tirsdag 10. januar 2012

Del 1. Litt rundt omkring i Albufera


Godt Nytt År.

Ønsker  alle som er innom bloggen min eit godt nytt år. No er vi alt komme eit godt stykke ut i januar og det er på tide å få noen bilder inn på bloggen igjen.

Vær har vi hatt mykje av i det nye året også - av alle slag, men minst av det vi kaller "fint"
Har prøvd å fange både vind, regn og snø, men dei bildene får ligge litt til lenger ut i mnd.

Spaniaturen vår i haust var eg ikkje heilt ferdig med, så no skal eg prøve å få legge inn bilder frå dei siste dagane vi hadde der nede.

Ser at denne bloggen er ein flott måte for meg sjølv å halde styr på både bilder og tida :-) og dersom det er andre som har glede av bilder og turane våre er det kjempekjekt.

Set også stor pris på at de legg igjen ein liten kommentar om det passer slik...

Så var det over til bilder og...


Albufera.

Del 1.
La Albufera er den store ferskvannslagunen som ligg 10 km sør for Valencia.
Her ligg også den vesle byen El Palmer - landsbyen der paellaen vart fødd for mange hundre år sidan :-)
Omringa av rismarker er den vesle byen ei einaste gate fyllt med paellarestauranter og ei fantastisk stemning.

Her er også staden for å nyte fred og ro ute i laguneområdet.
Her kan du oppleve fiskarane som set sine garn for natta, ein langhalsa fugl som letter over sivtoppane og sola som rødmer og gjev allt eit gyllent skjer.
På morgonen når  tåka er i ferd med og fordampe kan vi igjen sjå fiskarane som kjem inn med fangsten i sine karakteristiske båtar.
Risdyrking, jakt og fiske kjennetegner dette området.
I dag er det vel mest pensjonister som driv dette fiskeriet som binæring eller som inntektsbringende hobby...

Ei anna historie er at her er det kun men som har lov til å fiske...




Slik ligg husa ute i lagunene. Idyllisk og vakkert med berre ein smal sti som tilkomst.




Fra Altea bruker vi ca. 1 time på motorvegen mot Valencia, for å komme opp til innsjøen.
Ved Bullera tar vi av mot lagunen og fuglereservoatet. Våre turer her oppe har vore for å fotografere solnedganger og  fargespelet over sjøen med garn og fuglar. Det er ein svært populær plass og ein bør vere tidleg ute for å få parkere på plassen ved pirane....



 Det som var minuset denne dagen, var ein ubehageleg vind som skapte uro både på sjøen og motiva elles....


Det vart berre noen få bilder før vi reiste tilbake til El Pinatar



Her i dei smale kanalane var det stille og nesten ein magisk stemning.


Dei gamle nausta i El Pinatar var vakre i måneskin


Her ser vi litt av turistbyen El Pinatar


Inn mellom desse husa ligg paellarestaurantane tett i tett.
Bak høghusa er havet og dei flotte strendene.


Eit siste bilde før vi set oss i bilen og reiser tilbake til Altea...


Her i Altea Hills som vi bur var det stille og roleg...


...og utsikten fra terassen var flott som vanleg...



Den siste veka vi var her nede, var det ein god del overskya, men vi hadde fine turer på strendene i Calpe





Det er alltid kjekt å besøke garnbøtarane på kaia...



På rullesteinstranda i Altea, nyt den einsomme svana ein fin haustdag, nappar fjør op pyntar på fjørdrakta si...


...den er slett ikkje intereseri i å bli forstyrra av langhalsa inntrengarar...



Den tolmodige fiskaren derimot, likar godt å få selskap og å slå av ein prat...


 
Så vart det igjen ein nydeleg stille morgon. Vi bestemmer oss for å dra opp over langs kysten igjen og utforske meir i laguneområdet. Pakka ned alt av fotoutstyr, lesestoff og vatn.
Det var ein flott tur oppover. Appelsinene lyste gule og fine på begge sider av motorvegen. Valenciaregionen er kjent for sine mange appelsinlunder.

Det var god stemning heilt til vi kom på at fotostativet låg igjen på terassen. Fordeling av skuld vart delt ut fra begge kanter, men det hjelpte så lite...:-)
Bullera var redningen - tenkte vi.
Denne byen hadde vi berre køyrt forbi på yttersida, så stor var overaskelsen då vi kom inn og såg den flotte elva og det yrande båtlivet.




