tirsdag 17. juni 2014

Grimelia, ein sommerkveld i juni.













Grimelia
 ein sommerkveld i juni.



Etter ei strålande helg og stort bursdagsselskap i Størdal for Solveig,
var det godt å springe av seg litt kaker til toppen av Blåfjellet med utgangspunkt i Grimelia.
 


 
Det var ein fantastisk fin kveld, men nordavinden bles så det var kvite skumdottar på Stavfjorden.

 
Grimelia ligg bada i kveldssola, og bonden er godt i gang med slåtten.
 

 
Ute i øyane ser vi at skyene og disen er så vidt begynt å trekke inn over landet.
 
 
Utsikta frå varden på Blåfjellet er flott
 





Var tenkt å vente ei stund på solnedgangen, men vinden var så kald og intens at det var godt å komme i bevegelse igjen å ta fatt på nedturen.

 

Fantastisk fine vidder her oppe, og spesiellt fint no i den lave kveldssola.


Det vart ingen fotografering i dei fine gamle gruvene i kveld, og snart var vi nede igjen ...


Sola er på hell...
 

 ...og kastar lange skuggar inn over den vakre og fredelege Grimelia.
 


 
På tunet til Dag, vart det tid til ein koseleg prat.
Han fortalde om ei veke med mykje kjekke aktiviteter, om turar  og om spennande lyrefiske :-)
Takk til Dag for praten,
 og takk til doke som har besøkt bloggen og vore med på denne raske turen til Blåfjellet.
 
 
Ha ein fin dag :-)



 


8 kommentarer:

  1. Hei igjen. Mange flotte bilder fra Grimelia. Kan huske vi var ute og badet i Grimelia, men husker ikke akkurat hvor. Det var svaberg og såvidt jeg husker noe sandstrand. Har dere Blåfjell der også? For det er ikke Blåfjellet i Askvoll. Takk for at vi fikk se de fine bildene. Alltid vakker natur der ute.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk til deg Berit for alltid så hyggelig kommentar :-)
      Her ute er det opp til fleire Blåfjell i kvar kommune, så det er lett å gå seg vill ...:-)
      Denne toppen ligg oppforbi Grimelia og er ein fantastisk fin tur.
      Ønsker deg ein fin kveld :-)

      Slett
  2. Flotte bilder Liv, med eit nydeleg fargespekter. Like kjekt kvar gang eg får vere med på denne " turen ". Gleda meg til neste :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggelig kommentar og for følge på turen :-)
      Ha ein fin kveld !

      Slett
  3. Ja eg vel å tru at han hadde da kjekt :-)
    SB

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, han var godt fornøgd med veka :-)
      Fin kveld til deg SB :-)

      Slett
  4. utrolig mange fine bilder du har Liv . virkelig bra ha en fin dag

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggeleg kommentar, Frank :-)
      Ha ein fin sommer og mange fine reiser :-)

      Slett