lørdag 10. november 2012

Altea som utgangspunkt








Ein førejulstur til Altea.



Det var ikkje meininga med fleire turer dette året, men i ein vedvarande regnperiode i oktober falt vi for fristelsen og bestilte biletter til Alicante.
Harald og Marit som også var lei av regn vart med oss.
Målet for denne turen var å få ta noen fine fjellturer og farte litt rundt i områda rundt Altea.
Vi kom ned i fint og mildt haustvær, litt skyer og dis, men milevis frå det striregnet vi reiste fra...
 
   
 
For å vise våre gjester området rundt Altea tok vi dei med på toppen av Altea Hillls.
Her får vi flott utsikt over Calpe med sine strender, høghus og for ikkje å gløyme Calpeklippen.
 

 
Utsikten den andre vegen er Altea, Benidorm, Albir, og den flotte turen til fyret.



Vel, vi køyrde til Albir, parkerte bilen, og gjekk ut  mot fyret.
 

 
På vegen ut over, går vi forbi gamle okergruver.
 
 
 
Så er vi ute ved fyret som nyleg er oppussa til eit lite "museum"som syner oversikt over livet både i sjø og på land.


 
På stranda i Albir var det bølger, og mørke skyer i det fjerne fortel oss at det gjerne blir værforandring...
 


Slik var det også i Altea, men her var surfarane i full aktivitet.
 
 
  
Vi tok likegodt våre gjester med til Calpe også.
På stranda var det lite folk, berre noen som prøvde fiskelukka ute på moloen.
 
 
 
 
 
Vi tok derimot turen til kaia og fiskemottaket.
Denne kvelden var det full aktivitet og båtane kom inn på rekke og rad med fangst.
 



 
Her er fisken sortert, eit slag i kvart kar. 

 
 
Fisken blir spylt og deretter pakka i isoporkasser som blir fylt opp med is på toppen.
Deretter er det rett på fiskeauksjonen.
Artig og følge med på dette :-)
 

  
 
 
Når vi er eigar av eit hus er det alltid noe som må vedlikehaldast.
Slik er det hos oss i Altea også, og sjølvsagt måtte vi benytte oss av fingerferdige og flinke gjester.
Ei dør vart tatt ut og kom tilbake litt rettare og litt meir tilpassa en den var.
Takk for god hjelp Harald - og til Marit for dugande konsulent og rådgiving :-)
Dette vart ikkje foreviga, det var så spennande å følgje med i prossesen at fotografering vart aldeles gløymt.
 
 
 
 
Vel, etter slik arbeidsinsats vart vi svoltne - gjestane våre også.
Kva var meir naturleg en å ta dei med på biltur, til mandellundane og late dei forsyne seg av det som var igjen etter mandelhaustinga...:-)
Mandler er jo både sunt og nærande...:-)
 


 
Det var ein grå og tåkefull kveld rundt Tarbena...
 

 
 
Så vi drog vidare til den vesle gamle byen Castells de Castells
 

 
Elskar å gå i desse smale gamle gatene
 

 
Trur våre gjester fekk ei fin opplevelse av det ekte Spania også...
 

 
 
Harald vart mektig imponert av den lokale trafokiosken og tykte den var eit hakk betre en den i Stongfjorden...:-)
 

 
Marit koser seg...
Vel heime vart det servering av både mat og drikke, så våre gjester gjekk ikkje svoltne til sengs...:-)
 
 

 
Så kom morgonen som var skapt for fjelltur.
Vi bestemte oss for at Aitanafjellet måtte besøkast denne dagen.
 
 

 
 Køyrde opp over til Guadalest, der vi hadde avtale med Freddy og Erling som ville gå ilag med oss.
 


 
Vi starta på turen i eit nydeleg haustvær og fargane på skogen var heilt fantastisk

 

 
 Her har vi ein liten pause før vi tar fatt på den litt meir krevjande delen av turen
 

 


Men først eit parti med nydeleg lyng og urteplanter

 
  
Turen er godt merka, men det er ikkje verdt å trakke feil...
 



