lørdag 6. oktober 2012

St. Petersburg - Dag 1 - 2 og 3





 St. Petersburg til Moskva.

Bilder og reiseopplevingar langs Tsarens Vannveier.

11 dagers elvecruise i Russland med Russ.

1.-11. september.


Smolny Katedralen




Vi hadde lenge tenkt på ein kanaltur i Russland, og ein kveld i vår bestemte vi i lag med Marit og Harald at Tsarens vannvei frå St. Petersburg til Moskva vart målet.
Valget vart å reise med Escape Travle i regi av Sogn og Fjordane Reisebyråd og Rutebilhistorisk Forening avd Sogn og Fjordane v/Håkon Råheim.

Reiseleder var Aud Lundeland - ei dyktig og flink dame med lang erfaring frå reiseliv.

Vi tok fly fra Oslo med mellomlanding i Stockholm og kom til St. Petersburg tidleg på ettermiddagen.
Der vart vi henta av våre hyggelege "båtguider" og køyrt med buss til båten Russ som skulle bli vår "heim" i 11 døgn.



Dette er ikkje Russ, men heilt make...:-)



På båten vart vi godt mottatt med nydeleg kveitekake...
Kvelden elles vart brukt til info og praktiske opplysninger,
så middag og sosialt samvær - som det heiter :-)
I vårt norske reiseselskap var vi ca. 45 stk, men her var turister fra Spania, Australia, Canada, Frankrike og sikkert fleire land også.




Båten skulle ligge her ved kai til 3. sept. ettermiddag.
Det var ein fin kveld, og vi var svært spente på kva vi hadde i vente.




Så tar vi fatt på vår første heile dag her i St. Petersbourg.
Byen vart grunnlagt av Peter den store i 1703 og ligg på 42 øyer ved utløpet til Neva- elva i Finskebukta. Byen fascinerer sine besøkende med eit nettverk av brede kanalar og avenyer, vakre parkar og imponerende bygningag.
St. Petersburg var i perioden 1712 -1918 hovudstaden i Russland og er i dag landets nest største by med ca fem millioner innbyggera.

Vi vart henta med buss og fekk sjå Nevskij Prospekt - byens handlegate...





Smolny Katedralen
Her var det kun eit stopp for fotografering - og det regna...




...og Blodskirka med dei fargerike kupplane





 Så hadde vi vårt første stopp med besøk i Peter Paul- Festningen.



Legg også merke til stigen på utsida.




 Ved inngangen til Peter Paul kattedralen der alle tsarane ligg begrava.



Det var eit vakkert skue som møtte oss då vi kom inn.
Vart nesten mållaus.
Litt bilder vart det, men det meste vart fotografert på netthinna...:-)

  


Sakofagagane til dei fleste medlemane av Romanov-dynastiet frå Peter den Store til Alexander den 3.
 står her i denne katedralen.

Små detaljer...


Her måtte ein gå med heva blikk heile tida, for både tak, golv og veggar var like imponerande.



Namneplater av Tsarfamilien som blei myrda etter revolusjonen.



http://www.erantis.dk/guide/rusland/sktpetersborg/peter-paul-katedralen.htm


Litt bilder fra bussturen etter besøket i Peter Paul- festninga
Desse er tatt igjenom bussvinduet og har eit rosa skjer...:-)
Trur dette er ein kopi av Peter den stores' skip
...store blokker med mange leiligheiter....


 Bybilde :-)


Så etter lunch er vi på veg inn i Eremitasjen, ( Vinterpalasset )

Dette var tsarfamiliens residens gjennom to hundre og femti år.
Det er eit praktbygg av eit palass som knapt finnast maken til i verda. Samstundes som det idag framstår for oss i all sin prakt, seier det også noko om den rikdommen tsaren og hans familie omga seg med i eit land der millionar levde i ytterste naud.
I dag det største og kanskje viktigaste kunstmuseet i verda med rundt tre millioner gjenstander, blant anna verker av Michelangelo og Leonardo da Vinci.






Bygningen rommer så mange gjenstandar at om vi brukar 20 sekundar på kvar, vil det gå 8 år før vi er komne gjennom .... 






Fantastiske miniatyrgjenstandar under kuppelen.






...bilda fortel det meste... 


....om rikdom og overdådigheit...





 Utsnitt av Leonardos vakre Madonna med barn 1490-91.
  





Verdens største fat ? Fatet veg 30 tonn og er uthogd av ei steinblokk !
Historia om transporten av steinblokka frå fjella med hestetransport er "vanvittig", men kan ikkje hukse detaljane.






 Rommet som var dekka av rav fekk vi ikkje ta bilde av. Berre restaureringa av rommet kosta over 60 millionar kr...




Så reiser vi tilbake til båten-
Det er grått i St. Petersburg, litt regn og vind.
Planen var at vi på kvelden skulle ha ein båttur på byens elver og kanaler, men den vart avlyst pg. av høge bølger...
Vi Vestlendingar hadde litt problem med å forstå det...:-)
Vi hadde derfor ein fin kveld på Russ, der alle inntrykka fra dagen fekk sige litt på plass.


