onsdag 4. juli 2012

Kroatia - del 1.




Medulin,  Kroatia

Ei veke på Villa Velike Stine



Hadde besøk av gode venner fra Flekkefjord i sommer.
Samtalen kom ganske snart inn på reiser og opplevelser vi i løpet av året hadde fått med oss og førestående turer...
Våre venner har reist ein god del i landa i gamle Jugoslavia, og såg no fram til ein ny tur til Kroatia.
Våre erfaringer der fra er små, kun nokre turer over grensa fra Italia til Prostonja og dryppstengrottene der. Å sjå desse grottene  er ein flott opplevelse og dei er vel verdt eit besøk.

Vel, vi er ganske raske til å ta avgjørelser, og vips så hadde vi bestilt eit rom på Villa Velike Stine ilag med våre venner og to hyggelege personer til...
Flybeletter fra Gardemoen klarte vi også å kapre, så alle kom med på same fly.

Lørdag etter flystreiken var dagen før avreise og vi hadde ein fin tur ned over.
Landa på Pula flyplass etter oppsett tid.  
Det var ei blanding av blomsterluft og turrhøy som slo imot oss då vi kom ut av flyet. og eg tenkte at her er det endeleg sommer... :-)
Vi fekk drosje og var snart på veg til....



Medulin og Villa Velike Stine


Å du, så spente vi var ...
...og for ein positiv overaskelse...


Etter å ha blitt mottatt av ein svært hyggeleg mann, og vist rundt på  romma våre, hadde vi ein følelse av å komme heim til ei familie.
Hotellet hadde fem rom, og dette var så intimt å koseleg at vi med ein gang viste at vi ville trivast...
Her ser vi den koselege hagen og basenget



Morgonen etter vart vi mottekne av Igor som serverte oss ein nydeleg frukost i den koselege "utestua"  med utsikt til basenget og hagen.
Igor var hotellet's sjef, kokk, servitør, og mykje meir. Han var den som ordna opp med turer, bussruter, bestilte drosjer til oss og ringte rundt for å få opplysninger om ditt og datt.
Han var den mest imøtekomande og blide hotellsjef du kan tenkje deg.
Vi trur han jobba knallhart, men vi veit også at han hadde foreldre som jobba hart og var medhjelparar bak i kulissene.
...og vesle David (usikker på skrivemåten av navnet hans) ein liten solstråle på 6 år som likte å vere med pappa på jobb når han hadde fri fra barnehagen...
Vi vart glade i dei alle saman, og savna dei før vi hadde sagt adjø...
Her på denne fantastiske plassen budde vi i 7 dager, og her fra tok vi turer rundt omkring...





Her ser vi Medulin med den fine kyrkja på toppen.


Etter som vi berre hadde ei veke her nede, var det viktig å få ein plan over dagane.
Vi starta med ein tur  ned over til havna og stranda, og det tok oss ca 10 min.
Det var ein fin tur gjenom hus og hagar, bakeri, fruktboder, eit liten supermarked, isbar, boder med shortser og badesko + ein restorante eller to.
Høyrest gjerne hektisk ut, men på denne tid var det passe tempo og passe turister.
Siste delen av juli og august var det kaotiske tilstander, med alt formykje turister på ein plass
sa dei lokale bebuarane...


Ei fin sandstrand var det her, men elles var det strender med småstein og klipper...




Temp. dei første dagane var i overkant av 20 gr. og badesesongen var nok såvidt starta...
Etter litt rådslagning her på stranda, bestemte vi oss for å ta drosje inn til Pula by
Den turen tok mellom 10 - 15 min. og var overkommeleg prismessigt.


Den gyldne port i Pula - bygd mellom år 29 og 27 f. kr.


Her var det berre å vandre igjenom denne flotte porten ilag med dei andre turistene og syge til seg inntrykk.
Det var ein dag med lette skyer, som skapt for byvandring...




Her ser vi August tempelet. Det vart bygd i løpet av det første århundre og vart dedikert til Keiser Augustus og gudinnen Roma.
Opp igjenom åra har det blitt brukt til kyrkje, hvete lager og museum for stein monumenter.
Tempelet vart nesten totalt ødelagt i 1944, men er i dag eit inponerende byggverk etter rekonstruering i 1947.



Her på denne plassen hadde vi ein rask lunsc medan vi betrakta billedutstillingen og mykje anna...



