fredag 20. februar 2015

Costa Blanca i Januar / Februar 2015 Nr. 1












Spania januar og februar 2015
 
 
Vi kom til Altea den 15. januar og tida har gått fort for i dag har vi vert her 1 mnd.
Tanken var å korte ned på vinteren heime og håpe på sol og varme her nede.
Sola har vore trufast for det meste, men varmen har til tider vore lik slik vi har det ein mild vinterdag på Vestlandet i januar...
Her skulle eg også ha skreve at vi ikkje har hatt glatte vegar og sø,
 men jammen har vi hatt det også... 
 
 
 
Klikk på bilda for å få dei større ! 
 
 

Vel, det er alltid kjekt å komme ned igjen her til vakre Altea

 
 Dei første dagane var overskya for det meste, men det er fint å gå turer på stranda...
 


...og hyggelig selskap fra Måløy og vakre solnedganger sette farge på tilverelsen...



Vi hadde også ein fantastisk flott tur rundt Berniafjellet.
Denne dagen uten kamera, så det vart berre dette bilde fra fjella i det fjerne...
 
 

 
Så var det dagen då vi måtte fram med ulltrøya
 og vi for første gang såg snø her nede ved kysten
Var tenkt oss på fjelltur til Aitana fjella, men vi såg allerede fra Benimantell at det kunne by på utfordringar


Køyrde likevel opp til utgangspunktet for å sjekke. Der viste gradestokken eit par kuldegrader og med vår meir eller mindre sommerantrekk kunne vi berre drøyme om turen oppe på desse toppane i dag.
Dette er ein fantastisk tur med utsikt over turistmagneten Guadalest og alle fjellområda ikring.



Vi køyrde deretter til den gamle vesle byen Confrides og opp over i fjella. Der går det bilveg høgt og langt inn over i eit flott fjellområde.
 

Vel, det var fottur vi skulle på, og her var det tryggast å parkere då vi ikkje hadde bestilt bil med vinterdekk i Alicante...
 
 
Når vi gjekk fort og med varme fra sola, var det så vidt vi hodt oss varme.
Det var fantastisk flott og artig å oppleve snø i denne delen i Spania.
 

 

 

Utruleg å sjå mandeltrea med kvit snø istadenfor kvite blomster !
 
 

Vi hadde etterkvart begynt å vente på mandelblomstringa, men i dag var trea dekka med snø på greinene .
 
 
 
 

 
 
 

 
Fin dag, fin tur og kvelden vart tilbringa i vakre...
 


 
Villajoyosa
 


Eit gatenavn som burde vekke minner for nokon...:-)
 

 
 Artige og fargerike hus
 


Så er vi ein kveldstur til Calpe
 





Fjellturene er godt merka her i Spania og det er eit nydelig landskap og vandre i...


 

 

 
 
Mandeltre...

 
...og ennå er det kaldt, snøen ligg i fjella fortsatt.
 


 
Vi er på tur inn over i landet mot Alcoi
Det er eit nydelig landskap...
'


 
...og små byer dukka opp over alt


Ontinyent heiter denne byen
 

Det er spennende å gå i desse gamle byane...trange gater...
 


 
...og mykje rare ting dukkar opp
dette er nok ein plass der folk kunne komme og vaske klær - trur eg ...:-)
 



 
Vakre gamle hus


...bygningsruin ved elvebredd..sagbruk (?)
 


I dalstroka bak fjella og Alcoi er det store jordbruksareal som er godt utnytta.
 




Vinrankene står på geledd..! 
 


Fontanaras, ein vakker liten by
 


 Mandeltrea ventar på varmare ver.




 Tilbake i Altea, her ved elveosen i sentrum er det yrande fugleliv.
Sierra Bernia er majestetisk i bakgrunnen!
 
 
...og den slanke svana har vore her i mange år....!
 

 
Badestranda med rullesteinar er tom for badegjester på denne tid.
 

 
Så måtte vi ta turen på Penon de Ifac i Calpe  igjen.
 

 
Nydeleg fin dag...
 

 
....og utsikta frå toppen er alltid fantastisk!
 

....og kattaneog måsane  møter oss som vanleg, spør alltid etter mat...
 

 
Det er mange som tek turen opp hit
 


Fint på toppen!
 



 
....klar, ferdig, gå....
 


Så tek vi turen rundt Sierra Bernia for sikkert 50`gang !
 

 
Sierra Bernia er majestetisk, og turen rundt er flott oppleving....
alltid like fin tur !
 

  

 
...med fantastisk utsikt utover Costa Blanca.
 

 
Villajoyosa....
 



 ....viser seg i nydeleg kveldssol!
 
 
Så er vi biltur ilag med gode venner!
Første stopp Cullera som ligg 2-3mil frå Valencia.
 

 
Cullera er ein fin fiskerlandsby.
 

  
Aktiviteten blant fiskarane er store denne finversdagen....
 

 
....nye nøter skal klargjerast...
 


 
...og Signe, frå Bremanger, ser om det går rett for seg...
 


 
Alle typer fiskebåtar ligg langs kanalen.
 

 
Vidare langs kysten køyrer vi langs enorme risåkrar der bøndene er i sving med våronna.
 