 
 Det er berre igjennom denne opningen det går an å komme vidare...
 


 
 
 Kjem de...?
 

 
Vel, så er vi gjennom og ute på den andre sida...
Spennande - det er høgt utfor her, så dei fleste går raskt vidare...
 


 
 
Så er vi oppe på platået, og her skal vi passe oss for sprekker som går mange hundre meter rett i djupet
 

 
Ein gang i framtida vil nok heile denne delen løsne og dette ned i dalen


 
Dette er ein nydeleg tur og det er berre å nyte utsikta og atmosfæren...
 



 Eit fly i lufta - det er gjerne våre venner fra Måløy og Kvammen som skal komme i dag :-)
 
 
Vakkert fjellandskap....
 
 
 ...og fantastisk utsikt frå dette fjellet
 

 Då er vi på veg nedover igjen...
 

 
og fargen på trea er intense i den lave haustsola
 

 
 
Litt mandler smakar godt...
 
 
 Olivenlunder
 

  
Vi har ei nydeleg utsikt fra stua og terassane, så etter ein lang fjelltur var det herleg å berre sitte i ro nyte kveldshimmelen ogdet vakre lyset
 

 
Utsikt frå terassen vår. 
I Benidorm var det stor fiestas, og Spanjolene kan dette med fyrverkeri....:-)
 


Altea by night. Høghusa i Benidorm i bakgrunnen.
 

 
Så er vi klar for søndagstur til Denja
Som de ser så er ikkje solkrem noko nødvendigheit denne dagen...:-)
 




 Vi hadde ein fin tur langs strandpromenadane mot Denia by.
 

 
Etter ein god lunch i Villajoysa, var kvelden avlutta i Altea Hills med godt selskap fra Måløy og Kvammen.
 
 
Gamlebyen i Altea har mykje flott å by på, bla. hyggelege middagar hos Aage på Casa Vital. 
 


 
Trappene ned mot sentrum er glatte idag...
 

 
 
Heftig vind og skikkeleg med bølgjer........
 

 
....som bryt innover moloen i Altea...
 


 
 ...og innover strandpromenaden...
 
 
...der bilane på parkeringsplassen måtte reddast ut ....
 
 
....og folk måtte passe opp for ikkje bli våte...
 

 
....spennande og fin oppleving for oss vestlendingar...
 






 
  
 
Ny dag og vi dreg med oss gjestane på tur att, denne gongen innover dalane mot Maurimantell.
 
 
I høgdene her er det enormt med stein og steinmurar.

 
...nokre gardar var i drift, men det var også mange som forfell.
 

 
Det er for det meste mandeltre her, men årstida no er ikkje den finaste, blomstringa i februar er fantastisk !
 


 
...ledige stolar...
 

  

 
 Her er kansje ein finka til salgs ?
 

 
 Haustfargar...
 
 
Så er vi i Calpe igjen, denne gongen er målet toppen på Calpeklippa, eller Peon de Ifach som den heiter. 
 

 
Flott tilrettelagt sti med flotte utsiktsplassar dei første hundre meterane....
 
 
 
 ....men so var det skumlare...du kan gjerne be litt, Marit......her er stupbratt ned....
 
 

....det gjekk fint ?....
 


 
Harald måtte sjå ned på havet... han såg ein båt....!
 

 
...måsen følgde nøye med her...
 

 
..og her var det berre å halde seg fast og ikkje sjå til høgre....
 


 
På toppen vart vi helsa velkomne av heile kattefamilien...., men mat fekk dei ikkje av oss !
 

 
 Frå toppen er det flott utsikt over Calpe by og innover landet.
 
 
....nedover gjekk det fint og....
 

 
...godt å halde seg litt i tauet då underlaget var svært glatt idag.


 
 
Attende på promenaden i Calpe....
 

 
 ...og måsen seier velkommen att !!
 
 
 
Så er vi på vegen att. Nordover mot Albufera/Valencia. Her er det fiskarlandsbyen Cullera          som blir besøkt undervegs.
 




Spleising av tau
 

 
 
...garnbøting...
 

 
...puser som ser etter meir mat...