Fra vegen tilbake til båten...

Bilder tatt på tilbaketuren til båten.



----------------------------------------------------------------------------- 
Dag 3 


Så er det ein ny dag i St. Petersburg.
Det er grått og litt regn i lufta.
Kl. 8.15 vart vi henta med buss og denne dagen var det

  besøk til Pushkin  med omvisning i Katarinapalasset som stod på programet.


 Katarinapalasset blei bygd av Elisabeth som oppkalla palasset etter si mor Katarina, som var gift
med Peter den Store.





Då er omvisningen i gang, og vi vandrer fra rom til rom.
Bli med og husk - gå stille og ikkje ta på noke...:-)

Her er gull over alt, og det er så imponerende at vi har ikkje ord...


The Cavaliers' Dining Room



Legg merke til dei flotte blå kakkelovnane som går igjen i mange rom...
Berre ei flis til ovnen kosta like mykje som ei årslønn til ein offiser...!!


Nydeleg servise

The White Main Dining Room


The Green Pillar Drawing Room


Elisabeth den første.

 The Small White Dining Room



"Silketrykkrommet"

  
Så er vi komme til ende, og egentleg var det godt å komme ut...


 Men som de ser, utsida er like imponerende...
Det er eit overdådig palass.
Etter Elisabeth var det Tsarina Katharina den Store som forsette å bygge på Katharina palasset.

. det var ikkje berre vi som var på besøk, det var dagleg ca 17.000 andre og !


Etter besøket i tsarens sommerpalass, hadde vi ein liten runde i hagen før vi igjen sette oss på bussen og vart køyrd til Peterhof

Bilde teke undervegs til Peterhof- store kontrastar...


Leiligheiter til salgs !

....og nokon restaurerer...


Peterhof betyr Peters kongsgard og ligg langs kysten av Østersjøen.


Her finn vi over 150 fontener og sju palass ! 

 Peter hadde vore i Marseille på besøk og skulle lage like fine hagar og fontener som der !
Han bygde derfor Petershof...

Nok eit imponerande byggverk...

Symbol på at slangen (svenskane) er beseira !




....igjen...bilda talar for seg...







 Utsikt over Østersjøen !



 Desse fontenene vert ikkje drivne av pumper, men får vatn frå rundliggande reservoarar og høgdeforskjellen skapar trykk i fontenene.
  
 



Så var besøket over her i Peterhof - det var også våre to dager i St. Petersburg.



  Siste sjanse for suvenirkjøp, men du kor vanskeleg det er å bestemme seg... 
Opplevelsane i denne byen var overveldande, vanskeleg å fordøye slik overdådig rikdom og samstundes stor fattigdom... 


Så legg vi frå land, og startar på den lange seilasen mot Moskva. Total seileravstand ca 1800 km !


 Det var fleire båtar som starta samtidig...


I begynnelsen gjekk seilasen oppover elva Neva.


...ymse bygningar langs elvebredda....

 ...og moderne bruer...









Flygande tallerkar ?? :-)

Der  elva Neva møter Ladago innsjøen, ligg  Schlusselburg fort...:-)

http://no.wikipedia.org/wiki/Sjlisselburg

Det var ein nydeleg kveld ...


...og i  løpet av denne natta vil båten krysse  Ladoga, Europas største innsjø...


Vi hadde ein nydeleg middag i Volga Restaurante, og seinare eit lite besøk i Neva Bar...:-)

Eg seier takk til doke som har titta innom  i denne omgang, og ønsker velkommen tilbake til ein ny dag...
Takk for besøket på bloggen :-)


Ha ein fin kveld !


8 kommentarer:

  1. Du verden!!!! Ditta e no flottare enn i eventyra :) Kjekt å få vere med på denne ture,gleder meg til fortsettelsen!

    SvarSlett
  2. Takk for turen,Liv.Dette var flott,imponerande bygningar.
    Ha ein fin søndag,trass det dårlig været:)

    SvarSlett
  3. Igjen en flott tur med deg.Forrige tur i Normandie var for det meste av vakker natur. Denne turen er et unikt skue av vakre, overdådige bygninger. Praktfulle palass og kirker med mye gull. Det er flott da. Kan tenke meg at denne turne var en opplevelse. Kontrastene er jo enorme. Skjønnhet er allikevel noe både fattig og rik kan nyte godt av.Takk for at du viser alle disse flotte bildene, gleder meg til resten. Ha en flott dag.

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Fine bilder bestemor!
    Hilsen Andrea

    SvarSlett
  6. Flotte bilete.
    Har alltid lyst å reise der du har vore for du har so mange flotte bliete.
    Helsing Even.

    SvarSlett
  7. Alltid kjekt å komme inn på sida her å finne slike kjekke kommentarer.
    Det gjev meg eit kikk til å ta fatt på ein nytt knippe bilder.
    Tusen takk :-))

    Ha ein fin kveld !

    SvarSlett