onsdag 18. juni 2014

Luster og Harastølen













Luster i Sogn



Klikk på bilda, då blir dei større ! 

 
Det var pinse og det var tid for ein liten bobiltur.
Yr.no lova ganske fint vær over heile Vestlandet, så spørsmålet var for i kva retning vi skulle reise.
Eg er svært glad i havet og Stadtlandet, men etter ein telefon frå våre venner i Vågsvåg vart vi fortalt at der oppe var det vind og regn.
Vi sette derfor GPS'en på i retning Sogn.
Vi hadde regn, tåke og yr med oss på vegen, men då vi kom inn over til...
 
 
 
 


...Fjærland, letta det i skylaget og det vart ein nydelig ettermiddag.



Vi hadde ein liten runde innom den vakre bokbyen, som denne kvelden var prega av total stillheit både på fjorden og på land.


Markblomstrene er no på det finaste og her hadde det ikkje vore kantslått heller...:-)


 

Vi er no på veg til Luster.
Målet for denne turen er å kunne få noen fine fjellturer.


Lustrafjorden ligg speilblank...


....og Feigefossen er eit fantastisk skue....


....i ettermiddagssola!



Feigefossen har eit fall på 218 meter og er Norge sitt andre høgaste uregulerte fossefall.
 

 Lustrafjorden er ein ca 40 km lang arm av Sognefjorden.


Her er vakre  gamle bygningar som ...


...har sett sine beste dagar!


Men dei flotte skifertaka held seg godt!




Vi tek no turen oppover Gamlevegen mot garden Berge som ligg på ca 400 moh.


Utsikta over fjorden er fantastisk....


....og vegen går gjennom idyllisk landskap.



Mange flotte blomster i liane.


Undervegs passerer vi eit gamalt nedlagt småbruk...


....og vidare oppover er det god sti og flott terreng...




Gamlehusa på Berge er ikkje i bruk.



Vi ser her over til Harastølen, der det det nedlagde Luster Sanatorium ligg.



Gamlehusa her på Berge vitnar om ei driftig tid !



Tykte dette er godt motiv !





Bygningane som er til nedfalls har sikkert mang ei historie...


....som dette skifertaket som veg mange tonn, og er frakta opp hit frå hellebrota langt inne i Dalsdalen !


Frå Berge følgjer vi stien oppover lia.


....og det stig bratt opp- ingen svingar med kvilesteg her...


...men du verden for ei utsikt....
....både i forgrunnen og bakgrunnen..!!

 
 Og målet er nådd; Børesteinen 991 moh. Fantastisk utsikt over eit eventyrleg landskap!
 

Dalsøren Camping, der vi ligg, ser vi under oss.


Vi tok nokre høgdemeter til, og fekk med det flotte dalføret innover Dalsdalen og fjellheimen.


Så er vi på turen tilbake til campingplassen.




Stien er godt merka.


Men "Dagmar" har gjort stor skade også her.

 

På Ferestad hadde eigaren vedlikehaldsarbeid på hytta denne dagen, og fortalde oss historier frå staden.


Gamle steimurar og røyser.

 
...og gjennom gløtt i skogen har vi flott utsikt! 
 




Så er vi attende til Berge....


...og går nok eingong gjennom tuna der...


... og hestane hadde godt med gras i solhellinga.


Og for ei utsikt dei har som bur her !



så er vi nede i bygda igjen etter ca fem timar og ca 12 km fjelltur i finveret!


...og her er slåtten i full gang...


 
 ......og Dalsøyri med campingplassen ligg idyllisk til ved fjorden
 
 

Bygda  ligg der fin pinsedag og....


....og vi bestemte oss for å gå til Harastølen.


Dette er ein veg som også kan køyrast med bil....


....men etter å gått i bratt svingete veg 5-6 km, kom vi endeleg fram !



Luster Sanatorium vart opna i 1902.


Sanatoriumet var ein plass for behandling av tuberkoløse.




Taubana gjekk frå fjorden og hit.



.....men i dag er dette eit trist syn med enormt forfall.


Ser ut som bygningar og interiør er herja av innbrot og hærverk....


...og til nedfalls !

 

Trist å sjå eit sånt ruvande byggverk og tidlegare eineståande samfunn ikkje er teka vare på !!!


Nedatt til bygda fekk vi haik, det var godt å sleppe å gå den lange vegen ettersom beina begynte å bli slitne....!