 
Flotte åkrar og fine fotomotiv!


 
Albufera- innsjøen er alltid like fantastisk.
 


Her ligg båtar som tek turistar på rundtur på sjøen.



Etter å passert Valencia, dreg vi nordover og inn landet.
 

  
Åkrane er klargjort og ventar på våren.
 

 
....merkeleg med ein flyplass her på slettelandet.....
 

 
 
Så er vi komne til Albarracin, og fekk luxusrom på hotellet til minipris...!
 
Flott gjeng !

 
 
 Vandringa rund i denne eldgamle byen må berre opplevast!
 

 
....bilda talar for seg...!
 

 
Bjarne har også funne flotte fotomotiv!
 









 
Og ferda går vidare langs trange dalar, åsar og fjell,
 
her er vi på 1695 m.o.h der
  Liv, Bjarne og Signe måtte posere!
 



Orihuela del Tremedal
 

 
Så er vi på "slettelandet" med uendelege flate vidder...
 


...øde og goldt på denne tida...
 


 
...men du verden kor flott landskap å farte i...
 



 
Gode vegar som går milevis rett fram....
 


....til vi plutseleg kjem til ein roleg landsby... 


 
Tusener  mål jordbruksland er klargjort for såiing...!
 






 
Interessante jord-og fjellformasjonar....
 

 
....og landskapet som bølgjer seg som havet i dette høglandet !
 

.....berre fantastisk !



  


 Høgfjella har nysnø på toppane.









 
Landskapet endrar seg....
 

 
...det blir meir kupert med dalar og fargerike fjell...
 

 
Her ved Alfambra er det utrulege røde fjellformasjonar....
 
 
.....og med dei kvite fjelltoppane i bakgrunnen, er dette nydeleg skue !

 

 
Vi er no ved dagens endepunkt, byen Utrillas.
 

Dette er ein gammal kolgruveby der restar etter gruvedrifta var synleg i liane rundt.


Den gamle delen av byen er svært til nedfalls....,
 

 
... med det bor fortsatt folk i falleferdige ruinar !
 




 
I dei gode tidene var her sikkert liv og røre !
 

 
....men no er det stille...!
 


 
Det er likevel svært interessant å gå rundt på slike stader for å sjå....
 


....og oppleve denne historia av Spania.



 
......spennande motiv dette....
 

 
.....Signe og Bjarne !
 








Vi drog så vidare.....

 
....og tok ein avstikkar til ein "by" som heiter Jorcas som....

 
 ....virkar fullstendig fråflytta...., men fin oppleving !
 


 

 
....gamle bygg og ruinar blir det mange av på ei reise langs vegane vi reiser etter.
 


 
....plutseleg såg vi eit utruleg landskap.. det var "hyttebyen" vi passerte! her er det ski- og slalombakkar i omegn !
 


I innlandet her i Aragon disse dagane var det ikkje sommartemperaturar no, men likevel kjekt å oppleve landskapet og byar på vinterstid!

 
Og  så er vi på kysten igjen og blei overaska med 24 plussgrader då vi kom til Denia !!!
 




 
Her åt vi god lunsj og gjekk turar langs promenadar og moloar.
 


TAKKAR FOR HYGGELEG TUR I LAG MED DOKE !
Arne, Solveig, Signe, Bjarne, Bjørg og Atle og

 
... meg sjølv...:-) 
 
Dette er siste kvelden av nesten 6 veker her i Altea,
og  ennå ligg det ein god del billder på pc'en frå opphaldet.
Blir gjerne eit kapittel til fra Altea og områda her...
 
 
Tusen takk til doke som tittar innom.
 
 
Ha ein fin kveld og
God Helg :-)
 
 

6 kommentarer:

  1. Du verden så mange flotte bilder! Takk for at jeg "fikk være med" rundt omkring.

    Jeg bor i Albir hele vinteren og reiser litt rundt med buss/tog. Her er jo mange muligheter med kollektiv transport. Når det blir litt varmere skal jeg ta toget til Denia.

    SvarSlett
  2. Har vært igjennom bloggen din Liv,og her var det som vanlig mange kjempe flotte bilder

    Takk for turen:).

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for besøk Aud . Du er alltid like velkommen og alltid like kjekt å få tilbakemelding frå :-)
      Ha ein fin kveld :-)

      Slett
  3. For en flott tur denne gangen, eller rettere sagt så mange flotte turer. Du er helt rå på å ta flotte bilder. Takk for at du deler. Må nok se på dem en gang til , de var så mange og så flotte.Klem. Berit

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Berit :-)
      Alltid like kjekt med kommentar fra deg :-)
      Har sett at du skal ut på reise og ønsker deg ein fin og opplevelsesrik Tur !
      Ha ein fin kveld :-)

      Slett
  4. Kjekt at du titta inn om bloggen min Randi og la igjen ei hyggelig melding.
    For oss er det vår og høst som er den mest aktuelle tida i Altea.
    Det var fint i januar også, men litt kaldt.
    Brukar tida der nede til å reise rundt og oppleve nye stadar. Spania er eit vakkert land som stadigt byr på nye og spennende naturopplevelser.
    Ha ein fin kveld i Albir :-)

    SvarSlett