tirsdag 17. juli 2012

Kroatia - del 2.







Medulin, Kroatia

Del 2.




Etter dagsturen vi hadde til Rovanj og videre innover i landet ( sjå den første delen på bloggen frå Kroatia) blir dette dagen for ein tur i nærområdet her i Medulin.


Vi bur forsatt på Villa Velike Stine :-)


http://no.tripadvisor.com/Hotel_Review-g608707-d1202236-Reviews-Villa_Velike_Stine-Medulin_Istria.html


Det er ein skiftende værtype med litt sol og regnbyger innimellom, men temp. er fin.

Det er mange fine stier både til turgåing og sykling - vi valde ein tur ut på ei øy...


...og Målfrid hadde tenkt på både sol og regn.
Her poserer ho til ære for fotograffen - og ventar på filmtilbud...:-))

Målfrid, du er ei gladjente - eg trivest i ditt selskap....:-))


Paraplyer kan brukast både mot sol og regn...:-)



Ei nydeleg rose som voks langt inne i skogen.


Enkelte stader var det tett skog og ein del av trea såg svært gamle ut.


Så er det kos i strandkanten.
Med alle dei tilbud vi fekk i går på gode vinar er det klart det vart handling.
Desverre er det berre ein liten del vi kan ta med heim, så då er det berre å nyte det her og nå...:-)


Det var regnbyger i lufta


men snart var sola tilbake...



...og når vi kom inn igjen i byen var det varmt og godt.
Turistsesongen var berre så vidt begynt, men om 1 til 2 veker ville det vere stor auke i folketalet her på kysten -  august var høgsesong.



Ein liten morgontur opp til kyrkja



Denne dagen starta vi med tur på stranda. Det var nydeleg vær og god temp.



Det var ei lang strand som ingen ende hadde...
Vi forstod ganske snart at skulle vi få utnytte muligheitene her, så måtte vi sykle.





Vi var tilbake til hotellet og lånte sykler og hadde ein fantastisk dag i vakker natur...



Sykkelsti eller ikkje - vi fann eit traktorspor og følgde det ...




...og kom etterkvart ut på ein noke humpete veg.
Det vart ein tur gjennom potet- og kålåkrar og mykje anna rart, men det var fantastisk :-)
Her var det ikkje biltrafikk, berre nokre traktorar som pløygde opp åkrane.
Det var varmt, det lukta av blomster, gras, åker og hav og det var herleg...
Det er i slike stunder du trur at sommaren varer evig...:-))



Så er vi framme ved Rt Marlera.




Vi parkerte syklene, og brukte nokre timar her på stranda. Betrakta alle seglbåtane som for forbi ( dei fleste uten segl ) og eg tenkte...den som hadde hatt ein seglbåt her...
Å segle her nede er å komme tett opp under det gode liv - det seier våre gode venner Ranveig og Laffen ...:-) som er nye eigarar av ein flott seglbåt...









Vel, segling for oss blir nok ikkje meir en ein draum... det er spennende å reise på landjorda også...:-)
I allefall sette vi oss på syklane og tok same veg tilbake.
Havet var blått og strendene kvite og det var vakkert...





Det var mange sortar sommerfugler, dei fleste hadde det travelt, men noken stoppar opp slik at eg fekk dei på brikka...:-)


Det var populært med salat av raspa kål her nede ( den var god ) og tilgangen var også god...:-)



Her har vi bevega oss inn i ein militærsone.
Heldigvis var det ingen aktivitet her lenger...





...berre ein nydeleg sommerfugl på ein blomst...



Her såg det ut for at dei ville blomstene fekk stå i fred.
Ingen aktivitet på markene lenger....






...men fint var her...





Her hadde det vore ein brann som hadde ødelagt ein stor del av skogen






Så er vi tilbake i Medulin.
Hadde ein flott tur rundt i den gamle bydelen før vi enda opp på ...






...denne resturanten.
 God mat og hyggeleg betjening !





Så er det igjen morgon på Villa Velike Stine.
Hagen vart flittig benytta av oss.
Det var her vi slappa av etter turane om dagen, og det var her vi planla dagens gjeremål.
Til denne dagen hadde vi kjøpt biletter til ein båttur.




