søndag 3. juni 2012

Vårtur i Spania 2012 - nr. 2







Mot Tarifa







Etter mange fine dagsturer i området rundt Altea, er vi no klar for ein biltur sørover.
Vi pakka inn i bilen det vi trengde av klær, fotoutstur og div.og køyrde avgårde tidleg ein søndag morgon. Planen var å køyre til Portugal og Algarvekysten, men værmeldingene for området lova regn i dagevis, så vi får vurdere utsiktene under vegs...


Det var ein grå og overskya dag, så derfor tok vi motorvegen sørover mot Alicante, Murcia og videre mot Lorca.Ved Vera tok vi av mot kysten og havet.
Dette er ein strekning med gamle småbyer og nyere oppbygde feriestader. Ikkje det mest spennande område, men små perler finst det her også...



Golf er ein populær sport i Spania, og golfbanene er mange og flotte..






Etter kvart vart himmelen atter blå...


...og den vesle fiskelandsbyen La Isleta del Moro har etterkvart blitt ein svært populær ferieplass...











Det har vore ein kjølig vår i Spania også, men denne dagen var det sommer...






Vi køyrer videre...


Lenger sør ligg Cabo de Gata. Dette er eit litt dystert og vilt område, men her er ei flott og lang strand, fyrtårn og dramatiske klipper.





Det var nysnø på toppane i Stongfjorden desse dagane, men jammen var det likeins i Spania også :-)Vi ser ein av toppane i Sierra Nevada og i nedre kant av bilde eit stort plastdrivhus...
Langs heile kysten frå Almeria ligg plastdrivhusa  tett i tett, side om side med store flotte feriestader.
Store områder er dekka med plast og det er direkte fælt å sjå på, men inni er dei fulle av grønnsaker som skal til marknadane i Nord -Europa.

Grytidleg morgon i den vesle byen som vi overnatta i.
Eg innser at loggboka mi er mangelfull fra denne turen, og  karta mine ligg igjen i ei skuffe i Altea Hills. Då er det tryggast å kalle ein by for ein by istaden for å skrive feil navn...:-)


Dei tidlege morgontimane er ei flott tid å køyre på. Nydeleg lys og liten trafikk.


Her nede på stranda har sola så vidt fått tak og i horisonten lyser vindmøllene :-)


Eit nydeleg landskap - her ser vi også snødekte toppar i Serra Nevada.
Det var freistande å ta av her mot desse toppane, men denne gangen skal vi videre langs kysten :-)



Salobrena - ein nydeleg kvit by.
Den ligg ca 45 min frå Granada og ca 1 time frå Sierra Nevada.
Her er også kort avstand til den flotte fjellrekka Alpujarra.
Dette er stader vi har besøkt tidlegere, og her er eit flotte turtereng..
Vil absolutt anbefale ein tur inn i Alpujarrafjella og alle dei små nydelege byane der inne.





Utsikt mot Nerja, som ligg øst for Malaga


Dette er frå ein vakker liten by Maro, som ligg 3 km  fra  Nerja.
Her var det tid for frukost :-)



Eit flott opphald her før vi igjen var på vegen i eit nydeleg sommervær.
Passerte alle dei kjende og ukjende ferieplassane som Malaga, Fuengirola, Marbella og Estepona.
Skulle tatt meir bilder, men desse feriebyane er på mange måter like - og så seier sjåføren at vi kan ikkje halde på og stoppe heile tida...:-)
Feriebyane freistar ikkje så mykje, men fy søren kor mange andre motiv eg skulle ha festa på brikka...:-(

Snart er vi i Gibraltar, men eit stykke før køyrde av hovudvegen mot stranda og kom til...


SOTOGRANDE....


...som er ein urbanisasjon med fine parkar, flotte leiligheiter og svære båtar.




Urbanisasjonen er oppbygd på øyar, båtane kan førtøyast i hagen...


...eller i dei flotte moloane.


Her hadde vi eit kraftig tordenværsbyge, så lysforholda vart litt blanda...



