lørdag 22. januar 2011

Med campingbil til Lofoten!

Nr. 3 Fra Alstahaug, Dønna og vidare nordover......

Omsider var vi på ferja og det var ein nydeleg tur til Tjøtta. Stille og fint på fjorden og mange spente turister på veg nord over.
Område her har mange kjente navn og historie i seg. Alstahaug kyrkje og Petter Dass Muset ligg her.Tjøtta internasjonale krigskyrkjegård med ca. 10.000 offer frå 2. Verdenskrig er også plassert her.Vi bestemte oss for å sjå nærmare på dette på tilbaketuren.



Vi hadde ein flott ferjetur i vakkert landskap.

Flott å raste her.


Ein liten rast i nydeleg landskap vart det. Her møtte vi Johnny og Torunn frå Tromsø. Det vart ein hyggeleg prat der på benken, og ut i samtalen viste det seg at dette var gamle kollega fra tidligare tider. Eit utruleg møte.....
Det flotte med denne måten å reise på er at turen blir til under vegs....Vi bestemte no og ta ferje over til Dønna. Det vart ein fantastisk kveld. Hadde først ein flott tur over det meste av øya. Deretter eit nydeleg måltid på Bøteriet, ein spennande serveringsstad i ekte maritimt miljø og beliggenheit heilt i fjæresteinane.Ein fantastisk god båknafisk med tilbehør fekk vi servert.


Motiv fra Dønna.

Bøteriet

Frå Dønna

.....også frå Dønna


Etter som det var store muligheiter for å sjå midnattsola i kveld, køyrde vi opp på Dønnsfjellet også kalla "Nordvestkapp" det ligg 127 m over havet. Der var det ei fantastisk utsikt i alle retningar. Vi såg frå Rødøya i nord til Vega i sør + alle dei karakteristiske sagnfjella på Helgelandskysten. Det vart ein fargerik kveld. Ute i havet var det klart, men ut på natta trua mørke skyer med regn i horisonten.



Utsikt fra Dønnesfjellet.

Utsikt fra Dønnsfjellet. Lovund og Træna i bakgrunn



....også utsikt





25. juni kl. 8.15 køyrde vi ned fra Dønnesfjellet. Det var ein nydeleg morgon med 14+ grader. Nesten som det var synd å reise der i frå.....


Morgon....

No var det ferjetur fra Bjørn til Sandnessjøen. Det fine været som vi hadde om morgonen, forandra seg fort til gråvær med regn av og til. Det fylgde oss resten av dagen, så det var ikkje gode forhold til fotografering....

Køyrde over den flotte brua som ligg på kysten mellom Sandnessjøen og Leirfjord. I 2010 vart den kåra til  " Norges vakraste bru"av Teknisk Ukeblad.





Så var det ein ny ferjetur...denne gang fra Lauvang mot Nesna. Flott natur men grått og regnfullt.









Det er kort mellom ferjene her oppe, og det merkast på lommeboka :) Neste overfart var mellom Kilboghamn og Jektvik. På denne turen paserte vi polarsirkelen og det var ein storslått og flott natur inn overVærangfjorden.


Frå Værangfjorden











Så var det igjen ferjetur, denne gang Korsvik - Forøy. Her står det i loggboka mi : Gode vegar men til tider ein kjedeleg strekning.....det var vel gjerne ein bra kombinasjon :)
Utsikt til Svartisen var det iallefall på denne strekningen, og det var eit imponerande syn.


Frå ferjekaia i Korsvik.

Utsikt mot Svartisen

Svartisen





No kan det sjå slik ut at det skal bli lettare vær, men det var berre lureri. Det vart rett og slett striregn og fotografering var det berre å gløyme. Sjølv om eg fekk sjåføren til å vente i ein halv-time i håp om at byga skulle lette ...ein plass det var så fint....var det heilt fånyttes...  :) (han fekk seg ein blund, sjåføren)...:)

Vi kom fram til Bodø om kvelden og overnatta der. Fin camping....men det var så vått...og berre 7 +
Starta opp tidleg neste dag og drar vidare mot Harstad.

Vi har alle bekvemmelegheiter i bilen, men av og til meinar sjåføren at det ikkje er alt ein treng dra med seg vidare. Eit aldri så lite nødvendig avtreden blir det av og til langs vegen. Denne gangen kom han fort tilbake og berre henviste til plakaten på naustdøra. tydelegvis ei poppulær "nov" dette....:))



Unødvendig med meir forklaring....

Gammal ferjekai ved Tjelsundbrua :)


Det var stas å komme tilbake til Harstad. Mange ting var forandra siden vi budde her oppe for mange år sidan. Det var ikkje alle stader vi kjende oss igjen, mange nye foretninger her også :)
Vi var opp og besøkte BSIN, men der var det ikkje noke militært igjen lenger, snarare gamle bygninger som såg ut til å vere  i forfall!



På kaia i Harstad


Gatebilde frå Harstad


Vi ville overnatte på kaia ilag med mange andre campingbiler, men der ville også rånarane ha tilholdsplass :) Kl 2.00 på natta forstod vi at dette var leikeplassen deira, så vi forlet plassen frivillig.....:)
Da kjøyrde vi vidare i midnattsol  til neste ferjeplass. Der sov vi vidare medan vi  venta på ferja som skulle ta oss med fra Revsnes over Gullesfjorden til Flesnes.



Revsnes


Vi kom ut til Andøya i ein blanding av sol, regn, skyer, vind og  8+. Der var flatt og flott med torv og moltemyrar. Til tider eit øde landskap med beine endelause vegar. Fargane var så intense, det var berre å syge til seg inntrykk og nyte det.


Alle bilda her er frå Andøya













Vi har passert Andenes og er på vegen mot Bleik. Har drømt om å komme til Bleik i fleire år, så no er spenningen stor.



Bleik ligg rundt neste sving....


Må tilstå at tårene spratt i augene mine når eg stod her og såg ut over. Det var vel ei blanding av inntrykk, forventninger og nordavind :) - eg gleder meg til å oppleve naturen her.....



Alle bilder her er fra Bleikstranda.

























2 kommentarer:

  1. Flotte bilder av flott natur,la merke til alle dei fine strendene der oppe.

    SvarSlett
  2. Ja, det var flotte strender der oppe - og den kvite sanden!
    Hadde det vore varmare og meir stabilt klima, så hadde nok vore tett i tett med badegjester der..:-)

    SvarSlett