Her er båten som tok oss med ein dagstur på sjøen...



Frå båthavna i Medulin





"Alle" snakkar om at segling i Kroatia er topp, og etter alle seglbåtane å dømme må dette vere rett...



Fyrtårnet ved Rt Kamenjakk
Her var det muligheiter for eit opphald på 3-4 dager i trekk.  Ventetida er lang, dei første 3 åra var det oppbestilt...:-)





Så er vi noen timer til rådigheit på denne vesle øya.
Opphaldet gav oss tid til å gå rundt heile øya - det var flott !




Måsen vart nærgåande når den såg noke spennande...:-)




Kaktusblomst




Her på denne øya var det ein gang ein som reiste frå eit par kaniner - det gav resultat.
I dag sprang det kaniner rundt i alle retningar...



Det var eit nydeleg område her ute på denne vesle øya
og folk kosar seg...






Så er vi tilbake i Medulin....



...og hagen hos Igor



Her har skjelpaddene hatt ein roleg dag i den skyggefulle delen av hagen





På altanen kjem noen ut når dei kjenner den gode lukta fra...


...Igor's grill :-)


Snart er maten klar og Igor og hans pappa ønsker oss velkommen til eit fantastisk måltid...





Bordet er dekka



Ein nydeleg forrett - snitter med ein pate av to slag sopp og trøffler.




Hovudrett - biff innbart i trøfler og grønsaker bakt i grillen.
Den møraste biff eg har smakt :-)



Desert - is og frukt



Vi kosa oss ut i dei små timar



...og Igor viste oss hemmelegheiten med edle dropar fra flasker, kanel og varme...




Nyyydeleg...:-))





Dette var siste kvelden vi hadde her på Villa Velike Stine
Litt vemodigt, opphaldet har vore heilt topp, men det går an å komme tilbake...




Så var lørdagen her og dagen for heimreise.
Vi hadde eit seint fly, så også denne dagen fekk vi noen timer på stranda...
Og mens desse vandra sakte ut over i det klare vatnet...




...og seglbåtane var klar for ein ny etappe på havet...



...måtte vi forlate denne fantastiske staden.
For alle dei som skulle bruke dagen her  var det turer i sakte eller rask tempo, eller finne seg ein solstol og berre slappe av og nyte det blå havet. 




Takk for oss Medulin !!



Vil igjen takke Igor og hans familie for eit flott opphald.
Doka venligheit og hyggelige væremåte var  ilag med den vakre naturen i Kroatia  med på å gjere denne ferieveka vår til ein flott opplevelse
Tusen takk!!

Så til Målfrid og Tor, Bjørg og Ola,
tusen takk for  ei flott veke ilag med doke !!

Og til Edi som tok oss med på tur, tusen takk for ein flott dag.
Vi har drosjenr. ditt til ein seinare anledning !!


Så til doke som besøker bloggen, håpar desse to bloggsnyttane vil gje innsperasjon til ein tur til dette flotte landet.


Takk for besøket :-) 


Ha ein fin dag !!

4 kommentarer:

  1. Dette gjev stadig meri reiselyst. Og eg tek gjerne kontakt for å finne fram til Igor og plassen hans, mat og måltid såg heilt utruleg bra ut. Dei er veldig flinke med mat, både kjøt og fisk synes eg, og dersom ein bur slik at ein kan lage maten sjølv så har butikkane godt utval. Tusen takk for å ta oss med!Gunnar

    SvarSlett
  2. Du må berre ta kontakt så skal du få meir opplysninger. Denne plassen ligg berre ca 10 min frå Pula flyplass. Det er ein liten by, med ein roleg og avslappa atmosfære. Igor var glad i å servere gjestane sine god mat, men elles var det mange restauranter i kort gåavstand frå dette vesle hotellet. Det var også ein liten kjøkkenkrok på romma.
    Takk for at du var med på turen, Gunnar :-)
    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett
  3. Nydeleg :-) ser og høyrest ut som de har hatt ein flott tur.

    SvarSlett
  4. Turen var topp, vi kosa oss og hadde det heilt supert :-)

    Ha ein fin dag Marit og lukke til med Krabbefestivalen !!

    SvarSlett