Manga var det som ville fotografere og som let seg fotografere...:-)



Vi har gått (og køyrt) i mange trange gater og smug denne våren og sommeren - like spennende er det kvar gang. Ein veit aldri kva som rører seg før du stikk hode fram for eit hjørne og som her, og får ta del i barns leik og løyer...

På veg mot amfiteateret...



Nokon har god tid, andre litt meir travle...:-)





Utstillinger - nydeleg antrekk!



og cafebord...


Imponerende romersk amfiteater - nesten 2oooo år gammalt.
Det er eit av dei best bevarte romerske teater i Europa
I sine velmaktsdager kunne det romme opp til 25.000 personer.





Her var det i tidlegare tider gladiator - og rovdyrkampar.
I dag er detbrukt til konserter, filmfestivaler og operaer.




Den store underhaldning fra sena fekk vi ikkje denne dagen, men det var flott berre å sitte her og oppleve atmosfæren...






her i "kjelleren" var det museum.



Her ei gammal vin- og olivenpresse





Gamle leirkrukker.


Desse leirkrukkene vart brukt til å oppbevare, mat olje og vin.



Etter amfi - og museumsbesøk gjorde det godt med både vått og tørt før vi igjen tok runden rundt den gamle bydelen...






Storfint besøk i byen




Da er byvandringen i Pula over for oss. Litt uvant er det å reise rundt uten eigen bil. Det er eit begrensa område vi rekk over,men
 vi har sett ein del av dei gamle byggverka i Pula og er fornøgd med det.


Så etter ein god middag på byen, er vi igjen tilbake i den koselige hagen til Igor.
Der nyt vi den lune mørke sommerkvelden og let inntrykka frå dagen sige inn....


Morgonen etter er litt overskya og grå. Vi bestemmer oss då for å leige ei drosje og vere borte heile dagen.
Igor ordna opp for oss og etter hans ambefalinger var reiseruta klar...
Snart kom maxi taxi bilen, og den smilande og blide sjåføren som skulle køyre oss var....



Edi - vår taxisjåfør !

Edi guida oss ein heil dag på Istrahalvøya, og turen gjekk frå Medulin gjennom Pula til Rovinj.
Derfrå vidare forbi Limski kanal til Porec.
Etter Porec, nordøstover til Motuvun og vidare til Hum.
Frå Hum tok vi motorvegen tilbake til hotellet.
Fantastisk opplevelserik tur med ypperleg sjåfør som guida med stor lokalkunnskap !





Så er vi i Rovinj - kystbyen på Istra's vestkyst.
Den eldste delen av byen er utvikla på det som eingang var ei øy og
som vart knytta til fastlandet på 1800 -  talet.
Denne fantastiske og spenande gamlebyen blir ofte kalla for Montmartre, fordi mange kunstnarar held til her med sine gallerier.






Dei trange og bratte gatene svinga seg oppover mot toppen,
  og her var det mykje artigt å sjå...




Eit fantastisk miljø i desse trange gatene....
ei hærleg blanding alt fra klesvask



...til dei nydelegaste perlekjeder...



...snart er vi på toppen...



Å fotografere desse flotte plakatene her, var den einaste måten for meg å få oversiktsbilde av Rovinj på :-)





På toppen ligg Saint Euphemia Cathdralen.
Sikkert ei fantastisk utsikt fra tårnet,men opp dit var ikkje vi.



Vi beundra utsikta fra plassen ned under tårnet...




Så er vi på tur ned over igjen - på den andre sida.
skulle gjerne ha brukt meir tid her, men det er mykje vi skal rekke over, så det er berre å henge på....









Då var vi nede igjen og kom midt opp i dette fantastiske frukt markedet.





Ein liten avstikker ned på stranda. her skulle eg gjerne ha vore lenger...




Så eit siste bilde av Rovinj.


Vi køyrer no vidare mot Porec- over Limski kanal




Alle restauranter hadde sine "innkastarar" ( ikkje påtrengande, berre hyggelege og blide) men denne her var absolutt den kulaste..



Så er vi på havna i Porec
Porec ligg på ei lita halvøy, og her fra havna går det ferjer til Venezia








Endeleg har eg fått bekrefta det....
Det kom så overaskende at Atle endeleg har forstått det, at eg vart heilt ustø på hendende :-)) - ser det ut for...:-)



Byens sentrum er eit område rundt den gamle romerske gata Dekumanska med kyrkja Gospe i aust.



