søndag 10. april 2011

Nr.5 Litt rundt-omkring på Costa Blanca.


Litt rundt-omkring på Costa Blanca


Det var ein flott morgon  i Mil Palmeras. Stranda er lang, har fin kvit sand og små lune vikar. Denne morgonen var den mest brukt til turgåing, men det varde nok ikkje lenge før solstolane var på plass.


Morgontur



Fin båthavn og mange fine båtar

Mimosaen blomstrar over alt på denne tid.

Vi reiser tilbake til San Pedro del Pinatar og har ein flott tur langs stranda mot La Manga og den store saltsjøen Mar Minor på den andre sida. Denne reknast for den største saltvanns - innsjøen i Europa


Saltutvinning

Det var ein fin tur langs strand. Det knall blå havet, sanden og vegitasjonen mellom sanddynene var fantastisk !











Etter ein dag med så mykje sand og strand, passer det godt med ein fjelltur igjen. Det blir det ein tur på Calpe klippen eller Penon de Ifach denne gangen. Klippen er 332 meter høg. For å komme opp, må vi her også gå gjenom ein naturleg tunnel i fjellet. Ein del av turen er bratt og  steinete, men det går heilt fint :) Høgdeskrekk bør du gjerne ikkje ha når du når toppen :)
 På denne tid er det eit "hav" av ville blomste, -  fantastisk flott er det! Elles er det fullt av måser som hekker her oppe. Dei er slett ikkje redde turgåarane som går forbi reira deira, det er av og til slik at du nesten må løfte dei ut or vegen for å komme forbi....












Nydeleg utsikt

Også 3-4 katter held til  her oppe....


Blomster fra Calpe






Sommerfugl-bilda er tatt på lang avstand, så det vart ikkje den beste kvaliteten...


Så er vi nede i byen igjen og sola er på hell.



Ein liten strandtur vart det også...
Kveldstemning i Calpe
Med dette bilde ønsker eg alle som besøker bloggen min ein fin kveld  :))

1 kommentar: