lagt til rette for turgåarar.
Kun tur og sykketveg ut her.
 Fyret  er nyrestaurert og viser  bilder av blomster og fuglar frå området.



Her ser vi rester fra det gamle fyret..


og blomster fra fjellveggen...:-)



Så ein tur til fargerike Villajoyosa



Den gamle bydelen er sjarmerende



Det er spennende og vandre mellom desse gamle husa..




og du kjem tett inn på dagleglivet...   :-)




...som utspeler seg i dei trange og smale gater ...

Da seier eg takk til doke som har vore med meg så langt.
Dette var berre frå første veka - vi var der i 4...
Vi lever eit ganske aktivt liv når vi er her nede, så det er mange turer igjen...:-))
I dette været som vi har no, er det fint å jobbe med bilder...


Ha ein fin kveld !

7 kommentarer:

  1. Berre flotte bilder,Liv;) Ser at dåkke har hatt ein fantastisk ferie,med mykje flott vær.Håper det snart kjem fint vær her og,no synst eg det er ganske trasikt.Blir kjekt å sjå bilder frå dei neste turane:)

    SvarSlett
  2. Nesten så eg kan kjenne blomsterluktene....nyyyydelege bilder,våren e jammen fin i Spania og, må vere kjekt å farte rundt å oppleve masse,masse.Skal snart ein tur eg og det blir første turen min til Spania,Malorca,men reknar med det blir mest strandliv ;)
    Fin kveld til deg og :)

    SvarSlett
  3. Flotte vårbilder frå ein heilt anna vår enn vi har her. Ha ein fin dag.

    SvarSlett
  4. Det er alltid kjekt med kommentarer fra doke, Aud, Marit og Ann Tove :-))
    Det var litt kaldt i starten Aud, men dei siste vekene var flotte.

    Vi likar å kjøyre bil Marit, så detfor rek vi mykje både på korte og litt lenger turer når vi er her nede. På den tida vi er her, er det ikkje så gode badetemperaturer, derfor blir det lite strandlivet. Det blir oftast ein liten innspurt rett før vi skal heim :-)
    Ønsker deg ein fin tur :-)

    Ja Ann Tove, vi hadde det nok varmare. Synd at været er så dårleg på denne fine årstida. Ingenting er så fint som den Norske våren i fint vær.

    Tusen takk for alle hyggelege tilbakemeldinger på facebook også :-)

    Ønsker doke alle ein fin 17. maifeiring i morgon!!

    SvarSlett
  5. Kjempe fine bilder bestemor! Du er veldig flink til å ta bilder! Gleder meg til vi skal til Spania! :-)
    Hilsen Andrea ;-)

    SvarSlett
  6. Andrea - du må berre glede deg, du kjem til å få det supert. Daniella og Eva gleder seg til å treffe deg...
    Janne - kjekt at du har vore innom bloggen min. Det er fantastisk kjekt å ta bilder i slike flotte omgivelser. Det blir ein del arbeid i etterkant også, så det har vore lite med fotografering etter eg kom heim...:-)
    Steinar - Tusen takk for kjekk komentar fra deg også. Ja, du ser av størrelsen at dei er godt i hold her nede i Spania også :-)
    Kjekt med desse gamle utrykka du brukar, måtte tenkje meg litt om før eg kom på ka "derer" var for noke...:-)
    Kommentaren din vart ikke publisert av ein eller anna grunn, men den ligg i systemet mitt.
    Eg har brukt desse kalde nordavindkveldane til å redigert og lagt ut fleire bilder fra turen.
    Ha ein forsatt fin sommer !

    SvarSlett