Hadde ikkje bilde av kyrkja, men her er vi oppe i tårnet
det var ei flott utsikt over byen...




...og spennande å sjå kven som klarte å sitte lengst framme i opningen...


dette går greit, berre eg slepp å sjå ned...:-)




Eit lite besøk inne i kyrkja


så var det ein liten forfriskning før vi igjen sette oss i bilen...




Her vart landskapet meir kupert en det var ute på kysten, og snart ser vi den nydelege vesle byen på  toppen




I den nordlege delen av Istra ligg den kjente og atraktive middelalderbyen Motovun ,
Motovun Forest er spesielt rik på trøfler, og kvaliteten på desse skal vere fullt på høgde med dei beste italienske og franske.
Rundt byen er det også mange vingårder, og kvitvinen Malvasia og rødvinen Teran er gode og poppulære viner.




Trur dette er eit slags teskeverk





På veg oppover mot byen




Dei er bratte desse gatene, og vi er forventningsfulle og lurer på ka vi får oppleve her....



Nydeleg handvert



Pus :-)





Her seier Edi at vi må ha eit besøk



Ein hyggeleg mann tok imot oss. Vi fekk smake på staden's delikatesser og fekk ei lita innføring i trøffelen sin historie. Også den poppulære grappaen i alle varianter vart servert her.
Nydeleg olivenolje og god vin...
Kjekt å vere turist og ha ein gaid som er lokalkjendt og har mange gode venner...:-)



Så var besøket over. det vart både smaking og handling - som meininga sikkert var...:-)



Så tor vi turen rundt heile byen og fekk med oss ei fantastisk utsikt







Romansk- gotisk klokketårn fra det 13 århundre





Vi hadde lunch på ein av desse små koselege restaurantane med nydeleg sjokoladekake til desert.
Legg merke til trøfflene på toppen...



Utsikt fra restaurantbordet vårt.




Så var besøket her over, og vi gjekk i samla tropp tilbake...:-)





Eit lite tilbakeblikk på den koselege byen.



Her får vi ei lita innføring i den lokale vinen sin historie - smake fekk vi her også...:-)



Så takker vi for oss og den hyggelege mannen ønsker oss god tur videre...



Tok med denne rosa fra hagen hans...:-)



Då er vi på veg mot Hum.


Hum er offisielt godkjent som verdens minste by. Den har ein butikk, eit museum, eit posthus og ein restaurant. Innbyggertalet varierer noke - alt fra 18 til 25 ...:-)
Såleis ikkje ulikt ei småbygd på Vestlandet eller andre stader...





Kva enkelte av desse bygningane inneheld, skal vere usagt.




Vi hadde litt dårleg tid når vi ankom denne vesle perla...


...så då vi kom til dette flotte inngangspartiet, gjekk vi inn...



...og her vart vi verande....




Om det er dette som er den eine butikken, veit eg ikkje, men her var mykje godt...



...og den hyggelege dama let oss smake...:-)





...heilt til vi måtte raske på til drosja igjen...
Det vart nokre handleposer her også....:-)






Når berre no eg vart  ferdig å ta bilder, kom eg meg ut porten eg også...:-)



Så hadde vi eit lite stopp her ved denne "dammen"


Det skulle vist vere ganske flott her når det var nedbør og vatnet rann ned over,
 men no var det tørt




Men i skogen rundt var det frodigt og fint.
Etter dette besøket var det motorvegen rett tilbake til Medulin.
 Vi har hatt ein flott og opplevelsesrik dag.
Det er takka vere Edi som ikkje berre var sjøfør, men som følgde oss rundt.
Han fortalde oss om Kroatia si historie, og om alt som vi såg og høyrde.
Tusen takk Edi - du gav oss ein flott opplevelse...!!






Så tilbake på Villa Velike Stine tar Igor godt i mot oss...
Han er i full gang og forberede middagen som vi har bestilt før vi reiste ut...
Igor er opptatt av at rådvarene skal ha kvalitet og vere økologisk dyrka.
Fisken som blir servert søm fritt i havet ( ikkje oppdrett ) og blir kjøpt hos fiskar same dag som den blir servert.

