lørdag 1. oktober 2011




Ein Staveneskveld og litt meir :)

No vart trangen etter ein Stavenestur stor, så i kveld har eg hatt ein fin tur ut over...
Det vart ikkje fine solnedgangsbilder, heller ikkje bølgebilder.
Vind var der, men ikkje av den retning som lagar bølger.
Litt haustfargar var der også...
Det var ein behageleg temp. milde vindar uten regn, - fantastisk.
I Staveneset var det stille, dei fleste turister var reist
og hyttene var tomme...
Eg fekk ein fin tur langs strendene, og litt bilder vart det frå denne kvelden også....




Det var ganske sterk vind, men den behagelege temp. gjorde  at det var heilt herleg å gå langs stranda...


Det vart ikkje  det store fargespelet denne kvelden...


Her, ved den gamle fjøsen midt på "prerien" var det ikkje dyr lenger.




...så eg klarta over eit gjerde og gjekk i høgt gras /strå.
 Herleg med mild vind og lyden av graset som susa i vinden...


Ser at vi er snart i oktober...
Det er ikkje lange lyse kveldar lenger.



I Staveneset er det mykje gjerder...
men heldigvis så fann eg ei grind, så eg  kom meg ut på vegen igjen...


Så kom dagen då den gode varmen kom for fullt. Her ute på kysten var det ein del vind og det var disigt, men fint var det...


I Staveneset var det haustfargar og blått hav...


 Brukte desse dagane til å rydde i hagen og å tømme krukker. Det store kastanjerteet har ennå ikkje misst lauva, men bjørka har fått bare kvister.



Kyllaren viser seg frå si finaste side. Håpar at dei som bur rundt omkring her kan få ein vinter uten den forferdelege stanken som kjem frå denne staden...


Siden det var dårleg med selskap her ute denne gangen, måtte eg ta til takke men dei som titta fram og ville vere ilag med meg.... :)
Sneglane brukar lang tid på å komme fram, men det var varmt og fint i fjæra så eg hadde god tid  å vente...:) 





Solnedgangane var fine, og på grunn av mykje tåke i havet og dis, vart det spessielle fargar.
Desse bildene er frå Grimelia.
Det har vore fantastiske dagar med temp. rundt 19 - 20 gr. dag og natt

Ha ein fin søndag :-)

5 kommentarer:

  1. Jammen e da fint ute på Staveneset og desse sneglane var kjempestilige!!:)
    Ha ein fin kveld Liv!:))

    SvarSlett
  2. Fine bilder,Liv. Synst sneglebildene var kjempe stilige:)

    SvarSlett
  3. Takk tilbake, jenter :-)
    "Jag trivs best i øpna landskap" - det passer her :)
    Ein dag de har god tid, ta med fotoutstyret til fjæra og ta bilder av sneglar. Det er kjempekjekt:-)
    På desse bildene har eg brukt makrolinsa mi.

    SvarSlett
  4. Øpna landskap e bra :)) Å sneglefotografering skal ikkje verte uprøvd,må berre la vindane roe seg litt :)

    SvarSlett
  5. Gledar meg til å sjå dine bilder...:))

    SvarSlett