Aprilvær.
Onsdag, 6 april
Etter 3 veker i Spania og med strålande sommervær dei siste dagane før heimreise, var eg heilt klar for ein fin og mild vår når vi kom heim. Slik vart det ikkje. Det regna og bles ei heil veke til ende og det var kaldt. Det var slett ikkje vær til å ta med cammeraet på tur, men trangen etter Staveneset var stor, så mellom to byger vart det ein tur. Sola var der ein liten snartur også.....
Torsdag, 7. april
Denne dagen såg ut for å bli ein fin dag, men det var tidleg på morgonen. At eg likar og fange øyeblikket, er ingen hemmelegheit, så eg var ein liten snartur utover på morgonkvisten. :) I Åreskogen ( trur det er rett navn) var det så fin morgonsol, at eg rett og slett måtte stoppe. Sola var der akkurat så lenge at eg fekk tatt bilde:)Eg hadde sett meg ut eit motiv lenger ute og parkerte bilen, og akkurat idet eg gjekk ut, såg eg den første kusymra dette året. Ho var gul og fin og var ein god påminning om at det var vår. Eg fekk ta eit bilde av den... ....og så var batteriet tomt :( Dette var noke eg hadde bestemt meg for at aldri skulle skje.!!...så det vart med dette bilde :)
Fredag, 8. april.
Dette var også ein dag med regn. Litt meir byer,- det gjekk faktisk an å tørke klær på klesnora. På ettermiddagen var det tunge mørkeblå skyer med ein og anna solgløtt inn i mellom. Den finaste motivet denne dagen fann eg på Helle. (var på handletur) :)
Lørdag, 9. april
Det var fint, stille og litt disigt, og fjorden var akkurat så fin som den skal vere :) Eg hadde min første dag i hagen. Vinteren har vore snill med plantene. Litt vårlyng har tørka ut, men elles ser det bra ut.
Søndag, 10. april.
Endeleg steig gradene, 15. + og sol. Hagestolane kom ut, vi hadde koseleg besøk og drakk kaffi i hagen :) Fineværet varde heilt til kvelden. Då var det sterk vind, og stolane fekk komme inn igjen. Eg var ein liten runde med cammeraet på kvelden. Alltid kjekt å komme tilbake til ein stad....:)
No kl. 24.00 13 grader + :-))
Mandag,11. april
11 grader på morgonen, oppholdsvær og vind. Tunge grå skyer over Toreheia og likeins ute i havet. Regn blir det nok før dagen er over.
Tirsdag.12.april
Ein fin og lettskya dag. Lenge sidan eg har vore ut over til Stavang og områda der ute, så i dag vart det ein tur. Vegen fra Naustdal er forsatt stengdt det meste av dagen, så derfor vart det først utover til Eikefjorden og videre ( med avstikkarar ) mot Stavang og Stavøya.
Fekk også henta campingbilen fra vinterlagring. Nydeleg, stille vårdag...
Frå Barlindboten
Gamle hus på Stavøya
Vognene er tatt ut frå vinterlagring, - klar til å hentast.
Onsdag, 13. april
Igjen ein fin vårdag. Litt kaldt på morgonen. På turen til Stongfjorden møtte eg regnbygene, men i Flokeneset var det igjen sol og klarvær.
Flott info. møte i Stongfjorden om helleristninger og gravrøyser i Staveneset.
Fredag15. april
Ein dag med overskya og kjøligt vær. Hadde ein tur bort om Grimelia og gjekk ein fin tur i markene der ute.
Søndag, 17. april
Denne dagen var det regn og atter regn. Det var så deprimerende at bildene vart der etter. No har eg høyrt rykter om at desse bygningane syng på siste verset, og når forfallet er så utprega som her, vil eg tru at alle må vere glade for å få dette bort.
I Grimelia og alle andre stader, vaks elvane seg opp og vart svært store. Der ute skapte dette stor spenning...:))
Dette var ein dag med berre regn og skodde!!
Mandag, 18.april
Det var yr og skodde på førmiddagen, men det vart ein nydeleg kveld. Den første etter mange dagar med regn og gråvær. Min tur vart til Staveneset :)
Til påske har vi gang på gang fått høyrt at det skulle bli finvær. Det er mildt og stille, så om det letter opp no skulle det bli bra. Hos oss er det full aktivitet. Lavoen som var tatt ned tidlegare i vinter, er no sett opp igjen. Mellom kvar runde på sjøen for å sjekke teiner og snikar, er den tilholdstad for nye eventyr :))
Ha ei forsatt god påskehelg !!