mandag 31. januar 2011

Lofottur, del 8 - 2010.

Med Campingbil til Lofoten!


Nr. 8. Til  Henningsvær, Storvågen og Kabelvåg....


Henningsvær - "Lofotens Venezia"

Etter ein fin tur på Eggum er vi igjen i bilen, denne gang på veg til Henningsvær. Det er lettskya og naturen rundt er storslagen og flott her også. Litt småstopp vart det og eit par bilder fra turen....










Vi kom til Henningsvær ca. kl. 18.00.
Her var det stor parkeringsplass med mykje folk og bilar. Tydeleg att dette er ein populær plass for turister...Nydeleg vær og eit yrende folkeliv, her var det berre å låse bilane og komme seg ut på byvandring.

Henningsvær er bygd opp på små øyer med bruer innbyrdes og til fastlandet. Eit anleis Venezia :) men så sjarmerende og koselig.
Vi inspiserte puber og hadde middag på eit av byens mest anbefalte spisested. Kan hende var prisen høgare en kvaliteten på boknafisken, men putt, putt, vi hadde det kjempekjekt og  mette vart vi.....
Elles brukte vi kvelden til berre å gå rundt å samle opp inntrykk og å nyte atmosfæren. Det er herleg å vere turist  i Lofoten....

















Elles så blir ein jo sliten etterkvart etter slike dagar og kveldar :)  ikkje alt er det alle som bryr seg om å sjå heller...Stor applaus vart det for at nokon endeleg har skjønt det og gjort noke med det....



Mannfolkparkering!!!!


Men seglbåtar det har alle interesse av.....
Rannveig og Olav er erfarne seglarar, og dei fortel og forklarar tolmodig  til oss som berre har feriert for det meste på landjorda. Men no har endeleg desse to kjøpt seg campingbil (etter nøye vurdering i x- antall år) Så da er det berre for oss også å vise interesse for framkomstmiddel i det våte element. Må jo berre tilstå at eg er sjuk av misunnelse kvar gong Arild fær ut fjorden :)....








Det vart ein fin kveld, og dersom vi er heldige får vi med oss midnattsola også!

Det ser lovande ut :)


I mellomtida er vi tilbake i bilen og legg litt planer for dagane framover.
 No hadde vi jo lenge visst at Ray fra Stongfjorden var på veg opp over i seglbåt. Arild har formidla kontakt både på faceboog og over tlf. Ray var no i Moskenes og etter planen  ville han annkomme  Svolvær ut på ettermiddagen i morgon. Derfor planlegg også vi og tilbringe morgonkvelden i Svolvær...
Men først er det ut å fange midnattsola....:)))


Sola's gang mot natt!







Natt!!



Snart søv alle :)


Søndag 4.juli var ein dag med overskya vær og med litt regn i lufta og 13 + grader.

Vi reiser frå Henningsvær med eit ønske om å komme igjen ein gang....
Vårt første lange stopp no blir Storvågen, like ved Kabelvåg. Her er mange avLlofotens store atraksjoner. Først hadde vi eit besøk i Galleri Kaare  Espolin Johnsen. Der var ei  fantastisk samling av hans særprega nordnorske billedkunst.
Var og på Lofotakvariet med havets vekstar, fisk og sel.
Vidare vandra vi mellom husa på Lofotmuseet. Det var kjekt å sjå denne gamle velhaldne væreigargården med naust og uthus rundt. Det var velstelt og hadde beheldt sine særeigenheiter fra svunndne tider.



Alle bilda her er fra museet













 


Inne i det grå huset!


Eit lite besøk i Kabelvåg vart det også. Vi gjekk rundt på kaiane og såg på seglbåtar og andre båtar - mykje fint å sjå :)
Det som vi likevel huska best igjen frå Kabelvåg, var nokre kjempegode "heimelaga" fiskekaker.....


Frå Kabelvåg :)


Kabelvåg kyrkje  ligg også her. Det er Nord-Norges største trebygning og landets største trekyrkje med 1200 sitteplasser. Lofotkatedralen kallast den.






Lofotkatedralen - oppført i 1898.

søndag 30. januar 2011

Med campingbil til Lofoten!


Nr 7. På veg til Eggum.....


På veg til Eggum i eit nydeleg vær.


Etter ein lang frukost bestemmer vi oss for å reise fra Flakstad. Det har vore ein fin plass å komme tilbake til på kveldane og vi anbefaler den vidare... 
Vi hadde ein siste tur rundt på strendene og enda opp ved den flotte og sjarmerende kirka.



Dei fleste er reist vidare....

Flakstad kyrkje - tømra korskyrkje bygd i 1780


Våre venner vil bruke dagen her ute i Lofoten og vi reiser videre, først mot Ballstad.
Planen er å møtast på Eggum til kvelden.
 Den 2.juli starta vi opp igjen i 9 + og overskya. Av ein eller anna grunn vart det ikkje tatt bilder fra Balstad. Det var ein fin plass dette også.... fiskevær, og med eit grønt og frodigt landbruksområde rundt om.
På vegen inn igjen stoppa vi i Gravdal og hadde eit besøk ved kyrkja her også. Det er flotte byggverk, desse kyrkjene, og på  gravplassane er det mykje historie å lese på dei gamle gravene. 



Buskenes kyrkje - dragehodestil og bygd i 1905


Vidare går turen inn om Stamsund. Det blir etter kvart ein draumedag kva været angår. Nesten klår himmel, blikkstille hav og god temp. Rognen blomstrar med kvite blomster, og alle marker er dekt av kvite hundekjeks og gule løvetann og soleier. Bratte grønkledde fjell og blått hav, det var heilt ubeskriveleg flott...



På veg mot Stamsund

Stamsund, tettstad og fiskevær i Vestvågøy kommune



Desse bilda er tatt på veg frå Stamsund og til Eggum.





















Eggum


Eggum er ein liten plass som ligg vakkert til ute ved havet. Her er også ein fin plass å sjå midnattsola frå.
Ved vegs ende er det bygd opp ein flott rasteplass, Servicebygget er tegna av Snøhetta, det er orginalt, bygd i stein og passer godt inn i naturen.
Då vi kom ut der var det nesten heilt oppfylt med bilar som skulle vere der til natta, men det var plass til oss også. Sjølv om det var mykje folk på rasteplassen, var det god plass i terenget. Vi hadde ein fin kvelds/natt tur inn igjen til Eggum Midnattsol vart det ikkje denne kvelden, men det var fint fordi om... godt vi klarar oss med lite søvn i desse lyse sommarnettene...:)


Flott og orginalt servicebygg

Ut mot havet....



Frå stranda på Eggum,


Det ser ut for at 3.juli også skal bli ein fin dag :)
Den sveitseske kunstnaren Marc Raetz har valgt denne plassen her ute for plassering av sin skulptur Hode til prosjektet Skulpturlandskap Nordland. Dette vil vi ha med oss før vi reiser vidare. 
Skulpturen forandrer  form og dermed innhold seksten ganger dersom vi vandrer rundt den. Frå eit synspunkt ser det ut som eit klassisk portrett, frå ein anna vinkel er det som eit hode som er snudd opp ned.


 Frå rasteplassen her var det ein flott tur ut til skulpturen.


"Hode"







Vi kom tilslutt til eit postkasse med turbok og der såg det ut som det var umogeleg  å komme lenger langs havet. Vi skreiv navna våre i boka og gjekk tilbake......


Vi har vore her!

Frå havet.....

Frå stein til stein.