søndag 15. september 2013

Bobiltur i Rondane og Dovre.








Bobiltur i
 

Rondane og Dovre.
 
 
 
 
Etter dagar med regn og tåke her i Stongfjorden, vart lengselen etter sol og vakre høstfarger så stor at vi bestemte oss for ein bobiltur med ukjent mål....

Vi starta seint ein fredagsettermiddag i retning Stryn og vidare over fjellet.
Overnatta på  Øyberg Seter og køyrde vidare neste morgen nedover til Sjåk.
Dette er for oss kjende trakter då vi i mange år har hatt hytte her oppe på fjellet.

Det vart etter kvart ein fin dag, og regnet på vestlandet hadde vi no lagt bak oss.
 
 

Det første fotostoppet var her i Ottadalen.
 



 Køyrde til Dombås og vidare opp på fjellet
Hadde eit kort stopp her ved Fokstua...
 



...men bestemte oss for og køyre tilbake til bygda Dovre...
 

 
...og tok bomvegen over fjellet til Grimsdalen...
 

 
Det var ein mild ettermiddag, men tunge skyer hang over oss.
 

 
 
Det bles ein frisk vind i fjellet og i tillegg hadde eg med meg ein kraftig påbegynnande forkjølelse, så nokon fottur i fjellet vart det ikkje denne dagen.
 

Derimot hadde vi ein fin biltur innover dalen.
 


Haustfargane er her !
 


...og her fleire skilt/informasjon om severdigheiter.
 


Høstfargane var flotte
 
 
...og Grimsdalen er fin...
 


Mange fine gamle stølshus innover her...
 





...og vi tok oss tid til å fotografere alle...:-)
 




Fint å sjå kor fint mange av stølane blir haldne vedlike.
 



Det er nok lite nedbør på disse traktene sidan treverket held seg så godt.





Flott natur !
 


 
....cowboyane er i aktivitet...
 

 
Her er alltid så mykje dyr i Grimsdalen.
Her er det kyrene som skal samlast og tatt med til fjøsen lenger nede i dalen.
Men det er ikkje alle som vil bli med ...:-)
 

 
Tilslutt vart alle samla og det går i sakte tempo heilt ned i dalen...
...vi hadde god tid ...:-)
 


 
Så har vi svinga ned til elva på den flotte fjellcampingen som det er lagt tilrette for her.
 


 
Her er vi heilt i pakt med naturen...
...og det er berre vakkert...:-)
 



 Merra er litt nyskjerrig og får litt brød av oss...
 

 Det er mange fjellvandrarar som overnattar på Grimsdalshytta før vandringa gå vidare til neste hytte!

 
Morgonen etter var vi tidleg oppe for å få med soloppgangen....
 


....og det blei ein fantastisk morgon !
 

 
Soloppgangen og morgontåka gav oss flott oppleving og fine bilder.
 


 

 
Naturen må berre nytast ein slik  stille og fantastisk morgon....
 


 
Vi har no forlete Grimsdalen, har køyrt nokre kilometer langs riksvegen og tok av til  Dørålsdalen.
 


Dette er ein dal som faktisk er endå finare enn Grimsdalen....
 

 
 ....med flott utsikt mot Rondefjella...
 




 
Er no på fottur på turstien som går mot Høvringen og Rondvassbu.
 

 
Vi tek beina fatt frå Dørålseter.
 
(Mellom Dørålseter og Grimsdalshytta er ca tre timars gange, 18 km).
 
Gode og godt merka stiar som har vore mykje brukt i sommar.
 






Rondefjella var eventyrleg flotte idag !
 


Vassberget framfor oss.
 





 
Fargerikt og flott
 





 
Dørålseter.
 




 
...og tytebæra er modne !
 
 
Vi drog nordvestover Folldalen til Hjerkinn.
 


 
Dette var den einaste Moskusoksen vi såg...!
 
 
 Reiste så nokre km sørover langs E6 og slo oss til på Hageseter Camping, ein fin plass !
 
 
Langs Folla var det fine fotomotiv...


 ...og disse spesielle båtane er nok tilpassa vatna og elvane i dette området.


Så er dagen over og forsettelsen av turen kjem i neste omgang...
 
Takk for besøket på bloggen.
 
Ha ein fin kveld !

 


4 kommentarer:

  1. Så utruleg fine bilder. Vakkert!! :-)

    SvarSlett
  2. Dette er naturbilder helt etter mitt hjerte. Så utrolig mange flotte bilder av den flotte naturen og de gamle sætrene og båter. Vakre høstfarger. En fantastisk tur må det ha vært. Takk skal du ha Liv.

    SvarSlett
  3. Flotte bilder,Liv.Utulig vakkert på Dovrefjell:)

    SvarSlett
  4. Så kjekt det er å få kommentarer fra doke her på bloggen.
    Tusen takk, Marit, Berit og Aud :-)

    Til alle som har likt, delt og kommentert på FB - tusen takk :-)

    Dette var ein fantastisk tur i nydeleg høstvær.
    Trur aldri eg har sett eit slikt fargespekter i fjellet før.
    No håpar eg på fint vær i låglandet også, så det kan bli litt fleire bilder med høstfargar.

    Fin kveld til doke !

    SvarSlett