 Og 2.pinsedag var opphaldet her over for denne gong....
 

....og turen gjekk vidare innover fjorden til Skjolden, Turtagrø og Sognefjellet.


Fine snøvidder ...og Fanaråken ligg der med skyer på toppen.


Kartet måtte fram for å finne namna på fjelltoppane omkring oss.


Vi ser mot Smørstabbreen.



Øverst i Bøverdalen kom grønfargane att !



...og vi ser oss attende...


I Lom tok vi sommaren igjen, 24 gr, så vi stoppa og over
natta på ein god og fin campingplass før vi dagen etter drog heimatt over Strynefjellet.

Denne Pinsehelga i 2014 var det berre fantastisk !
 


Velkommen til å besøke bloggen min :-)



Ha ein fin kveld !


17 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder du har teke her Liv ☺ Skjønner at dåke hadde ei fin pinde her i Sogn ☺

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Linda :-)
      Sognebygdene viste seg fra sine beste sider denne helga.
      Du freistar meg med alle dine flotte fjellturar som du har lagt ut bilder frå, så håpar på mange flotte dagar fram over...:-)
      Ha ein fin kveld !

      Slett
  2. Ja dette var Luster, kva vert det neste ska tru? Fine bilder av vakker natur.
    SB

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette var ein liten del av Luster :-)
      Neste - nei det veit eg ikkje ennå ...:-) Blir det dårleg vær, blir det spansk vårtur - blir det fint vær blir det sommertur i vakre Sunnfjord :-)
      Ha ein fin kveld, kjekt å ha deg med på turen, SB :-)

      Slett
  3. For nokre fantastisk flotte bilete du tek, Liv. Helsing frå ein utflytta sambygding

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt Anne at du likar bildene mine :-)
      Vi har så mykje vakker natur rundt oss, så fotomotiva er der.
      Eg likar å reise og eg likar å ta bilder, så då er det kjekt å dele...:-)
      Tusen takk for besøket på bloggen - ha ein fin kveld :-)

      Slett
  4. For en flott tur igjen. Dere er utrolig spreke som klarer de lange turene. Det er så flott med den speilblanke fjorden ,bratte fjell med snø på, fargerike blomster og grønne enger. Har sett endel bilder av sanatoriet før og jeg syns også det er synd at man ikke kan bruke en så flott bygning til noe, bare la den stå og forfalle. Har sett på fotosidene at det er noen som bruker stedet som fotokulisser.Tusen takk for turen og at du deler. Blir gjerne med på neste tur. Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk igjen Berit for besøk på bloggen min :-)
      Naturen viste seg fra si beste side denne helga, og eg trur vi fekk nyte det meste både av natur og sosialt samvær :-)
      Det var også ein fin tur opp til Harastølen, og det var kjekt å sjå alle bygningane der oppe.
      Ein gang hadde dette vore flotte og funksjonelle bygningar, men no var det forfallet som hadde tatt overhand. Det gav meg nesten ein uhyggelig følelse...
      Veit at det blir brukt til ein del ting slik som det er, og det er vel lite truleg at det nokon gang blir restaurert. Prisen på det blir i tilfelle svært høg...
      Vel, Sogn har mykje fint å by på, både her ag andre stader i fylket :-)
      Ha ein fin kveld :-)

      Slett
  5. Kjempefine bilder. Takk for turen :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Ann Tove, alltid kjekt når du blir med på tur ..:-)

      Slett
  6. Flotte bilete. Synd at de kallar Lustrabygda for Dale fleire plassar- det var skjemmande

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for kommentar :-)
      Beklagar om eg har tatt feil av navna. Skal rette opp dette...

      Slett
  7. Hei. For en flott tur og utruleg kjekt at du deler den med oss.Har fått sett så mange nye flotte plasser som eg ikkje har vert på. Ha en fin helg, helsing naboen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Helga, kjekt å høyre :-)
      God helg til doke også :-)

      Slett
  8. Fine bilder men bygda heiter Luster og Ikkje Dale.

    SvarSlett
    Svar
    1. Beklager at eg hadde brukt feil navn på den vakre bygda, Geir Asle. Trudde eg hadde retta det opp, men no er i allefall navnet borte.
      Tusen takk for kommentaren og for at du gjorde meg oppmerksam på feilen.
      Ha ein fin dag :-)

      Slett
  9. Ufattelig flotte bilder!

    SvarSlett