Nydelege kanalar, og flotte gangbruer som bind øyane saman.


Fin oppleving å besøke denne staden som ligg berre nokre kilometer nord om Gibraltar.


Så køyrer vi igjen ut på hovudvegen.
Siden vi har besøkt Gibralter før, vart det ingen tur innom denne gangen.
Derimot var det Tarifa som var målet for denne ettermiddagen... 

TARIFA
sydligaste byen i Europa
Ved Tarifa er Gibraltarstredet på sitt smalaste, ca 13 km skil det mellom Europa og det mektige marokkanske fjellet Jbel Musa



Tarifa i front, Marokko på andre sida...


 Castillo de Sta. Catalina
ligg ved innløpet til hamna i Tarifa


Ytterst på moloen der ferjene passarar til og frå Marokko


Spania i nord - Marokko i sør.



Her er Middelhavet på eine sida og Atlanterhavet på andre...


Tarifastranda er rekna som Europas kiteparadis !


Stor aktivitet og flott skue med alle skjermane over stranda og havet. Marokko i det fjerne.


...her er plass til alle både folk og dyr.



Nydeleg strand, og mange som testar utstyret i vinden !



Fargerike skjermar !


Tarifa er svært berømt for kiteboarding og vindsurfing, her kjem folk frå heile Europa for å hygge seg på dette sydligaste punktet av kontinentet.


.... og akrobatikk




...leikeplass for surfarar...og kitatar



... grøne enger er her også



Feriehus i utkanten av byen


...og FGH...Dei kosar seg..:-)...



....på dei fine blomsterengene...


Sandstrendene startar ved moloen...



...og endar i store sandyner oppover åsen ei mil unna.




Mange hestar for utleige som fartar rund på stranda og innover skogane






Solnedgang på stranda


<stille, og fantastisk skue>




Solnedgang 31.april



Soloppgang 1. mai.



Nydeleg morgon ved borga !
   
 

.... ivrige fiskarar er tidleg ute



...og fisk får dei...


...som dei skryt av som fiskarar flest !




Ferja til Tanger snart klar for avgang



Hamneområdet med både fiskebåtar og lystbåtar - og bilar.


Hamneområdet


På veg til Afrika.....
kun 35 minuttar unna !


Denne borga, Castelleo de Guzman El Bueno, blei bygd i år 960 og erklært som Kulturellt monument i 1949.
Bymurane som omringar Tarifa er resultat av den fantastiske historia byen har.



Fargerike fiskebåtar...


..og garnbøting må til !




Stille i trange bygater akkurat no..! 


..........restaureringsobjekt ??
Nydeleg beliggenheit iallefall....rett utanfor byen.




Ein del av den eldgamle bymuren. 



Flotte gamle kyrkjer.



Havtåka kjem sigande inn over Tarifa, men fiskarane er uthaldande ...
Vi tar farvel med denne fasinerende byen og køyrer videre nordvest over.

Tusen takk til alle som har vore innom bloggen min.
Set stor pris på alle hyggelege tilbakemeldinger eg får, både munteleg, på facebook og her på bloggen  :-))
Takk også til alle som er innom og googler.

Så ei spesiell helsing til våre Spania-naboer fra Moskva !




Ha ein fin dag - det blir fleire turbilder :-)

4 kommentarer:

  1. Du har nåken fantastisk skarpe flotte bilder,sjønar ikkje korleis du får det til...nok ei spennande reis ilag med doke :)
    Ha ein fine kveld :-))

    SvarSlett
  2. Flott reise - fantasstiske bilder!

    SvarSlett
  3. Tusen takk tilbake, Aud, Marit og Gustav - kjekt å få dele turen med doke :-)
    Vår og haust er ei fin tid å reise rundt på. Passe varmt og god plass over alt...
    Våren er jo ekstra fin med all blomstringa.

    Takk også til Arild for fine ord på origo, og for at du deler bloggen min på sida - kjekt :-)

    Hyggeleg også med kommentarer og tommler på facebook :-)

    Ønsker alle ein strålende dag !!

    SvarSlett