lørdag 26. februar 2011





På tur til Bulandet.





No er snart vinterferieveka over for barnebarna.
Første delen av veka var det eit flott vær. Seinare vart det ein uutholdeleg austavind som bles gjenom marg og bein.
Ein slik vindfull dag tok vi to kreative herremenn med oss til Bulandet. Dei var komne godt i gang med vedhogsten i Størdal, så det var under tvil om dei hadde tid og råd til å vere med. Dei hadde forhandla seg fram til ein bra pris pr. tre, så dette avbrekke ville skape dårleg balanse i rekneskapet :)


Vedhogst....

Tur vart det, og vi tok ferja frå Askvoll med spenning og forventning om ein fin dag......


Askvoll i kald austavind.

Brurastakken og øyane utanfor 

Frå kaiområdet på Værlandet


Vårt reisefølge har venner og venniner som god kunne vere i Værlandet på vinterferie. Derfor var det viktigt med ein runde både her og der for å sjå etter kjende, men det vart dårleg resultat. Ennå til den populære stampen på kaia med fisk var tom. Vi har alle vore her før, så vi veit ka som er hverdt å sjå etter....

Turen går no vidare mot Bulandet og bruene.
Med litt meir forklaring av navn og div. kom vi på at det ikkje var så dumt med ei runde ned til Melværet også. Bestemødre og bestefarar bur det over alt.....:)
Men nei, det var ikkje nokon kjende der heller som var ute i den kalde vinde.
Derimot sat det 15 starar på ein linjestreng, og dette var så oppløftande og vårleg at det varmar oss heilt inn til sjela :)



15 sikre vårtegn

Frå kaia på Melværet


Vi var no klar til å forsette vidare. Då var det berre å snøre igjen både jakker og luer. Turen opp på Gjørøykletten gjekk som ein leik i kald vind og blest.... Det var spennande både å sjå og å høyre historie. Litt bilder fekk vi ta også....

Utsikt mot Alden og klettane på Værlandet.

Tunet til Liv Turi med  den flotte Floren. 

Bruer

Utsikt frå Gjørøykletten

Sandøya lengst ute


Det var godt å komme inn i bilen igjen å varme seg litt, før vi tar sikte på neste topp. Det bilr Halsøyhaugen...


Det er mange fine plasser i Bulandet

Gammalt hus, men du så spennende....

Kva er dette tru?

Bilde er tatt frå Halsøyhaugen


Så blir det ein tur på Hillersøya og helse på Berte og Hansine. Dette er ei historie som gjer inntrykk på gutane, og den blir ekstra levande når dei får lese og høyre om det der det skjedde.



Dette er spennande å lese om!!

Frå Hillersøy

Til ære for fotograffen



Det er flott der ute ved storhavet



Ein tur ned på kaia og sjå på dei store fiskebåtane måtte vi og få tid til. På butikken var det varmt og godt og vaffelrøra stod klar. Her kosa vi oss med kaffi, is og vafler. Fekk også eit kjekt gjensynsmøte med Kari Helen som var begynt som dagleg leder på butikken. Med ei slik hyggeleg og blid dame, må det bli stor omsettning....ønsker deg lykke til Kari Helen!!


Frå kaia

Vaffelsteikjar

Frå Gjørøy,...vi er på heimveg.

Utsikt frå bru


Vi må no begynne å tenkje på ferjeturen tilbake, men eit lite fotostopp på Værlandet vart det tid til.


Ein fin ettermiddag

Drikkevannskjelda til Værlandet var flott denne kvelden...

Her er det nok ikkje lov å gå på isen. så fort på land....

Nydeleg!


Vi har hatt ein flott tur i sol og vind og no gjenstår berre turen inn igjen med ferja. Vel tilbake i Størdal vart det ennå nokre bjørker som datt i bakken før mørke kom :))



onsdag 23. februar 2011

Kulturell bråtebrenning i Staveveset


Kulturell bråtebrenning i Staveneset.



Onsdag 23. feb. var kulturavd. i Sogn og Fjordane ilag med landbruksavd i Askvoll på bråtebrenning i Staveneset.
Det gjekk heldigvis bra....













Krona på verket.

tirsdag 22. februar 2011

Litt rundt - omkring...

Søndag 20. feb. kom med eit nydeleg vær -  sol, stille og kaldt. Våre barnebarn som har vinterferie kom også ....

Det er stor stas og vere i Størdal og ein del obligatoriske ting må gjenomførast kvar gang.
Det første og viktigaste er fisking,.... slik var det denne gangen også.
Med nye havfiskestenger til jul, med rett snøre med proffe knutar på ( laga av Steinar på Sporten ) hasta de no og prøve dette ut. Karane hadde nok tenkt seg til havs, -  ialfall ut om Staveneset, -  men det vart ein fjordatur denne gangen.
Det vart bra resultat, to torskar og ei lange + litt små lyrar.....Det vart tako til kvelds :))


Det var ein flott dag, men det er ennå litt  kaldt å vere på sjøen og fiske.



Mandag vart ein like flott dag. Først ein båttur, og så ein tur ut i skog og mark. Denne gangen vart det til Grimelia og Vågen....



Det er ein fin tur og gå mot Liavika
.
....og så var det så mange flotte isar og leike på :)

Det var nesten som ein spegel





Blått hav

...her var det kjekt å springe

Skarv på skjæret

Her var det fint å kvile :)

Kakaopause

På tilbaketur

Dette må eg ha tak på......

Sjå ka eg fant!

Isknusing!

Jammen var isen tjukk!

Vi er klar for å gå gjennom grinda igjen og køyre heim....

Iskunst, med farge frå havet. Vi skulle så gjerne hatt den med heim :)


Sola går ned etter ein fin dag.....