torsdag 8. mai 2014

Galicia er målet - del 1.









Galicia er målet

Del 1. 
 
Vi er igjen tilbake i Spania og Altea.
Har brukt dei første dagane til litt rydding, fjellturar og sosialt samvær med våre venner fra Måløy som tilbringer ferien i Villayousa.
 
Vi vil også denne gangen ha ein biltur for å besøke nye stader i Spania.
Spania er eit land som fasinerer meir og meir etterkvart som vi reiser rundt å finn nye vakre stader.
Galicia har lenge vore eit ønskemål. Det er langt og det blir mykje køyring, men då påska var over pakka vi bilen med litt klær, mykje fotoutstyr og litt skinke, brød og ost.
Dette er det viktigaste  pluss kart, GPS og litt opplysninger om områda vi er tenkt å reise gjennom.


Husk å klikk på bilda for å få dei større !

 
 
Vi valgte motorvegen mot Valencia som vi har køyrt så mange ganger før.
Denne strekninga går midt i gjenom Costa Blanca's appelsinhager og no var det midt i blomstringa på appelsintrea. Desse blomstrene duftar så himmelsk som den dyraste parafyme.
Dei som har kjent denne dufta veit kor herleg den er.  Den som ikkje har kjent den,  må oppleve
det...:-)
 
Vi starta fra Altea litt ut på ettermiddagen, det var nydelig vær og 22 gr.
Fint vær å køyre i.
Denne dagen blir ein rein transportetappe og eg må som før ta til takke med å knipse bilder under fart fra bilen :-)
Resultatet kan derfor ofte sjå noke "svevande" ut...:-)

Vi tok av ved Valencia og køyrer E 901 nordover mot Chiva.
Dette er eit vakkert landskap med åkrer, drue- og kornproduksjon.
Det er flatt med nydelige åsar som etterkvart går over i fjellandskap.
Jordsmonet her er rødt, og det står i sterk kontrast til åkrane som etterkvart begynner å bli knall grønne.




 
Druerankene er beskorne og så vidt begynt på ein ny vår
 





 
Eg elskar dette landskapet med dei nydelige pinjetrea ...
 

 
...og dei gamle murhusa som ligg så vakkert til på flatlandet - delvis til nedfalls.
 
 
Kjekt med eit skilt eller to.
Dette hjelper med å halde styr på billedstrømmen min når eg skal lage blogg :-)





Det blir mange like bilder her, men det er vanskeleg og velge vekk slike fine fargeklatter.
Dette blir som eit fotoalbum for oss som reiser, og som vi liker å dele med doke som finn glede av  "vere med" på turane våre.
 




 
Vi kjem inn i eit anna landskap...
 

 Med GPS og god skilting på motorvegen er det som regel ikkje noke problem å finne  fram.
Det er lite trafikk på dei Spanske motorvegar som har avgift, men aukar på  når vi nærmar oss dei store byar.
 

  
Det gjekk greit med runden rundt Madrid. Vi var ikkje tenkt å stoppe der, og kom heldigvis ut av motorringen der vi skulle...:-)
 


 Vi kom fram til San Lorenzo de El Escorial og det vakre klosteret



 
Her fann vi eit nydeleg gammalt hotell som låg i utkanten av byen og kort veg til klosteret.
Det låg i ein nydeleg hage med mange vakre trær.
Her ser vi den vakre memosaen.
 

Det var ein nydelig kveld, og etter at vi hadde instalert oss på rommet, kom vi oss fort ut og gjekk mot klosteret og byen.


 
  


Tullipaner og stedmor blomstrer, og trea var begynt å få grønne blad.
 


Byen ligg på 1055 moh med nydelig utsikt nedover dalen
 




 Fantastiske parkområder
 

 
 
 Sola er gått ned, og natta kjem sakte men sikkert sigande
 


 
Tårn og kveldshimmel
 

 
Hadde ein flott tur tilbake til hotellet
 

 
I hagen til hotell Botanico
 
 
Bilde av Monasteriet - Fantastisk byggverk
 

 
Og blomster i hagen ...
 

 
Så er vi på vegen igjen. Som alle kan sjå er dette ein fantastisk flott morgen.
Slottet ser vi snart berre i det fjerne, og vi har ein dag framfor oss med køyring i vakker natur.
Denne dagen har vi valgt mindre vegar som går gjennom små byar og beitemarker.
 




 
Her er vi på 1350 moh, og det er 15 gr  kl 8.30
 



Denne vesle byen heiter Las Novas og ligg på 1450 moh....
 

 
...har grøne enger !
 

 
Dalstrøka her i høglandet kan ha litt likheit med det norske landskapet...



...og kyrene har det godt ute i naturen.
 


  


  
Vi har ofte god plass på dei gode vegane, kan køyre kilometervis utan anna trafikk!
 


Landskapet endrar seg heile tida......
 



....og no er vi i det grøne fantastiske vårlandskapet .....
 

 
....med enger av blomster og gras.....
 

 
......og enorme landbruksområder !

 
Vi har ofte stopp i mindre byar, mykje fint å sjå der og !
 

 
Store vidder med.....
 
 
....nypløgde åkerar....
 
 
.......irrgrøne planter....
 
 
......og fantastisk fargerikt !!!
 
 
Eventyrlege landskap å oppleve!
 


 
Enda ein liten by der våren er i kjømda !
 
 
Også ein artig oppleving....
 
 
...her blir det tappa hardpiks frå furutrea....
 
 
...trur gjerne det tek ei tid før bøtta blir full...!!
 





Passerer no byen Tordesillas...

 
og kjem ut på dei store viddene igjen....
 
 
....denne gong med enorme.....
 
 
......drueplantasjar...
 


 
....og vidder med gras og.....
 
 
....gule planter som lyser mot oss....
 
 
....vi er usikker på om det er gul raps- eller sennepsmark....,
 
 
.....men likevel fantastisk natur !
 






 
Mat og drikke må vi ha, vi er enkle i matvegen.....!!
 

 
Og vegen går over uendelege vidder i høglandet nordover i landet.
 


 
Her må vi ta eit vegvalg !
 
 
....men ikkje på denne...
 
 
.... og denne er ikkje ferdig...!
 

 
....men vi fann vegen vidare..
 
 
.... og er no inne på pilegrimsvegen til Santiago de Compostella.
 


 
Santovenia del Esla.
 


 

Då er vi klar til å forlate den vesle landsbyen Santovenia del Esla


 
Vi er no i byen Murias de Rechivaldo.
 
  
 
 Ein utruleg spennande plass med mykje gammal historie.
 


....med fin beplantning...


....flotte steinmurar...



....fargerike dører...


...nedslitne dører...


....og storken i kyrkjetårnet !



Dette er ein stad med mange gode og unike fotomotiv !










Så let vi att grinda og dreg vidare.



Vi er no høgt oppe i høglandet i Spania.


Snøfonnene ligg her enno.
 
 
Det er vindstille, ingen strømproduksjon i dag..!
 


 
Her i høgda på 1499 m, såg vi djupe dalar....
 

 
...grøne åsar, og snørike fjelltoppar i det fjerne.
 


 
Å sjå dei store fjellviddene med lyng, var utruleg flott!
 


 
Her endra landskapet seg igjen, og vi .....
 

 
....svingar oss nedover dalane....
 

 
...i eit nydeleg vårver.
 


 
Og her kom vi til endepunktet denne dagen...
 

 
...ein liten by som heiter Rego de Ambros.
 

 
Fann ein koseleg overnattingsplass til 40 Euro, med personleg service !
 

 
Og kvelden blei eventyrleg....
 



 ...med ein nydelig solnedgang :-)


Takk for besøket på bloggen, og kom gjerne innom å bli med vidare :-)

Ha ein fin kveld !
 

7 kommentarer:

  1. Så flott tur. Våren er vakker i Spania. Mange flotte bilder av typisk spansk natur fra høylandet,med sletter og åser og små koselige landsbyer. Følger gjerne med videre.Takk så langet

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for hyggelig kommentar;Berit :-)
      Spania er eit flott land, og våren i Galicia var grønn og vakker :-)
      Velkommen ti å vere med videre :-)

      Slett
  2. Mange flotte bilder.Takk for turen,artig å sjå desse fine bildene dine:)

    SvarSlett
  3. Så kjekt med kommentar fra deg, Aud :-)
    Prøver å legge ut bilder som gjev eit vist inntrykk av det landskapet vi køyrer igjenom.
    Det var kjekt å sjå kor annleis naturen var i vest i forhold til Costa Blanca.
    Grønt, frodigt, skyer og sol - akkurat som heime :-)
    God helg til deg !!

    SvarSlett
  4. Imponerande og fascinerande, og så mange fine detaljar i bileta dine!

    SvarSlett
  5. Tusen takk for den fine tilbakemeldinga, Reidun :-)
    Så kjekt at du likte bilda og besøkte bloggen.
    Ha ein strålande fin maidag !!

    SvarSlett
  6. I am really enjoying the theme/design of your weblog. Do
    you ever run into any web browser compatibility problems?
    A handful of my blog readers have complained about my site not working correctly in Explorer but looks great in Chrome.

    Do you have any suggestions to help fix this problem?


    Here is my page: pirater un compte facebook ()

    SvarSlett