 
På den nydelege to km lange stranda var det god plass på denne årstida...
 

 
...men sola varmar godt...
 


...og litt tid til leik blei det og....!!
 
 
  

 
Vi dreg vidare mot ......
 

 
nasjonalparken Albufera med sine enorme flater, kanalar og oppdemningar
 

 
Dette er eit område som er verdt eit besøk !
 

 

Fra appelsinlundane ved Altea...


 
Ein fin dag rundt omkring i Altea.




Bassenget vårt !
 



 
Så er det fjelltur i gjen og denne dagen er det turen rundt Berniafjellet som står på programmet.
Dette er ein tur vi aldri vert lei av, og som våre gjester også set stor pris på ....
Det er ein grei tur der den einaste utfordringa er å nyte den vakre naturen...
  
 

 
...og masse urar, men held vi oss i stien, ligg steinane heilt i ro.
 




 
 ....bilda talar for seg sjølv....
 

 
....flotte tilrettelagde stiar....
for folk og.... 
 

.....fe!!  Det er ikkje uvanleg å treffe på sauer/geiter her oppe, og gjetaren er aldri langt unna.
 



 Så er vi oppe ved holet i fjellet der vi må gå/krype igjenom for å komme ut på den andre sida av fjellrekka.
 
 
Interessant å sjå kor plantene klorar seg fast i fjellsprekkene ! 
 
 
Enorm utsikt ved munningen på sørsida.... 


 ....og då er vi komne gjennom tunellen, og utsikten er like flott på nordsida også!
 





Så er vi nede i dalen der druerankane og mandeltrea har fått eit haustleg preg...
 

 
 
 Mandeltrea er hausta og ut i januar / februar står dei igjen i full blomst.


 
På denne rundturen rundt Bernia er det utsikt i alle retningar....
 

 
...og ruinar, som her av ei borg....
 


 
Her ser vi mot Benidorm og i horisonten mot Alicante by.




 
Så er vi nede ved bilen igjen...
 

 
Siste dagen før heimreisa hadde vi igjen ein tur på fyret i Albir.
Utsikt mot Altea.
 

 
Her ser mot Calpe - kjekt at vi har vore på toppen :-)
 

 
Så er det rett heim til pakking og vasking.
Ikkje mykje lyst på heimtur i slikt eit flott vær.
Takk for besøket Marit og Harald, og takk for hyggeleg selskap og mange flotte turer.
 
Til alle som har vore innom bloggen min dette året vil eg sei tusen takk for besøket. 
Det er kjekt og lage turblogg med så mange hyggelege tilbakemeldingar - både munteleg og skrifteleg.
 
 
Då ønsker eg alle ei God Jul !
 
 

7 kommentarer:

  1. Veldig moro å sjå. Mange kjente motiv og stier.
    Takk for mange fine billede gjennom heile året. God Jul!

    SvarSlett
  2. Flotte bilder på heile rekka,godt du ikkje har høgdeskrekk,for det har eg,hadde ikkje vågd på tur der.Godt nyttår til deg:)

    SvarSlett
  3. Kjempefine bilder, Liv. Artig å være med på tur

    SvarSlett
  4. Takk Liv for ein hyggeleg og eventyrleg tur.
    Eg er mållaus over dei fine bilda og arbeidet du legg ned her.
    Fantastisk :o))

    SvarSlett
  5. Tusen takk for en kjempefin tur via flotte bilder! Lengter tilbake, vi pleier å reise til Albir og var der hele to ganger i år.
    Hilsen Wenche Pedersen.

    SvarSlett
  6. Takk for turen. så den ikke før nå. Flott natur. Nydelige bilder av fjell sjø og by. noen av dem bringer frem gamle minner. Dere er virkelig spreke må jeg si.

    SvarSlett
  7. Tusen takk for alle kjekke tilbakemeldingane :-)
    Det er mange som er innom bloggen min, og det er ekstra kjekt når de legg igjen ein liten kommentar.
    Takk til alle som kommenterer og "liker" på FB også.
    Ha ein fin dag !

    SvarSlett