tirsdag 8. mai 2012


Altea






Set her på terassen og nyt ei skål med cornflakes og utsikta over Altea by. Det er ein nydeleg morgon.
Havskodda er i ferd med å fordampe og Benidorm kjem snart til syne i det fjerne.

4 veker her nede har gått som ein røyk.
Har reist ein del med bil, hatt flotte fjellturer og funne "nye" små perler som vi har utforska.
Litt strandliv har det også vore, og gode middager med hyggeleg selskap.
Kameraet er med over alt, så bilder har det blitt i massevis.

Her nede brukar vi Orange mobilnett, det fungerer bra, men eg har ikkje hatt tid til å lage blogg. 
Den kjem etter kvart...:-) 

No blir det ein rask  trimtur, og så ein tur på stranda etterpå.
Så blir det vask og pakking seinare i dag.
Leiligheita skal leigast ut i sommer, så eg håper at alle som skal feriere her får eit flott opphald.

I morgon reiser vi heim og gleder oss til det - men skulle gjerne hatt noen dager til...:-)

Ønsker alle ein fin dag !!







5 kommentarer:

  1. Blir spennande å sjå bildene dine,Liv.

    God tur heim:)

    SvarSlett
  2. ja, eg gleder meg til å begynne å jobbe med dei, det blir som å oppleve turen på nytt :-)
    Denne bloggen har blitt ein god erstatning av fotoalbumet, så det er til glede både for meg sjølv og andre, håpar eg :-)
    Synest også det er kjempekjekt å sjå innom din og andre sine blogger - det er ein fin og kontaktskapende aktivitet :-)
    Takk for kommentaren Aud, vi snakkast :-)

    SvarSlett
  3. Velkommen heim til sol og sommar:)

    SvarSlett
  4. Takk for det Arild :-) men sommeren den vart igjen ein stad over Frankrike...:-(
    Dette er det verste vårværet eg har sett på lenge. Her ute er det slike kraftige vindroser at eg trur heile hustaket bles av.
    Det er passande vær til å vere inne i og lage blogg :-)
    Ha ein fin dag !

    SvarSlett
  5. Masse fine bilder Liv og Atle. Fine komposisjonar, og ser at våren er nok den rette tida å reise nedover på. Grønt og fint og vårblomane står fint. Kjenner meg igjen, når eg ser dama som set på stranda og ser gasstankaren forsvinn i horisonten," kor fer han, kvar ska han, enn om ein kunne vore med." Ser og av tredje siste bilde at der er store "dere" med store hekkar i spania og.
    Kjekt å sjå desse bilda, både frå kysten og fjella.

    SvarSlett