Det er ein glede og stor smaksoppleving å få servert  mat fra Igor's kjøkken.
 Den ville aspargesen voks i skogen der nede no, og denne dagen vart det servert ein nydeleg rett av lammekjøtt men aspargessaus og herlege grønsaker.
Igor var sjølv i skogen og henta asparges.
Alt er av beste kvalitet og servert på beste måte.
Du får ein rett som er tilbereda berre for deg og ditt selskap - ikkje for hundre andre, og det merkast !!




Så er vi svoltne og forventningsfulle...
Målfrid pusser brillene sine for bedre å sjå den herlege forretten...:-)







Maten vart tilberett her ute i grillen og Igor og pappaen smiler lurt når dei serverer oss denne smaksopplevinga...
Det var fantastisk godt...!!


...og her i denne lune atmosfæren tilbringa vi kvelden etter ein lang dag med opplevelser av alle slag !





Å bu på dette vesle hotellet kan anbefalast på det varmaste.
Du får ein heilt spesiell servise og alt blir lagt tilrette slik at du skal få eit flott opphald på hotellet, men også få ein fin ferie i Medulin og Kroatia.
Tusen takk til Igor og hans familie !!
Edi, du gjorde turen til ein flott dag spekka med opplevelser.
Stor takk til deg også !!


Og til alle som er innom bloggen - kjempekjekt å dele desse opplevingane med doke.
Reis til Kroatia og gjerne til


 Villa Velike Stine....


Ennå har vi mange dager igjen her - det kjem bilder fra dei også...:-)



Ha ein fin dag !!



15 kommentarer:

  1. Oi oi for noe stemnings billeder Liv! Er som å være der på nytt. Men eg pusser ikkje brillene mine, dei har eg kvitta meg med. Det er nok forretten eg fotograferer.

    SvarSlett
  2. Eg beklager glippen - det er nok heller eg som ikkje har pussa mine :-))
    Kjekt du likte utvalget av bilder eg har lagt inn.
    Det var ei fantastisk flott og godt utnytta veke. Tusen takk for mykje skøy og latter, tar gjerne reprise på dette :-)
    Resten av turen kjem etter kvart...
    Ha ein flott dag !

    SvarSlett
  3. Veldig flotte bilder. Du har vist fått sett masse av byen.
    Det har ikkje vi. Vi låg på stranda heile dagen.
    Forsett med og ta bilder, for det er du flink til.
    Neste år blir det 4h fotografen då kan vi samarbeidde :)
    Helsing Even!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du likte bildene mine Even, du er kjempeflink til å gje tilbakemeldinger - blir glad :-)))
      Gleder meg osså til å jobbe ilag med deg på 4h prosjerkt :-)

      Slett
  4. Ser ut som dåkke hadde ei flott veke i Kroatsia,fantastisk flott bilder.Synst skjorta til Atle var genial:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi hadde ei flott og godt utnytta veke her nede.
      Den skjorta var nok eit hint til meg Aud, men eg forstår ikkje ka det skal vere...:-))
      Kjekt du besøker bloggen min!

      Slett
  5. Fantastisk flott,både bilder,by og land og skjort t Atle. ;) får lyst å reise....

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk tilbake Marit :-))
      Denne plassen kan eg trygt ambefale ein tur til !
      Flotte sykkelstier var det også - det kjem i neste kapittel...:-)

      Slett
  6. Takk for enda ein fin tur med flotte bilder.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk tilbake til deg også, Arild :-)
      Kroatia er skapt for seglturer, du må ta ein tur...!

      Slett
  7. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  8. Hei. Fant linken til bloggen din via Målfrid og Facebook. Så mange flotte bilder. Det ser ut som dere hadde en kjempetur til Kroatia. Min interresse er bl.a. også fotografering, så jeg henger meg på her på bloggen din.
    Jeg har blogg jeg også, den finner du vel under bildet / linken min. Kos dere fortsatt. Slettet det forrige innlegget fordi jeg skrev så mye feil.

    SvarSlett
  9. Hei Britt
    Så kjekt at du fann bloggen min.
    Denne bloggen har etter kvart blitt ein erstattning av fotoalbumet.
    Her samler eg bilder fra turane vi har - til glede for meg sjølv, men og for å dele med andre :-)
    Kjempekjekt at du vil følge meg :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Har nok gitt deg nytt navn, Berit :-)
      Beklager det, slik er det når det går litt fort i svingane :-)

      Slett
  10. It's an awesome post designed for all the online viewers; they will get benefit from it I am sure.

    My webpage - arjun kanuri

    SvarSlett