søndag 29. mai 2011

Maivær i områda rundt Stongfjorden.




Maivær

I skrivende stund ser eg ut på ein grå himmel og regndroper som plasker i våt asfalt. Dette er for meg den flottaste tida på året og eg skulle apsolutt vore ein heilt anna plass en her, -  framfor pc'en. Ja, det går an å kle seg etter været og komme seg ut, men når regnet har sila ned i vekesvis då blir det etter kvart eit tiltak. Derfor har eg dukka ned i biledarkivet mitt og tatt eit lite tilbakeblikk...... 






26. April

Har gått tilbake til siste dagane i april. Det var eit nydeleg vårvær, litt kaldt men varmt og fint i sola. I Staveneset var solnedgangen finare en på lenge...eg var der og såg det....:-)





3. mai

Dei fine dagane tok vi med oss inn i mai månaden. Temp. steig gradvis og vi hadde håp om ein fin vår.  I Holevika var det ein still og fargerike kveld.. Berre lyden av bølgene mot stranda og fuglekvidder braut stillheita. Eg tenkte at jammen er eg heldig som får oppleve dette-----:-)


6. mai

Morgonstemning i hagen. Rododendron er snart klar til å sprette ut.




9. mai

Dette er den hittil varmaste dagen dette året. Det var som om alt i naturen spratt ut på ein dag. Temp var godt over 20 grader. Eg pakka sekken og for på oppdagelses tur til Grimelia. Målet mitt var å finne vegen til Stavestranda - eg kom halvvegs, då gjekk eg tilbake...Hadde ein fin tur og ein koseleg prat på tunet til Dag etterpå. Det vart ein nydeleg kveld, så derfor vart det to turar på meg denne dagen. Trur nesten eg aldri har sett Stavfjorden så blank....








10. mai

Finværet held seg, og igjen har eg hatt meg ein liten kveldstur...Den gode sommertemp. som vi hadde, har nok normalisert seg litt, men ennå er det bra... 




11.mai

Eg har starta vårarbeid i hagen, og denne kvelden kom eg ikkje lenger en til mi eiga fjære....
....men her er flott, og så er det så fin utsikt til Stupseidsvingane...:-)



12. mai
Denne dagen og kvelden var og lun og fin. Godt arbeidsvær både ute og inne.Vi fekk besøk av gode venner fra Måløy. Kosa oss med hjortefilet og prat både fra nå tid og fortid til langt inn i solnedgangen.




15. mai

Ennå er det fint, men grå skyer har dukka opp både her og der....
Ein tur vart det i dag også. Ein del svingete vegar og motbakker kan det av og til bli, men eg finn som oftast vegen og  møter mange små eventyr på mi vandring....




17. mai

Det var ein dag med både sol, regn og vind. i min hage er det begynt å blomstre...



19. mai

Det er regn og atter regn. Elvane veks og vinden bles vattnet ut i det grå... Det var så gale at her var det nesten uråd å gå ut av bilen - men blomstrene trivest :-)
I Staveneset titta sola så vidt fram...



21. mai

Hadde ein ide om at styggeværet kunne gje meg nokre gode fotomotiv... Derfor reiste vi ein tur opp over til Kråkenes. Det var ein tur i samanhengande vind og regn. Kunne nesten ikkje oppne hverken dører eller vindauge. Har no forstått at i synnavind blir det ingen bølgebilder på Kråkenes, berre sjødrev og vått og kaldt...:((  Det vart eit kort opphald, og vi var glade vi kom oss over Måløybrua før vinden auka ennå meir. 26 knopp då vi paserte over og hurtigbåten under...
Vel, fasinerende var det og fleire turar oppover blir det - i nord eller vestavær...:)



22. mai

Sola er framme av og til, men berre i korte augneblink...




23. mai

Regn og vind!! I Eidsfjorden finn geitene hus under fjellhamrar, einebusker og i tunnellar. Eg er heilt sikker på at dei også ønsker seg ein finare vår - snart sommer !!



Eg har lagt til side fotoapperatet, -  tar det ikkje fram før sola kjem fram !! Hadde det ennå vore tåke som kunne skapt fine og spennande motiv....
Elles så skjer det kjekke ting over alt, uavhengig av været. I Stongfjorden har det vore 10 årsjubeleeum for grendahuset. Mykje folk og stor stemning  Gratulerer med overstått feiring !!
På Askøy blir Andrea 11 år i dag - stor klem til henne !!
Når eg no løfter blikket mot vindauget, ser eg eit gløtt av sol....:))

Ha ein fin dag, doke som titter inn til meg på bloggen !!
Eg er klar for juni :)

7 kommentarer:

  1. Nydlige bilder Liv!:-) Er klar for Juni eg og, men eg starter juni på Sandane:-))) Vil ha soooolllllll:-)

    SvarSlett
  2. Takk for det, Janne ! :)
    Heldig er du,...eg lader batteria og er klar til sola er her hos meg i morgon tidleg !!:-))
    Takk for ein kjekk kveld på fredag, og lykke til på Sandane !!

    SvarSlett
  3. Flotte bilder, Liv! Overraskande mange dagar med blå himmel, men det har kansje vore lettare ver i ytre strok??

    SvarSlett
  4. Godt med tilbakeblikk på varmare dagar. Men no trur eg det snart blir sommarveir igjen. Du er flink med bilder, Liv.

    SvarSlett
  5. Fantastisk flotte bilder som vanleg Liv, det er godt å sjå nærområda med ditt blikk.

    SvarSlett
  6. Det gjer godt med slike fine tilbakemeldinger i desse elles så grå og regnfulle dager - tusen takk ! :-))
    Har no vore ute i regnet litt dei siste dagane også, og ser at regn og vatn også kan vere spennande.... :-)
    Fin kveld til doke !!

    SvarSlett
  7. Flotte bilder! Gleder meg til å komme tilbake om noken veker.
    Og Andrea takkar så mykje for gratulasjonen som blei opplest på dagen :)

    SvarSlett