Her er det full oppskining på båten  etter morgonens fangst.



det var nesten som heile fotostativet vart gløymt for ei stund....))


Ein tur på dei flotte strendene bak høghusa fekk vi også med oss. I dei smale gatene var det nesten uframkommeleg - det var marked i byen...
Vi var likevel innom eit x antall fotoforetninger på jakt etter fotostativ, men beskjeden vi fekk var at de må de til Valencia for å få....:-(
...vell, så viktig var det dog ikkje.
Vi køyrde videre og parkerte bilen i El Pinatar, tok beina fatt og gjekk med spenning ut over på dei smale vegane.






Det var ein herleg dag, så berre følg med meg ut over...:-)










Etter kvart forstod vi at her var vegane bortimot endelause, så skulle vi få med oss meir av landskapet, måtte vi tilbake til bilen og ta ein etappe med den.



Den "gamle" delen av El Pinatar er godt bevart.



Så har vi komme eit godt stykke videre, parkerer og legg igjen ut på vandring.


Her er den spesielle måten å sette garn på...



Her ved desse båtane, brukte vi noen timer i lag med Stieg Larsson. Må ha litt påfyll av det slaget også...





Idyll i motlys :-)



Desse bilda er frå  rismarkene...





Her var langt mellom husa, og mange var i dårleg forfatning.



 Det var ubeskriveleg flott....og flatt :-) så timane rasa avgårde...



Etter kvart som dagen kom på hell, fekk himmelen og landskapet fargar av pastell...



...det var heilt fantastisk, stille varmt og herleg...



Vatnet fekk eit gyllent skjær...


...og månen hang rund og fin på himmelen...






Fargane skifta etter kvart som sola kom lenger ned...






Rismarker i solnedgang...





Eg lar dette vere det siste bilde for denne gang.
Uten fotostativ var det ikkje vits i å prøve seg på meir nattfotografering...
Men ennå har vi noen få dager igjen, og eg reiser ikkje heim uten å få med meg noen fleire bilder av garn i solnedgang...:-)

Ein heilt fantastisk dag- rett og slett...!!

Håpar litt av opplevelsen av naturen og stemningen i dette nydelege området heng igjen i bildene mine...:-))

Ha ein god dag!

11 kommentarer:

  1. Veldig flotte bilder. Kult og artig og sjå på!
    Helsing Even

    SvarSlett
  2. Er bare imponert, man blir litt moaløs, men det ligger jo sikkert flere år og masse trening bak, regner med at også du har bilder som ikke går gjennom nåløyet, men jeg får masse impulser til motiv, oppdage naturen , hvor mye fine motiver det er..... Kos deg videre

    SvarSlett
  3. vert inne på bloggen din Liv....fantastiske bilder...nydelig :):) klem Berit

    SvarSlett
  4. Kanon fine bilder!Du e så flink!! Flotte plassa de har besøkt,veldig kjekt å henge med på turen,her frå sofakroken ;))

    SvarSlett
  5. Heilt fantastiske bilder! Du er ein stor inspirasjon!

    SvarSlett
  6. Set stor pris på desse kjekke tilbakemedingane og eg er kjempeglad for følge på turane...:-))
    Her låg fotomotiva på rekke og rad, så det var berre og ta føre seg...:-)
    Det var så fint der, og gleden av å farte rundt håper eg gjenspeiler seg litt i bilda. På den tid vi er i Spania er temp. behageleg og akkurat passe og reise rundt i. Har nesten ikkje tid til å vere på stranda...:-)
    Odd - du skulle berre sett kor mange bilder som går i bosskorga hos meg...Kos deg med kamer,og ver fornøgd om du har 2-3 bilder fra kvar tur som du er fornøgd med - du kan heller ta mange turar..:-)
    Ha ein fin kveld.
    Ønsker for meg og doke andre som likar å fotografere at gråfargen snart må gå ut på dato...

    SvarSlett
  7. Enig med dei andre her, fantastisk flotte bilder!! fekk lyst til å bare pakke å reise :-)))

    SvarSlett
  8. Takk tilbake Janne :-))

    Det er kjekt å komme på nye stade og få nye i impulser, så du må berre glede deg til din tur.
    Vi har reist mykje i områda i Nord Italia, men det var i papirbilda si tid...:-)
    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett
  9. Utruleg flotte bilder! Det er som meditasjon for sinnet å sjå på! Mvh Bente

    SvarSlett
  10. Tusen takk for fin kommentar, Bente :-)

    SvarSlett